Ja til lokalt folkestyre

Det lokale sjølvstyret lever under stadig trangare kår. Denne utviklinga kan snuast – men då må vi bli verande utanfor EU og EUs pengeunion. Og vi må velje politikarar i Noreg som ikkje blindt fylgjer direktiv frå Brussel.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Den nyleg framlagde Makt- og demokratiutgreiinga er eit varsku. Folkestyret – både nasjonalt og lokalt er i ferd med å forvitre. Ei viktig årsak til dette er EU som legg stramme band på norske styresmakter sitt høve til lovgjeving og mogelegheit til å utforme ein politikk til beste for befolkninga.

EU trugar det lokale sjølvstyret

Gjennom EØS-avtalen har vi fått ein forsmak på korleis EU-systemet fungerer, der råderett over naturressursar vert truga, og der vi sjølv ikkje får bestemme over viktige delar av vår eigen velferds- og distriktspolitikk. Lokale folkevalde sin mogelegheit til å prioritere lokale verksemder ved anbodsrundar vert kraftig redusert. Enkeltpersonar og privat og offentleg verksemd vert råka.

EU sitt angrep på den differensierte arbeidsgjevargifta vil både direkte og indirekte få vidtrekkande konsekvensar for kommunar i alle delar av landet. Noreg har gjennom EØS vorte pressa til å avvikle store delar av denne ordninga. Men medlemskap i EU ville ikkje gjort situasjonen noko betre. Sverige har allereie for fleire år sidan fått nei frå EU-kommisjonen til ei tilsvarande ordning som den norske.

Medlemskap i EU er ikkje svaret på problema som EØS skaper. Medlemskap ville betydd ytterlegare sentralisering av makt til EU-eliten. Utanfor EU kan vi ha full sysselsetting som hovudmål for den økonomiske politikken. Vi kan i all hovudsak styre vår eigen landbruks- og fiskeripolitikk og delta i internasjonale forhandlingar (i til dømes WTO) med våre eigne standpunkt – ikkje EU sine.

ØMU – å gi frå seg makta

Ifølge sluttrapporten frå Makt- og demokratiutgreiinga er stramme budsjett ein stor trussel mot lokaldemokratiet. Korleis ville det ha gått med dette dersom vi hadde vorte med i EU? Noreg hadde vorte tvinga til å ha ei felles rente med resten av landa i eurosona – i dagens situasjon ville det antakeleg medført behov for eit tosifra antal milliardar i innstramming på statsbudsjettet. Presset ville vore massivt i retning av å redusere offentlege velferdstilbod, faglege rettar og reformere pensjonssystemet. Denne utviklinga ser vi tvinge seg fram når sentrale EU-land no prøver å tilpasse seg den økonomiske tvangstrøya som medlemskap i pengeunionen inneber.

EU-politikarane har gitt frå seg styringa til sentralbanken, og sit makteslause tilbake medan arbeidsløysa aukar. Framlegget til EU-grunnlov endrar ikkje dette: «Den europeiske sentralbanken er uavhengig i utøvelsen av sin myndighet, og den er finansielt uavhengig. Unionens institusjoner og organer samt medlemslandenes regjeringer forplikter seg til å respektere dette prinsipp.» (artikkel I-29) Politikarane sin innflytelse begrensar seg til å bestemme kven som skal vere sentralbanksjef.

Påtroppande sentralbanksjef Jean-Claude Trichet advarer på det sterkaste mot kravet frå sentrale EU-land om å mjuke opp stabilitetspakta sine krav til budsjettdisiplin. «Dette vil vere farleg for truverdet i heile den økonomiske og monetære union», seier Trichet til den danske avisa Berlingske Tidende 4. september i år. Frankrike og Tyskland ynskjer å mjuke opp stabilitetspakta, men sørger samtidig for å innsette ein sentralbanksjef i EU som vil kjempe mot dette med nebb og klør.

Sentralbanken skal framleis ha omsynet til prisstabilitet som si leiestjerne: «Hovudmålet for det europeiske system av sentralbanker (ESSB) er å fastholde prisstabilitet. Uten at dette berører målet om prisstabilitet, støtter systemet de generelle økonomiske politikker i Unionen med henblikk på å bidra til gjennomføringen av Unionens mål.» Dei fine formuleringane om sysselsetting og velferd i utkastet til EU-grunnlov gjeld med andre ord berre så lenge dei ikkje kjem i konflikt med inflasjonsmålet.

Den britiske regjeringa gjev uttrykk for at landets økonomi ikkje er klar for deltaking i pengeunionen. Danskane har allereie avvist euro i ei folkerøysting – det samme ser ut til å skje i Sverige. Det valet har ikkje Norge. Hadde Noreg søkt medlemskap i dag måtte vi akseptert det våre naboar seier nei til. Vi hadde vorte annleislandet i vårt nærområdet – einaste landet utan eigen valuta. Vi hadde blitt påført ei økonomisk tvangstrøye som fråtek oss verkemiddel i kampen mot arbeidsløysa.

EU-grunnlova fører til meir sentralstyring

Nokon har håpa at austutvidinga skulle føre til større aksept for kvart einskilt EU-land til å utforme ein politikk som er tilpassa nasjonale tilhøve. Forslaget til EU-grunnlov som vart lagt fram i juni innebær det motsette. Områda der EU-lovene er overordna medlemslanda sine lover vert fleire enn før. Vetoretten vert fjerna på ytterlegare 20 område, mellom anna asyl- og innvandringspolitikk. Det vert etablert nye posisjonar som EU-president og EU-utanriksminister.

Eg vil utfordre dei som er opptekne av at EU med grunnlova skulle verte meir demokratisk, om å nemne éit område der EU trekker seg tilbake, fjerner direktiv og let folkevalde nasjonalt og lokalt ta tilbake styring.

Ein annan veg er mogeleg

Noreg er utvilsomt tilpassa EU i betydeleg grad på mange område. Men svaret på dette er ikkje å gå inn i EU og gjere tilpassinga total. Det er ein betre idé å byte ut det fleirtalet som sørger for ei slik omfattande og einsidig tilpassing til EU enn å sende dei same politikarane til Brussel for å ivareta Noreg sine interesser. Er det nokon som trur at Thorbjørn Jagland eller Jan Petersen ville vorte meir kritisk til EU-direktiva om dei hadde sittet rundt bordet i Brussel?

EU-medlemskapet er ikkje løysinga på dei problemane EØS-medfører. EØS gjev oss større rom til å føre nasjonal politikk – det avgjerande er å ha handlekraftige politikarar på Stortinget som er villeg til å bruke dette rommet. Samstundes viser NUPI-rapporten at eit nei til EU ikkje treng vere eit ja til EØS. Nei til EU har i lengre tid vist til Sveits sine avtalar med EU som eit døme på at det er mogeleg å finne andre tilknytningsformer til EU enn medlemskap og EØS. Det er i retning slike avtalar ein må sjå dersom ein ynskjer større handlefridom for norske politikarar enn det EØS gjev.

Utanfor EU har vi eit val – vi kan velje politikarar som tilpassar Noreg blindt til EU – eller vi kan velje politikarar som i større grad er villeg til å stå opp i mot presset frå EU og ta vare på lokal og nasjonalt handlefridom. Bruk stemmeretten og stem på politikarar som vil bidra til det siste.

---
DEL

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here