Han vitaliserte det norske demokratiet

Finn Gustavsen (1926-2005) er gått bort. Les Berge Furres minneord, bare i Ny Tid.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Det var tidleg haust og tid for skurd. Året var 1963. Sommaren hadde vore så heilt for seg – ein politisk eksplosiv høgsommar. Skulle det utenkelege skje? At ei regjering skulle gå av? Det kunne da ikkje vera råd! For Gerhardsen var alltid der og kriser var noko underleg som høyrde til i framfarne tider og framande land.

Men så bråkvesste det seg i juni. Ein rapport om ei gruveulykke på Svalbard kom uventa på bordet. Kven hadde ansvaret? Selskapet? Statsrådane? Stortingsrepresentantane snudde i døra. Tingseta måtte venta til over sommaren. Ein komite tok fatt i rapporten. Sommaren skalv av politikk.

Stormen var på høgda da Stortinget kom saman att over sommaren. Vi var der alle: Fjernsynet var nytt no og tok oss alle med inn i salen. Tinget var tvikløyvt – Arbeidarpartiet mot fire borgarlege parti. Like mange på kvar side. To frå Sosialistisk Folkeparti var nok til å berga regjeringa – eller fella regjeringa.

Spenninga i salen tetna til eit høgdepunkt da ein slank kortvaksen mann, litt framlut, med eit kvasst og velkjent andlet gjekk mot talarstolen: Finn Gustavsen – no kom han! Det stilna i stovene overalt der det fanst fjernsyn. Regjeringa var på plass. Gerhardsen var der. Representanane var på plass. Stive urørlege – mest som skuggar i det grå svart-kvitt- fjernsynet. Gustavsen tala lenge – la premiss for premiss til spenninga losna: «Stortinget beklager … en ny arbeiderpartiregjering.» Ein sus av det uventa bles gjennom salen. Kva var dette? Tenkepause? Men Niels Hønsvald, skuggen som styrde Ap-gruppa, for mot talarstolen og let seg ikkje stoppa: «En vits.» Saka var avgjord: Regjeringsbyte.

Vi tok inntrykka med oss – derifrå og sidan: Spenninga, skuggane, salen, dei mørke dressane, dei grå andleta, målarstykket på bakveggen, tv-lampene, kaos i presselosjen… Landet i krise – utan regjering. Til nokre dagar deretter: Ei ny regjering. Utenkeleg? Det skjedde likevel. John Lyng – høgremann. No var han statsminister for fire parti. Til regjeringa vart felt eit par veker deretter – av DNA og SV saman. Gerhardsen kom tilbake med folkepensjon og kortare arbeidstid. Dagar som beit seg fast i minnet og vart verande der for vår generasjon.

Finn Gustavsen stod gjennom stormen med ei urikkeleg overtyding om at dette måtte skje. Han visste kva han gjorde. Heile sommaren arbeidde han seg fram gjennom tvil til han stod der fast og overtydd i tv-lyset. Nokre hadde delt hans tvil. Men no var partiet samla. Landsstyret hadde møtt i djupaste løyndom i eit ungdomslokale inne i ein skog aust for Oslo. Utan journalistar. Berre ein hadde røysta mot. Men standpunktet måtte vera hemmeleg – inntil beste sendetid i tv. Der og berre der måtte standpunktet kunngjerast direkte – inn i kvar stove – om partiet skulle overleva.

Ein enorm kampanje vart sett inn mot «splitterne». Som vi venta. For Arbeidarpartiet var heilagt som eit kardinalkollegium. Kjettarane fortente ikkje anna enn den totale fordøming. For historias domstol hadde dømt: Minnet om kløyvinga i tjueåra. Og så «dei harde trettiåra» som fylgde. Borgarleg styre med matlappar og fattigkasse: No kom det att med SF – som hadde felt Gerhardsen «på ein tragisk arbeidsulykke».

Den mektige A-pressa hadde eit einaste fokus. Og partisentralen nekta seg ingen ting: Gerhardsen stod på Youngstorget saman med ein leiande kommunist mot «svikarane». Gløymd var Kråkerøytalen. .

Det skulle vera kommuneval om hausten og Ap-folk gjekk frå kandidat til kandidat for å få dei til å trekka seg frå SF-listene. Ein statsråd tok jamvel sykkelen fatt.

Men Finn Gustavsen reiste land og strand rundt til sprengfulle forsamlingar. Folk kom langveges for å sjå han: Hans mot, hans talekunst, hans djerve stil, hans humor – og jubelen han møtte…

Kommunevalet vart eit nederlag for SF. Men partiet vart ståande – vel helst kneståande. Kanskje aller mest fordi han stod. Ein personleg lojalitet mot denne motige mannen var sterk og berande – på arbeidsplassar, i møte, i grannelag, lunchpausar: «Høyrde du Gustavsen igår?» Det lydde som ærefrykt.

Ved neste val kom SF tilbake med god framgang. Ei rekke industriskandalar hadde herja Arbeidarpartiet med tvilsame disposisjonar i departementskontora. Slitasjen frå mange år med suveren makt hadde sett fleire og fleire spor. No kom mykje for ein dag. Gustavsen hadde nok hatt rett, lydde det mange stader

Arbeidarpartiet fekk svi. Men i røynda førde den nye borgarlege regjeringa Aps politikk vidare. Folketrygdreforma kronte velferdstaten i 1966. Det tok mange år før dei våga rikka på velferdstaten. Men DNA fekk ein del år til å sjå seg tilbake – og framover.

Kvifor denne bråskisse i eit minnestykke om Finn Gustavsen? Fordi noko avgjerande med lange liner frametter skjedde i dei korte haustdagane 1963. Regjeringsstormen gav det norske demokratiet eit løft. Det var fleire om det løftet, men Finn Gustavsen var symbolet som gav mot til mange.

Arbeidarpartiet hadde gjort sin store jobb med å kruna velferdstaten og gjera Fattig-Noreg til historie. Men samtidig hadde det vakse fram trekk av ein ganske kjenneleg maktarroganse. Dei etablerte «elitane» bygde sine murar jamt tjukkare. Makta låg ikkje hjå folket, men i partiet. Frå den «Hønsvaldske parlamentarisme» ned til forbundsstyra og ordførarkontora – den uhyggelege samvoksteren mellom politiets overvakingsteneste og partiapparatet har vist kor langt denne maktarrogansen gjekk. Det var viktig for det norske demokratiet at eit morknande regjeringsparti no visste at makta ikkje var sjølvsagd alltid.

Vel så viktig at der ikkje var rom for offentleg debatt om utanriks- og forsvarspolitikk. Eit lite steg til sides for den etablerte NATO-politikk fekk sin stempel: «Kommunist!» Ordet hadde for lengst fått den dømande klang av nytt «landssvik». Avisspaltene var stengde for meiningsbryting om Norges veg mellom stormaktene…

Over det heile låg den kalde krigens skugge: Eg trur det er vanskeleg for menneske av yngre generasjon å fatta den atmosfære som hadde utvikla seg når det galdt forsøk på debatt om tryggingspolitikk og NATO. Gjekk du inn i eit møtelokale, såg du gjerne etter mikrofonar… Det var ikkje sikkert, men slik kunne det vera.

Avisa Orientering, kampen mot atomvåpen og grunnlegginga av SF gjorde etter kvart slutt på «the silent killing» og sprengde «råk i isen» som Sigued Evensmo ordla seg. Debatten tvinga seg fram. Finn Gustavsen var ikkje åleine om det, men han var den som risikerte mest og tok dei hardaste støytane.

Han hadde alle føresetnader for ein drivande god karriere som journalist i A-pressa. Vegen oppover mellom partisekretærar og redaktørar låg open. Men så hoppa han av, gav seg til å få ei lita bladfille til å koma ut annakvar veke med nokre intellektuelle ikring. Dei hadde trygge stillingar. Ikkje så med Finn. Han braut alle bruer – og var utestengd over alt. Det vart jamvel slutt med å referera fotballkampar i Arbeiderbladet.

Mange delte hans syn, men kraup i ly under Haakon Lie og Olav Brunvands skjermar. Finn gjorde ikkje det.

Og så grodde det etter han: Orientering vart vekeavis. Det voks fram støttegrupper. Det sosialistiske studentlaget kom. Kampanjane mot atomvåpen kom. I 1961 kom SF. «Utenkeleg at partiet skulle få stemmer,» heitte det på Youngstorget. Men straks stod Finn Gustavsen på Stortingets talarstol – og to år seinare kom oppgjerda i 1963.

Norsk politikk vart ikkje den same deretter. Det vart «lovleg» å kritisera stormaktene i aust og vest. Det vart lovleg å kritisera samfunnsutviklinga. Det vart lovleg å stri for sosialisme. Og i Arbeidarpartiet vart det gradvis høgare under taket etter kvart som ein ny generasjon tok over. Men det skulle gå minst tre tiår før den tanken vart mogleg at partiet skulle førebu seg på ei regjering saman med det partiet som i si tid var stempla som sjølve svikarpartiet.

Mange – utanfor og innanfor SV – har i minneartiklar løfta fram Finn Gustavsen som den store retorikar, den motige stridsmann mot etablert autoritet, talsmann for «det tredje standpunkt» mot den katastrofale blokkpolitikken, fremste grunnleggjaren av ei sosialistisk venstrerørsle, det politiske mennesket som vann folkeleg popularitet langt ut over partigrensa.

Alt det er rett.. Men eg har valt å dra fram særleg ei anna side: Den Finn Gustavsen som vitaliserte det norsk demokratiet i ei blytung tid og gav spelerom for tankar og idear som har grodd sidan – fram til det vi vonar skal skje til hausten. SV har blitt annleis – og Arbeidarpartiet: Ei ny regjering i eit anna «land» enn 1963. Dei siste gongene eg møtte Finn, var han sjuk. Men det var dette han helst ville snakka om: Berre no Kristin er sterk nok… Berre ho greier det! Han fekk ikkje vera med på det vi vonar skal skje. Men han har lagt krefter til for andre.

Berge Furre

---
DEL

Legg igjen et svar