Abonnement 790/år eller 190/kvartal

Framsteg i dystre tider

Fortschritt und Regression
Forfatter: Rahel Jaeggi
Forlag: Suhrkamp (Tyskland)
FRAMTID / Med kriser på alle kantar har det blitt vanskeleg å hevde at verda går progressivt framover. Rahel Jaeggi vil i si nye bok Fortschritt und Regression likevel halde fast ved framstegstanken. Samfunn siktar ikkje mot ibuande mål – dei løyser først og fremst problem, hevdar ho.

Det er harde kår for framstegsoptimismen. Krigen i Ukraina går sin gang, på Gaza er situasjonen meir prekær for kvar dag, og i bakgrunnen held meir varige kriser fram som før. Steven Pinkers Opplysning nå (2018), der det blir slått fast at framstega hopar seg opp på ei lang rekke område, framstår seks år seinare ikkje berre som håplaust optimistisk, men som direkte anakronistisk. Heile to av tre nordmenn trur no at levekåra i verda blir verre om 50 år. Unge ser særleg negativt på framtidsutsiktene.

Denne dystre empirien dannar bakteppet for Fortschritt und Regression, den nyaste boka til Rahel Jaeggi, professor for praktisk filosofi ved Humboldt-universitetet i Berlin. Mangelen på framsteg i verda er nedslåande, vedgår Jaeggi, men han set ikkje nødvendigvis framstegsomgrepet . . .

Kjære leser.
For å lese videre, opprett ny fri leserkonto med din epost,
eller logg inn om du har gjort det tidligere.(klikk på glemt passord om du ikke har fått det på epost allerede).
Velg evt abonnement

Du vil kanskje også like