Hardare lut

Måndag 3. mars kan bli ein avgjerande dag i norsk fiskerisoge. Då tenner rasande folk nordfrå faklane utafor Stortinget. Men det nyttar neppe berre med faklar.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Forbanna. Dei har chartra eit eige fly for å reisa til Oslo 3. mars. Dei knytta nevane foran TV-kamera i februar. Dei er forbanna av di styresmaktene har gjeve store fiskeressursar til Kjell Inge Røkke og andre reiarar. Dei veit også at reiarane ynskjer fiskekvotane til evig tid.

Fiskeriminister Helga Pedersen sa på Husøydagene i august 2006: «Det skal bli lys i husan.»

Men etter det har fleire og fleire lys slokna på kysten. I mange fiskevær, og dei ligg rett innafor fiskegrunnane, er det snart ikkje fiskarar att.

Skrivaren kjem frå det vesle fiskeværet Repvåg i Nordkapp, der det i 1960 var over 100 menneske. Fisken i Porsangerfjorden – ein umåteleg rik terskelfjord – kunne brødfø hundrevis av menneske også i dag. Vinteren 2012 var her berre to einslege, eldre kvinner attende på kvar si side av vågen. Ljoset skin svakt frå vindauga deira.

Kjell Inge Røkke fronter reiarane sine interesse, men har no hissa på seg kystfolket. Folk har alt gått i fakkeltog – Tromsø 22. februar, i Honningsvåg 25. februar. Stemninga er amper.

Fakkeltog går anten når nokon skal hyllas eller sorg skal markeras. Dei går ikkje med faklar for å hylla Røkke, men av di norsk fiskeripolitikk har ydmyka dei.

Ruinhop. Det starta for alvar då Svein Ludvigsen var fiskeriminister (2001-2005), men har seinare heldt fram under Helga Pedersen, Lisbeth Berg-Hansen og no Elisabeth Aspaker. To frå Arbeidarpartiet og to frå Høgre har gjeve Røkke og andre kapitaleigarer frie hender.

Det er fiskeværet Mehamn i Gamvik kommune som på ny kjem i skotlina.

Men la oss gå attende til 1903. Svend Foyn (1809-1894) – den store mann i Tønsberg – hadde ved hjelp av tvilsame metodar kapra oppfinninga av eksplosjonsharpunen frå Jacob Nikolai Walsøe (1819-1869) frå Lødingen. Foyn innynda seg som ein stram kristen på Stortinget og fekk bygd kvalbåtar som skaut kvalen langt ute i havet. Kvalen fekk ikkje jage fisken mot land. Fiskarane vart så forbanna at «den før så prægtige bygning lignede for størstedelen en ruinhop med sine styrtede skorsteiner og utslaatte bordvægge og delvis nedbrutte tak» (Nordlys 2. juni 1903).

Walsøe endte sine fortvila dagar i Akerselva.

Mandela-lut. Roger Hansen (70) var ordførar i Gamvik kommune då Røkke i 2005 fekk ta over eit fiskemottak, mot at trålarane hans forplikta seg til leveransar av fisk i Mehamn. I dag står Aker Seafood som eit taust monument over norsk fiskeripolitikk. Hansen skriv i Nordlys 12. februar at «Røkke har kontroll over det meste og de fleste».

Han skildrar korleis Røkke-selskapet fra 2007 av har jobba strategisk for å bli kvitt plikten til å levera fisk i Mehamn. Falske leveringssetlar blei skrive på eit tidspunkt då mottaket var låst og stengt. Røkke har kunne bryte det han forplikta seg til, med velsignelse frå styresmaktene. Om kommunen tek sjansen på ein rettssak, veit den at Røkke har eit «advokatkorps (som) ikke er av de minste i kongeriket» (RH).

Under demonstrasjonane i Oslo nyttar det neppe berre med faklar. Styresmaktene bryr seg ikkje om folk skriv eller går i protestog. Det må – slik Nelson Mandela har påvist – hardare lut til. Apartheidregimet var bygd for rase- og klasseskilnad. Den ydmykinga kystfolket opplever i dag, mange av dei er også samar og kvenar, ropar på aksjonar. Tenk på Alta-saka.

For 111 år sidan gjekk det mykje varmare for seg i Mehamn. Spaninga stig. I 1903 herja Foyn, no er det Røkke & co!

John Gustavsen er forfattar og frilansjournalist. Han er født i Porsanger, bur i Tromsø.

---
DEL