Hanna Kvanmo til minne

Hanna Kvanmo var ekte. Ho hadde hjarta med seg i politikken. Og ho visste vel kvar ho kom ifrå.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Styrke, varme og truskap. Dei orda formar Hanna Kvanmo i mitt bilete av henne. Ho voks ut av FattigNoreg til å bli ei brennande talskvinne mot urett for dei som var på skuggesida i samfunnet. Og ho stod gjennom stormar med ein styrke som gav oss andre eit ryggstø når det politiske uveret var som hardast. Og vi såg varmen i andletet når ho møtte nokon som trong støtte – eller ho tala saka til nokon som hadde det vanskeleg. Og truskapen var hennar varaste merke – truskap mot idear, mot den solidaritet partiet skulle bera. Hennar solidaritet voks nedanfrå – av det ho sjølv visste om urett, om vanskelege kår og det ho sjølv hadde kjempa seg gjennom. Hennar sosialisme nørdest av levd liv.

Det var den offentlege Hanna dei fleste kjende. Vi som stod henne nær visste at der også var ei anna Hanna – ei mor, ei bestemor, ein ektefelle. Det var det næraste og kjæraste for henne: Ein stor og elska familie. Og ein invalid ektefelle som ho bokstaveleg bar – i omsorg og kjærleik til Bjarne døydde eit par år før henne. Der var det og styrke, varme og truskap som bar.

Den politiske Hanna var kvass, visste kva ho ville, førde sitt syn med autoritet og overtyding. Ho var farleg i replikken for einkvar motstandar. Ho kunne overtyda med humor – så låtten båra gjennom stortingssalen. Og ho kunne bita med den velforma og uventa replikken. Mange fekk seg eit velfortent rapp over ryggen. Men vondskapen hadde ho ikkje med seg i slike oppgjerder det eg kan minnast.

Ho var ekte. Ho hadde hjarta med seg i politikken. Og ho visste vel kvar ho kom ifrå: Faren var fiskar og lausarbeidar, mora vaska og arbeidde på fabrikk. Foreldra vart skilde. Hanna visste kva einslege mødrer sleit seg gjennom i dei åra og seinare. Ho opplevde dei hardaste mellomkrigsår i Nord-Noreg. Sidan kjempa ho seg fram til utdanning – til å bli lærar på Rana gymnas: Ho gjekk vegen frå vaskebytta til kateteret – og hadde likevel overskotet til å engasjera seg i politikk.

Ho vart den mest populære politikar i landet på åttitalet. Ho meinte sjølv det var fordi ho snakka så folk forstod. Men det var nok mykje meir som bar henne fram: At hjarta var med. At folk opplevde at ho var på deira side. At ho var ekte. At ho var truverdig. At ho ikkje kunne svika det ho stod for. Ho var populær – men ikkje ein popularitetsjeger. Ho var populær fordi folk leit på henne. Det var særleg gildt å stå på stand saman med Hanna i valkampar: Måten folk kom bort til henne på – som det var sjølvsagt at dei kjende kvarandre og var venner. Ho var «ho Hanna» for dei.

Ho var med i Sosialistisk Folkeparti frå tidleg på sekstitalet – om lag frå grunnlegginga av partiet. Seks år sat ho i kommunestyre og formannskap i Rana. I 1973 vart ho vald inn på Stortinget. I seksten år var ho stortingsrepresentant. Frå 1977 var ho parlamentarisk leiar for SV – til ho sa frå seg attval i 1989.

Stortinget var så avgjort hennar arena. Ho hadde talegåva, replikken, evna til konfrontasjon med det ho stridde imot – og til å løfta det sosialistiske grunnsynet fram så det vart synleg og respektert. Ho var partiets parlamentariske førar i tre periodar: Partiet voks – men rivalar om partileiinga hadde ho ikkje. Ho var suveren som parlamentarikar – kanskje fordi ho var annleis: Folkeleg, jordnær, truverdig, retorisk og overtydande.

Ho hadde ein særleg arena i samferdselskomiteen. Ho ville aldri ut av den komiteen. Ho kunne nok fått komitear med høgare prestisje og mindre arbeid. Men ho heldt seg til samferdselskomiteen. Der viste ho snart at ho visste det meste. Det gav tyngde. Ho fekk fylgje på tvers av partigrenser. Mang ein «vegdelegasjon» kom på visitt – og mange såg spora etter henne i vegar og bruer og flyplassar. Og ho kjende landet betre og betre – reiste, såg, handla, batt det nærare saman

Ho kom nordfrå, ho visste om Utkant-Noreg, visste kva ei vegutløysing kunne utløysa av krefter og initiativ og kamp mot fråflytting. Solidariteten med Utkant-Noreg hadde ho med seg alltid: Landet skal brukast. Menneska skulle leva – der og. Folk som sleit seg til levemåte av fiske, jord og skog – og malm. Ho visste at papirflyttarane i storbyen var avhengige av dei. Ho var ein raud politikar – og ho var ein grøn politikar. Ressursar skulle vernast til generasjonane som kom etter – og natur var den gåva vi alle levde av.

Kva ho hadde å seia for norsk politikk, for samfunnet? Mykje. Ho var ein politikar svært mange kunne identifisera seg med. Ho var eit levande motlegg mot dei som snakka om politikarforakt. Ho stod støtt for fred og motstand mot atomvåpen i dei åra da supermaktene på begge sider truga med å utsletta kloten for sine interesser. Alliansefridomen og kampen for fred – at vi skulle overleva i Reagan-tider: Den sida skal også takast med i minnet om Hanna.

Og ho gav den politiske venstresida eit skarpt, markert andlet. Partiet var nede i ei djup krise i 1973 da ho så vidt vart attvald på Stortinget: Hanna var faktisk «ute» og i ferd med å rydda kontoret da ein bortkomen konvolutt stemmesetlar dukka opp og gav henne nytt mandat. Og så byrja den langsame marsjen oppover promille for promille på meiningsmålingar og val. Etter kvart stod partiet like støtt som henne. Og den generasjon av SV-politikarar som no har gjennomslag og nærmar seg regjering veit godt kvar grunnlaget vart lagt – og at Hanna var ein grunnplanke i det grunnlaget.

Ein dom for teneste som raudekross-syster på tysk side vart bruka mot henne og partiet for alt det var verd. Ho skulle knekkast – som partiet skulle det. Ho var langt nede – men ho let seg ikkje knekka. Styrken heldt.

Ungjenta stelte døyande soldatar. For det vart ho straffa. Var det verd ein landssvikdom? Vi ser helst annleis på det i dag. Men tjue år etter var domen eit våpen som skulle brukast mot henne. Åtaket var gjennomtenkt og vel planlagt. Eg veit litt om det. Eg veit at opphavsmennene også visste at andre sat frå andre parti på tinget med langt strengare domar. Dei skulle sparast. For det var SV som skulle knekkast. Vi visste – og kunne slått tilbake. Vi gjorde det ikkje. Det ville blitt for vondt for dei det råka. Hanna visste kor vondt. Men ho let seg altså ikkje knekka. Du verda så takksame vi er for at styrken heldt!

Berge Furre

---
DEL

Legg igjen et svar