G8 si verd må endrast

Som dei tidlegare møta til den rike vestlege elite i Seatle, Genova og Stockholm har vist, så har ei brei internasjonal rørsle arrangert sitt alternative forum. Slik også under G8-møtet i Edinburgh i byrjinga av juli, der tusenvis av aktivistar og motstandarar av den rådande globale politikken viste at ei anna verd er naudsynt. Å […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Som dei tidlegare møta til den rike vestlege elite i Seatle, Genova og Stockholm har vist, så har ei brei internasjonal rørsle arrangert sitt alternative forum. Slik også under G8-møtet i Edinburgh i byrjinga av juli, der tusenvis av aktivistar og motstandarar av den rådande globale politikken viste at ei anna verd er naudsynt. Å vera tilstades på dei mange møter, markeringar og demonstrasjonar var ei utruleg sterk og verdfull erfaring. Denne deltakinga gav meg noko heilt spesielt i tillegg til alle kontaktar, ny kunnskap, inspirasjon, osb. Nemleg ei kraftfull kjensle av solidaritet og felles retta fokus på vilja til å endre. Er ein mange har ein og styrke! Men når nærare ein kvart million mennesker gjekk i tog i Edinburgh sine gater laurdag 2. juli, er det symtomatisk at engelske storaviser omtrent ikkje nemte det i det heile, mens Geldofs og Bonos Live 8 på Wembley i London same dag stakk av med overskriftene. Nokre dagar seinare fekk me avisframsidene attende så det smalt. Store bilete med overskrifter om vald og samanstøyt mellom politi og demonstrantar, og som vanleg er det overdimesjonert og skjeivt framstilt. Polititet var ein dyktig aktør i å provosera fram vald, i tillegg til dei få demonstrantar som ville ha bråk. Mange av oss var vitne til dette, noko som berre har kome fram i enkelte media. Fokuset og slagordet «Gjer fattigdomen til historie» er eit utgangspunkt som berre fungerar om dei bakliggande årsakene til fattigdom og utbytting kjem klårt fram. Nemleg den globale kapitalismen og den økonomiske koloniseringa av landa i Sør. Styrt gjennom IMF (Det internasjonale pengefondet), Verdsbanken og dei multinasjonale selskap, administrert av dei rike gråhåra menn som kallar seg G8. Difor er eit like viktigt krav gjeldande: «Gjer G8 til historie!» Noko av det viktigaste ved denne protesten mot dei rådande strukturar er å kome med alternativ. Som det ved fleire høve vart sakt under forumet må dei gjeldande pengeinstitusjonar (IMF og Verdsbanken) og WTO (Verdas handelsorganisasjon) erstattast av heilt andre fora. Fora som tek andre prinsipp for ein verdshandel basert på likeverd for alle land, rettferdig handel og styring og regulering av transnasjonal kapital. Men midt opp i dette er eit anna element særs viktig; våpenindustrien og opprustninga som dei bærande søyler i dei rike landa sin imperialisme. Slutt på krigen og utbyttinga av oljeresursane i Irak er i dag eit av dei heilt avgjerande måla for anti-krigsmotstanden. Når endå ei gong terroren har kome til vestlege land, som sist i London, må det fortelje oss som innbyggarar at våre leiarar har teke livsfårlege val og kreve endring av kursen, eller kaste dei ved neste val. I tillegg til at t.d. krigen i Irak og konflikta i Midt-Austen må løysast, må djupgåande økonomiske endringar til for dei fattige 2-3 miliardar i verda. Dei bomerangane som treff oss vert ikkje berre terroren i framtida, men også økonomiske, om ikkje vesten forstår at også resten av verda må ha levekår som er verdige.

Ivar Jørdre, Bergen

---
DEL

Legg igjen et svar