Islam og konflikt

I dei seinare åra har det blitt færre borgarkrigar i verda, men i aukande grad finn dei stad i muslimske land. Frå tidleg på 2000-talet har vi og sett ein kraftig vekst i talet på aktive islamistiske opprørsgrupper. I vestlige media er det mykje fokus på terrorisme og trugslar frå den muslimske verda. Er muslimske […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

I dei seinare åra har det blitt færre borgarkrigar i verda, men i aukande grad finn dei stad i muslimske land. Frå tidleg på 2000-talet har vi og sett ein kraftig vekst i talet på aktive islamistiske opprørsgrupper. I vestlige media er det mykje fokus på terrorisme og trugslar frå den muslimske verda. Er muslimske land verkeleg meir valdelege enn andre? Og om det er tilfellet, er det Vesten som betalar prisen? I 2012 var det i alt seks borgarkrigar (definert som meir enn 1000 døde i krigshandlingar i eit kalenderår), i Afghanistan, Pakistan, Sudan, Somalia, Syria og Jemen. Alle desse fann med andre ord stad i muslimske land, og av dei ni aktive opprørsgruppene i desse konfliktane, hadde sju av dei ei islamistisk orientering. Meir valdelege? Om vi ser på perioden etter andre verdskrig og fram til i dag, er ikkje muslimske land meir valdelege enn land med ein annan fleirtalsreligion. Dette er fyrst og fremst fordi muslimske land i mindre grad har vore innblanda i krigar mellom statar. Koreakrigen og Vietnamkrigen representerer dei klart høgaste toppane når det gjeld talet på døde (til saman to millionar). Muslimske land deltok ikkje i desse krigane, bortsett frå Tyrkia som var del av ein større FN-koalisjon i Korea. Etter den kalde krigen har det vore få mellomstatlege krigar. Det er borgarkrigar og andre indre konfliktar som no dominerer det internasjonale konfliktbiletet. I løpet av dei siste 50 åra ser vi inga sterk auking av borgarkrigar i land med muslimsk majoritet, men snarare ein flat trend som går litt opp og ned. Men sidan andre typar krigar er blitt redusert, til dømes mellomstatlege krigar og borgarkrigar i land som ikkje har muslimsk fleirtal, har andelen av krigar som oppstår i muslimske land auka. Ikkje borgarkrig overalt. Sjølv om talet på konfliktar i muslimske land ikkje har auka, er det ei klar auking på konfliktar kor opprørsgruppene er islamistar. Vi ser denne aukande trenden spesielt etter 11. september 2001, og talet er no over nivået frå slutten på den kalde krigen. Figuren ovanfor viser borgarkrigar som enten går føre seg i muslimske land eller der opprørsgruppa er islamistisk, som del av alle borgarkrigar frå 1946 til 2013. Vi ser her at konfliktar i muslimske land og med islamistiske opprørsgrupper utgjer ein stadig større del av det totale konfliktbiletet. Ikkje alle muslimske land er ramma av borgarkrig. Landet med størst muslimsk befolkning i verda – Indonesia med over 200 millionar – har ikkje hatt nokon væpna konflikt sidan 2005, og siste år med borgarkrig var 1981.  Av dei ti landa som har den største muslimske befolkninga i verda, var det berre tre (Pakistan, Nigeria og Irak)  som hadde ein pågåande borgarkrig i 2013. Ingen av dei andre sju (Indonesia, India, Bangladesh, Egypt, Iran, Tyrkia og Algerie) har opplevd borgarkrig dei siste ti åra, sjølv om tre av dei har hatt mindre, interne konfliktar. Dei tre landa med borgarkrig står for totalt 18 prosent av verdas muslimske befolkning i 2009 (tal frå Pew Research Center), medan dei sju andre står for 49 prosent. Offer i krig. Valden i krig i dag råkar i hovudsak dei som bur i muslimske land. Den lite oversiktlege situasjonen i Syria gjer at vi foreløpig berre har eit lavt estimat for talet på døde i 2013, på 22 000. For andre konfliktar nyttar vi eit «beste estimat», og når vi får eit slikt for Syria, vert talet truleg mykje høgare. I tillegg til Syria er det dei langvarige konfliktane i Afghanistan og Irak som krev flest liv. Ferske døme er IS sine åtak på religiøse minoritetar i Irak og Syria, og massakren av 140 skuleborn i Peshawar i Pakistan i desember 2014. Figuren nedanfor viser talet på døde i borgarkrig i muslimske land frå 1946 til 2013 som del av alle døde (tal frå PRIO og konfliktdataprosjektet i Uppsala), og vi ser at i stadig aukande grad er offera for konflikt funne i muslimske land. Det er ei forståeleg frykt for terrorisme i mange vestlege land, men fleirtalet av døde i kamphandlingar er å finne blant den muslimske befolkninga og religiøse minoritetar i muslimske land.   Ida Rudolfsen er ansatt på PRIO (Fredsforskningsinstituttet.) idarud@prio.no

---
DEL