Abonnement 790/år eller 190/kvartal

Hopehavet AP/LO

Hopehavet mellom Arbeiderpartiet og LO har alltid vore tett. Dei er mest for eit slags siamesiske tvillinger å rekna. Statsminister Kjell Magne Bondevik meinar dette er ein fare for demokratiet. Det finns vel større farar for demokratiet enn dette. Då er vel statsministeren sine tette band til fleire av dei største kapitalinteressene her til lands vel så uheldige. Men det skal ikkje nektast for at dei tette banda mellom AP og LO også har sine uheldige sider. LO si viktigaste oppgåve som arbeidstakarorganisasjon er å arbeide for medlemmane sitt beste. Dette gjer ein best som fri og ubunden organisasjon utan for tette band til noko politisk parti. LO har medlemmar frå alle politiske parti og at LO bidrar med store økonomiske ressursar til AP føler medlemmar med andre politiske tilknyttningar urettferdig. Den gongen den politiske og faglege arbeiderrørsla stod på barrikadane og kjempar for dei same sakene, så var det likevel på ein måte rett at LO var med å støtta med økonomiske midlar. Andre politiske parti fekk minst like stor støtte frå andre hald. Men i dag er situasjonen ein heilt annan. Arbeiderpartiet av i dag har endra seg så mykje politisk at hopehavet har vorte ei tvangstrøye for LO. Hopehavet Gro Harlem Brundtland/Yngve Hågensen er den største ulukka som har hendt den norske arbeidarrørsla. Arbeiderpartiet endra seg frå å vera eit sosialdemokratisk parti til å bli eit sosialliberalistisk sentrum/høgre parti. Etter at Gro la om politikken har Arbeiderpartiet ført ein nyliberalistisk marknadspolitikk som er i strid med LO-medlemmane sine interesser. Det er nok å nemna EU-sak, EØS-avtale, helsereform, pensjonsreform, arbeidslivsreform. Arbeiderpartiet har stått for ein politikk som går ut på å bryte ned det Arbeiderpartiet og LO i fellesskap gjennom årtier hadde kjempa seg til. LO er den einaste politiske aktøren som har tyngde nok til å vera eit bolverk mot den markedsliberalistiske bølgja som skyl over landet. Men dei tette banda til Arbeiderpartiet hindrar LO i å vera den motkrafta den burde vera. I staden spelar toppleiinga i LO på lag med Arbeiderpartiet stikk i strid med medlemmane sine interesser. Tenk over kva som er i di interesse når du skal stemme til hausten.

Kristian Kjellstadli er medlem av Ullensvang RV og LO medlem

Du vil kanskje også like