Frå rike til småstatssamband

Som progressiv moralsk kraft og symbol for nasjonalt samhald er det norske monarkiet vel verd å ta vare på, hevdar Gaute Gunleiksrud i Ny Tid 9.desember. Nå er kongeriket Norge, med provinsane Noreg og Sameland, eit landområde der ulike språkkulturar lenge har levt i union med kvarandre, men under eit austnordisk formyndarskap som har «nasjonalt […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Som progressiv moralsk kraft og symbol for nasjonalt samhald er det norske monarkiet vel verd å ta vare på, hevdar Gaute Gunleiksrud i Ny Tid 9.desember.

Nå er kongeriket Norge, med provinsane Noreg og Sameland, eit landområde der ulike språkkulturar lenge har levt i union med kvarandre, men under eit austnordisk formyndarskap som har «nasjonalt samhold» til slagord.

Sameland har dei siste tiåra klart å frigjera seg noko språkleg og kulturelt frå det nasjonale samhaldsformynderiet, og har såleis fått sitt eige sameting og laga seg eit eige flagg som symbol på noko av denne fri- og sjølvstende-gjeringa. Den samiske frigjeringa har òg tydelegvis inspirert kvenane til å gjera den finske målforma si om til eit eige sjølvstendig kvensk mål. Truleg vil dermed kvensk òg få eit nytt flagg som symbol på at det er eit eige språk og ikkje berre målføre eller ei privat målform.

Stuntet til Morten Holmefjord som «Fusakongen», med raudt-gult-blått nynorskflagg,viser at somme nynorskingar i det gamle Gulatingsområdet, frå Møre til Agder, har teke til å tenkja i liknande banar. Den vestnordiske og vestnorske tradisjonen har i grunnen vore mykje «republikansk», frå gamle Ulv i Fjordane og Skallagrim, til Erling Skjalgson og heilt fram til sjølve Garborg. Artikkelen Det norske Kongedømet av Garborg, som står i artikkelsamlinga Politik (1919), er vel framleis det beste som er skrive om kongedømet her i landet.

Alle i den austnordisk-norske kongefamilien er bra og hyggelege nok som privatpersonar, men det er likevel fyrst og fremst den formyndande austnordiske bokmålskulturen dei representerer. Det er ein kultur me har lært å kjenna gjennom indoktrinering i skulen, gjennom det «nasjonale samholdet» i tradisjonen etter Bjørnsonforbundet, Lysakerkretsen, Fedrelandslaget, Kretsen og Hjemmefrontens Ledelse (som ville at ordførarane i kvar kommune ikkje skulle veljast av folket, men utnemnast av fylkesmennene etter krigen), og nå sist gjennom ein austnordisk undervisningsminister som på eit lærarmøte rådde lærarane i Rogaland til å undervisa i Ibsen i norsktimane og heller forvisa den geniale Garborg til ein time i heimekunnskap!

Mykje skulle vel liggja til rette for at me i dette «norske» landområdet snart kunne få ei anna styreordning, ein republikansk allianse av små, men meir språkleg og kulturelt frie og sjølvstendige statar som gjerne kunne samarbeida med kvarandre, liksom «Norge», Sverige og Danmark kan med det (aust)nordiske samarbeidet sitt.

Trygve Lande er bergenser.

---
DEL

Legg igjen et svar