Eg var med og demonstrerte mot krig i Irak. Det er eg stolt over. Saman med kvisete ungdomsskuleelevar, gamle damer og innvandrarar med irakisk opphav gjekk eg i tog mot krig i Irak. Ingen krig i mitt namn, sa eg. Ingen krig i vårt namn, sa me.
Ei tid før 15. februar var eg på eit møte i ei lokal gruppe som planla demonstrasjonar. Det vart diskutert ulike virkemiddel me kunne ta i bruk, nokon av dei var morosame, nokon av dei trauste og oppbrukte. Eitt av forslaga gjorde meg irritert. Nokon foreslo å skaffa eit bilete av Bush slik at folk kunne kasta piler på den amerikanske presidenten. – No må me hugsa at det faktisk ikkje er Bush me er i mot, me er mot krigen, sa eg.
Eg skal gladeleg vedgå at eg ikkje liker George W. Bush. Eg skal innrømma at eg i dag, litt over eitt år seinare, vonar meir på ein annan kandidat enn den sitjande presidenten enn eg nokon gong har gjort når det gjeld eit amerikansk val. Men stadig blir eg irritert når eg tenkjer på forslaget om å kasta piler på bilete av mannen. Oppgåva til fredsrørsla var å slost mot krigen, ikkje å kommentera amerikansk innanrikspolitikk, heller ikkje å føreslå regimeendring i USA à la Petter Nome sin velkjende e-post. Vår jobb var å hindra norsk krigsdeltaking. Vår jobb var, saman med demonstrantar verda over, å gje eit klart signal til Bush, Blair, Aznar og andre statsleiarar om at denne krigen slett ikkje kom til å skje i våre namn.
For fred eller mot krig?
Men ein ting burde me hatt til felles med desse statsleiarane. Me burde også ha ynskja regimeendring i Irak. Me burde ha kome med truverdige alternativ til krig. Altfor ofte enda me opp med å sjå ut som spørjeteikn dersom nokon spurde oss etter desse, ofte enda me opp med tåkeprat, sume gonger kom representantar for fredsrørsla med fråsegner som fungerte som rein støtte til Saddam Hussein. Då den britiske politikaren Tony Benn kalla irakisk og kurdisk opposisjon for CIA sine nikkedukker var nokon av oss heilt einige. Eg synest eg ser smilet til Saddam.
Dette var det fyrste punktet fredsrørsla svikta på. Me vart ei rørsle mot krig og ikkje ei rørsle for fred. Me vart ei rørsle mot Bush, og gløymde altfor ofte å vera mot Saddam Hussein.
For fred eller mot USA?
Så kom krigen. Og utruleg nok kom det også støtte til dei trufaste av Saddam Hussein sine menn. Avisa Klassekampen uttrykte håp, ikkje frykt for, men håp om at dei amerikanske styrkane skulle køyra seg fast i ørkensanden. “Tysdag morgon forstyrra ein sandstorm dei amerikanske operasjonane sør for Irak sin hovudstad Bagdad”, skreiv avisa på leiarplass, “Det, og overraskande stor motstand mot invasjonshæren, er gode nyhende for den internasjonale antikrigsrørsla”.
Kvifor var det så gode nyhende? Me skjøna alle at Bagdad kom til å falla, gjorde me ikkje? Når krigen fyrst var i gang, var det ikkje betre med ein raskt unnagjort krig enn med eit langvarig blodbad?
Ikkje i følgje Klassekampen. “Ein rask siger for USA over Irak vil (…) oppmuntra Washington til å gå vidare langs lina med ´førebyggjande krigar´”, skreiv avisa. Der finst det utvilsamt eit poeng, men det finst også nok av det Dagens Næringsliv som svar på ein anna Klassekampen-leiar kalla hjarteskjærande kynisme.
På ein måte fekk Klassekampen vilja si. Amerikanarane har til dei grader køyrd seg fast i Irak. Den politiske situasjonen i landet er ustabil, farleg ustabil. Og så… på sjølvaste julaftan kjem skribenten og Internasjonale Sosialister-aktivisten Vegard Velle med eit sjokkerande utspel: – Fredsrørsla bør forsvara sjølvmordsbombarane i Irak. Me bør støtta den væpna motstanden mot okkupasjonen.
Sjølv om Velle raskt møter motbør hengjer fleire seg på. Også internasjonalt går fleire framtredande krigsmotstandarar ut med det som vanskeleg kan kallast anna enn støtte til fanatikarar og terroristar.
“Du kan ikkje vera kresen,” sa John Pilger. “Antiimperialisme,” sa Tariq Ali. Og under eit dekkje av at det å stø irakisk motstand er å stø kampen mot “imperialisme” og “nykolonisering” slutta mange på norsk venstreside og i fredsrørsla seg til og svikta dermed for andre gong. Fredsrørsla var ikkje for fred. Den var knapt nok mot krig. Delar av ho hadde byrja å støtta væpna aksjonar så lenge dei berre var retta “riktige vegen” – altså mot USA.
Kven truar demokratiet?
Situasjonen i Irak har endra seg. Saddam Hussein sitt regime er vorte fjerna. Det skjedde ikkje slik det burde ha skjedd, men det har skjedd likevel, og ein overgang til ei form for demokrati, til trass for mange manglar, er på veg. Fagrørsle, kvinnerørsle og andre organisasjonar har vakna til liv. Ei fri presse strevar for å klara seg, men eksisterer – den fyrste avisa som kom ut etter at Saddam sitt regime fall var faktisk ei kommunistisk ei. Val er planlagd i 2005. Og den brutale sanninga som delar av den gamle fredsrørsla ikkje vågar å vedgå er at dei såkalla “motstandskjemparane” er eit langt større trugsmål mot eit framtidig demokrati i Irak enn det amerikanske, britiske og for den del norske styrkar er.
Den amerikanske invasjonen i Irak har ikkje gjeve mindre terrorisme, verken i Irak eller i verda elles. Invasjonen har heller ikkje gjeve meir stabilitet i Midtausten. Men det kjem heller ikkje blind støtte til fanatikarar å gjera. Den “anti-imperialistiske” motstanden nokre fablar om har myrda koalisjonssoldatar, FN-personell, friviljuge politistyrker og heilt vanlege sivile, sivile som er like uskuldige som dei som vart råka av amerikanske bomber under invasjonen.
Fredsrørsla burde no visa seg namnet verdig og rekkja ut hendene til dei som på fredeleg vis arbeider for fred og demokrati i Irak. Dette gjeld organisasjonar som har vore og er USA-venlege, men også organisasjonar som ikkje er det og neppe kjem til å bli det. Å gjera dette tyder på ingen måte at me skal byrja å festa tiltru til invasjonsstyrkane, til løgner frå Washington, London eller Roma eller for den del til Richard Perle. Me bør, skal og må halda fram med å kritisera ein blodstenka amerikansk utanrikspolitikk. Men fokus nummer ein for fredsrørsla må vera å arbeida for fred, ikkje å arbeida for at USA skal gå på eit nederlag.
20. mars arrangerer “Hent soldatene hjem”, eit langt smalare initiativ enn “Fredsinitiativet”, ein demonstrasjon mot okkupasjonen av Irak. Demonstrantane rir stolte på kvite prinsipphestar, men spør dei seg sjølv kor lurt det vil vera å trekkja ut soldatane uavhengig av kva konsekvensar ei slik tilbaketrekking vil få?