Kommentar: Eit nytt steg

Den 4. mars samlast både statar og organisasjonar i Oslo for å få nye perspektiv i diskusjonen om en verden utan atomvåpen.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Kjartan Almenning, leiar i Én VerdenDette er et bidrag til «Engasjert ytring»-spalten i ukemagasinet Ny Tid, på trykk 22.02.2013. I spalten kommer ulike idealistiske organisasjoner er til orde. De som deltar er: ATTAC Norge, Natur og Ungdom, Agenda X, Skeiv Ungdom, Changemaker, Én verden, Framtiden i våre hender, Bellona, Fellesrådet for Afrika, Naturvernforbundet, Leger Uten Grenser og NOAH – for dyrs rettigheter.


Delta i debatten på ukemagasinets Ny Tid debattsider – send din reaksjon på denne teksten til debatt@nytid.no. Helst før kl. 14 tirsdager for å komme på trykk i samme ukes utgave, fredag.

Atomkraft. Det er ikkje mangel på semje om at verda ein gong bør og skal bli fri for atomvåpen. Men det er mangel på semje om korleis.

«Vi ønsker et reelt totalforbud og arbeider aktivt både for å skape et politisk grunnlag og praktiske muligheter for å komme dit,» skreiv utanriksminister Jonas Gahr Støre i oktober 2011, i eit svar til stortingsrepresentant Peter S. Gitmark (H).

Den norske regjeringa er takknemleg tydeleg i sitt syn: Kjernevåpen høyrer ikkje heime i det globale samfunnet, og internasjonale forhandlingar om dette spørsmålet bør ende opp i eit forbod. Men vegen dit er kjelkete og mange av Noregs næraste allierte deler ikkje synet på at eit forbod er ønskjeleg.

Treaty on the Non-Proliferation of Nuclear Weapons (NPT) – ikkjespreiingsavtalen – har vore det viktigaste verkemiddelet for arbeidet med å redusere og på sikt fjerne atomvåpen. Alle land i verda er i praksis tilslutta avtalen, med unntak av Israel, India, Pakistan og Nord-Korea – og det nyetablerte Sør-Sudan.

Konferanse i mars

Kvart femte år vert det arrangert ein tilsynskonferanse for blant anna å diskutere behov for endringar og vidareutvikling. I 2005 vart avtalen sett under sterkt press på grunn av usemje mellom det Bush-styrte USA og dei fleste andre land, medan konferansen i 2010 vart rekna som ein stor suksess.

Mellom anna vart statane samde om eit sluttdokument som viste til ønskje om forhandlingar om ein ny kjernevåpenkonvensjon. Noreg har ein god historikk i slike forhandlingsprosessar, som pådrivar for forbod mot både klasevåpen i 2008 og landminer i 1997.

Den neste tilsynskonferansen er i 2015, og førebuingane er sjølvsagt i full gang. Det er i lys av dette at Utanriksdepartementet 4.- 5. mars arrangerer ein internasjonal konferanse om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen.

Det høyrest kanskje uspennande ut, men det er første gongen at statar møtest for å diskutere atomvåpen i eit slikt perspektiv. Det er ei viktig nyvinning og eit uvurderleg høve til å vri debatten bort frå avskrekking og nasjonalt tryggleiksfokus, til det den bør handle om:

At ein kvar bruk av atomvåpen vil føre til enorme sivile lidingar. Det finnest i realiteten ingen gode grunnar til at dette skal kunne vere lov.

Frå norm til sedvane

Eit forbod, uavhengig av om alle land inkludert atomvåpenmaktene vert med frå starten, vil skape ein internasjonal norm der produksjon og oppbevaring av atomvåpen vert uakseptabelt. Mange sentrale delar av internasjonal folkerett er døme på at der nokre land går framfor og set premissa, vil det internasjonale samfunnet allment respektere utfallet.

USA har ikkje sjølv signert Romastatuttane om Den internasjonale straffedomstolen (ICC), men brukar Tryggingsrådet i FN aktivt for å sende saker til handsaming i domstolen. Forboda mot klasevåpen og landminer er andre døme på avtaler som har blitt normer. Og normer kan bli folkerettsleg sedvane, som er juridisk bindande for alle statar.

Ein slik sedvane er at brotsverk mot menneskeheten (crimes against humanity), som utbreidde og systematiske åtak mot ei sivilbefolkning som resulterer i drap, er straffbart. Med andre ord er bruk av atomvåpen for alle praktiske formål allereie forbode: Dei som brukar atomvåpen i eit åtak kan dømmast i ICC, anten dei er statsleiarar, terroristar eller på oppdrag frå andre.

Eit forbod mot produksjon og lagring vil i tillegg gjere våpna vanskelegare tilgjengeleg, dyrare i produksjon, og enklare for ei nedrustningsorientert regjering i ei atommakt å kvitte seg med. Det er på tide å ta eit nytt steg. ■

(Dette er et utdrag fra Ny Tids ukemagasin 22.02.2013. Les hele ved å kjøpe Ny Tid i avisforhandlere over hele landet, eller ved å abonnere på Ny Tid –klikk her. Abonnenter får tidligere utgaver tilsendt gratis som PDF.)

---
DEL