Heldige elevar og foreldre

Adjunkt Vidar Lunde har reagert på at det har vorte klaga så mykje på den norske skulen. Han meiner elevane er betre enn mange trur. Så fortel han om klassen han har undervist og er klassestyrar for. Sidan eg sjølv har vore ein av kritikarane i Aftenpostens spalter (23.02), kjenner eg trong til å kommentera. […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Adjunkt Vidar Lunde har reagert på at det har vorte klaga så mykje på den norske skulen. Han meiner elevane er betre enn mange trur. Så fortel han om klassen han har undervist og er klassestyrar for. Sidan eg sjølv har vore ein av kritikarane i Aftenpostens spalter (23.02), kjenner eg trong til å kommentera.

Kronikken til Vidar Lunde (2.03) gjorde meg glad og oppglødd. Slik kan altså norsk skulle enno vera! Her har elevane møtt ein lærar som gjer skulen til dét han i beste forstand skal vera. Han har bygt frå gunnen av og teke med alt – frå drilling av grammatikk til møte med lyrikk og musikk, og innføring i kulturarven. Såleis har elevane fått ein stendig veksande kunnskapshorisont med samanheng, og læraren har inspirert dei til å utfalda seg og visa at dei har vakse på det dei har lært.

Elevane er oppglødde og glade, og foreldra er lukkelege på deira og eigne vegner. Skulen har gjeve elevane noko for livet, og dei vil hugsa læraren sin, jfr spalten i skulebladet Utdanning: «Min favorittlærer».

Vi som kritiserer, veit sjølvsagt at det enno finst mange gode lærarar og flinke elevar i den norske skulen. Men vi veit og at det minkar på dei velutdana lærararane, slike som ikkje berre er «utdana» personar, men og «dana menneske» med eit personleg tilhøve til lærestoffet og til kulturarven. (Vidar Lunde er sjølv 58 år. Gjev han vil halda på lenge!)

Så veit vi at dei nye som har kome (og kjem) i staden, er av blanda kvalitet (dét er godt dokumentert). Undersøkingar har elles synt at elevprestasjonane står i høve til utdanningsnivået hjå lærarane. Dette er elles den finske skulen eit godt døme på. Men i vårt land har ein bygt ned autoriteten til læraren og skulen ved å forsøma utdaninga i fag, medan ein har eksperimentert og satsa på pedagogikk, funnen på av skrivebordspedagogar som har vore styrde av spesiell ideologi (jfr Pedagogikkens elendighet, av Kaare Skagen, Lærebokforlaget 2002).

Biletet i kronikken, «tavle og krit,» er symbolet på «den gamaldagse og avlegse skulen!» Og Vidar Lunde er ikkje ein moderne lærar. Han er den aktive læraren i «en skole som leder barnets vekst inn i kulturen,» for å bruka ei formulering av skulemannen August Lange. Dét var hans visjon for den nye skulen som Arbeiderpartiet skulle skapa på 60-talet. Men han tapte for modellen til Helge Sivertsen.

«Skjerp dere!» står det på tavla. Dét er eit pålegg retta til alle som er ansvarlege for skulen. Han treng ein snuoperasjon!

Hallvard Hegna

---
DEL

Legg igjen et svar