ICC og det afrikanske problemet

Vi har lagt bak oss eit år der Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har møtt sterk kritikk. Nokre stemplar til og med domstolen som eit imperialistisk verktøy. ICC har neppe gjort alt rett i dei tolv åra han har eksistert. Men kritikken er unyansert og dels feilaktig.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Dette er et bidrag til «Engasjert ytring»-spalten i ukemagasinet Ny Tid, på trykk 07.03.2014. I spalten kommer ulike idealistiske organisasjoner er til orde. De som deltar er: ATTAC Norge, Natur og Ungdom, Agenda X, Skeiv Ungdom, Changemaker, Én verden, Framtiden i våre hender, Bellona, Fellesrådet for Afrika, Naturvernforbundet, Leger Uten Grenser og NOAH – for dyrs rettigheter, PRESS – Redd Barna Ungdom og WWF.

Afrika. Kritikarane hevdar mellom anna at domstolen utelukkande fokuserer på Afrika og at han overser hendingar på andre kontinent. Av dei åtte aktive formelle etterforskingane som ICC har utført, har alle vore på det afrikanske kontinentet. Dersom ein berre sit med denne informasjonen er det jo lett å konkludere med at påtalemyndigheten har stirra seg blind på Afrika. Men ICC har sjølv berre tatt initiativ til to av desse etterforskingane, og i alle åtte tilfellene har afrikanske statar vore aktive medspelarar.

Initiativ. I fire tilfelle – i Den demokratiske republikken Kongo, i Uganda, i Den sentralafrikanske republikk og i Mali – har situasjonen blitt henvist til ICC av statane sjølv. I to andre tilfelle – i Darfur og i Libya – vart situasjonen henvist til ICC av FNs tryggingsråd, og med støtte frå dei afrikanske landa som sat i rådet. I dei to situasjonane der ICC-aktoratet sjølv sette i gong etterforsking, var også dette med klar og uttrykt støtte frå afrikanske land. I Kenya fekk aktor solide bevis på brotsverk overlevert av ein internasjonal kommisjon som var etablert av den kenyanske regjeringa sjølv. I Elfenbeinskysten vart etterforskinga støtta av den ivorianske regjeringa under leiing av president Laurent Gbagbo som frivillig aksepterte ICC-jurisdiksjon.

Afrikanske land har lenge støtta ideen om ein internasjonal straffedomstol. Forløparen til Den afrikanske union (AU) var svært aktive i forhandlingane om Romatraktaten som etablerte ICC, og grunngav det med to argument: dei historiske erfaringane med grusomme hendingar som slaveri og kolonikrigar, og minnet om folkemordet i Rwanda i 1994 der det internasjonale samfunnet ikkje klarte å hindre katastrofen.

Jurisdiksjon. Tilhøvet mellom ICC og AU er ikkje perfekt i dag. Statsleiarar og embetsmenn i enkelte land har seinare uttrykt uro for manglande immunitet, og AU har krevd utsetjing av nokre undersøkingar. Men uroa vert ikkje delt av organisasjonar i det afrikanske sivilsamfunnet, og dei fleste statane som er tilslutta konvensjonen om ICC samarbeider godt med domstolen og legg til rette for etterforsking. Til dømes måtte toppmøtet i AU i juni 2012 flyttast til Addis Abeba fordi Malawi erklærte at den dømte sudanske presidenten Omar al-Bashir ville bli arrestert om han deltok på eit møte på deira territorium. Institusjonelle relasjonar er kompliserte og tek tid å utvikle.

Afrika er ein stor aktør i ICC. Sjefsaktor er frå Gambia, og 5 av 18 dommarar likeeins. 144 av dei 658 tilsette i domstolen kjem frå dei 34 afrikanske landa som er tilslutta. Og dette er vesentlig, fordi domstolens arbeid vert avgrensa av kvar han har jurisdiksjon. Det er ei relativt høg tilslutning frå afrikanske land, til dømes i forhold til asiatiske. Dette handlar ikkje om regional eller geografisk representasjon, og det handlar ikkje om storpolitikk: Det er jus, og domstolen er forplikta til å ta opp dei grovaste situasjonane som fell under domstolens jurisdiksjon der nasjonale domstolar ikkje vil eller kan handtere rettsprosessen.

---
DEL