Flaum i Europas Eden

Når Cannes merker verknadene av klimaendringane.

Mette Karlsvik
Karlsvik er forfatter. og litteraturkritiker i Ny Tid. (Bilde: © Tove Breistein)

«Det er ikkje ein taxi. Det er ein limousin-teneste!» seier sjåføren. «Tilgje meg!» seier eg straks. Om Claude Carlton-sjåføren ombestemmer seg, kjem vi oss ikkje ut av Cannes i dag. Eg berre kviskrar til Suzy, også ho stranda i ein flaumramma by: «Kva kostar dette?» Sjåføren høyrer det: «120 euro,» seier han glad. Han veit ikkje enno at turen til Nice skal ta fem gongar lengre tid enn vanleg. Vel er Cannes sentrum allereie rydda, berre timar etter at dei siste av 180 nedbørsmillimeter har ramla. Rett utanfor prestisjebyen ligg samferdsel brakk. Hjelper det at reisefølgjet vårt tilfeldigvis blei rådgjevarar i Samferdselsdepartementet i London? 3. oktober 2015 klokka 18.00: Lucy og Richard tar toget frå Menton til Cannes. Dei reiser frå den vakre fjellbyen ved italiagrensa til auksjonar for tv-seriar. Det britiske, eldre paret kjem ikkje for å handle rettar for dei nye, hotte tv-seriane, men for å spise godt. Lucy kjenner Cannes frå før, og tar Richard med til ein skjult perle ei sidegate frå oligark-gata Croisetten. Dei spis heimelaga foie gras og mør carpaccio for grei pris. Så merker Cannes verknadane av klimaendringar: ekstremvêr. Klokka åtte slår det første lynet ned. Regnet kjem. Nedbørsmengda liknar ikkje noko byen har erfart før. Lucy og Richard, som har jobba med krisehandtering og naturlege utfordringar, skjønner at det er lurt å tenkje på heimturen. Dei går ut, er irriterte over at skoa blir våte, før dei kjem til vatn så høgt at dei må ta skoa av seg og trekkje kortbuksene opp til hofta. Plassen framfor La Gare har ein halvmeter vatn. Lucy vurderer å symje. Men togstasjonen er framleis over vatnet. Dei går ned til perrongane. Vatnet kjem opp i skinnelinene. Dei spring til trappene, og kjem seg opp på gatenivå igjen. Samferdselsparet skjønner at toget ikkje går til Menton i kveld. Lucy, ho som er kjent, veit kva hotell som er billeg og bra. Dei får hotellets siste rom. Berre sekund seinare kjem fleire til; folk som er i byen for ein tv-serie-messe. Tv-folka tilbyr euro til le concierge. Ikkje sjans. Hotellet er fullt. Her gjeld ikkje den rikaste sin rett. Her gjaldt retten til den som først hadde ideen om å dra til dette hotellet. Natt til 4. oktober: 180 mm vatn på få timar. Det dekkje vegar, garasjar, lågtliggande område flaumar. Folk spring ut for å flytte bilene sine. Ti av dei som prøver, blir sitjande fast. Dei druknar. Eit menneske døyr i ein kjellar i Cannes. Eit menneske blir blåst på havet. Tretten blir stadfesta daude, seks framleis sakna. 4. oktober klokka 08.00: Lucy og Richard sjekkar ut. Sola speglar seg i ein våt Avenue des Concordes. Ein politibil køyrer sakte forbi. Ein til følgjer rett bak. Blålysa går. Sirenene er ikkje på. Ein brannbil står parkert på andre sida. I vatnet ligg eit avrive registreringsskilt, ei potteplante, isopor, ein stol, og ein heil del palmeblad. Dei går til La Gare, skjønner at det ikkje går tog den dagen, og vurderer moglegheitene. Konklusjonen: Av alle kollektivtilboda som moglegvis kan gå, er dei til flyplassen det beste gjettet. Dei sett seg på ein benk ved flybusstoppet. Kjærasten min og eg kjem. Vi ser eit par som liknar dei lokale: i kortbukse og miniskjørt, utan bagasje. Dei liknar ikkje folk som ønskjer å komme seg til flyplassen. Men vi spør: Er dette flybusstoppet? Ja. Går det flybussar i dag? Ja, det trur vi. Vi ventar i lag. Vi ser vaskebilar og ryddefolk forvandle Cannes. Frå ruin til business as usual. Berre ein liten halvtime, tar det, før Cannes igjen skinner. Tv-kamera blir sett opp. Dei filmar eit Cannes i orden. Ikkje noko kan rokke ved Cannes. Cannes er eit trygt val – for festivalar, messer, alle slags hendingar. Kom, kom, til Cannes, Cannes kan! Klokka 10:30: Flybusstoppen er full av folk. Ikkje ein buss kjem forbi. «Alle» spring ut i gatene etter taxi. Nokre taxiar stoppar. Alle melder: «Oppteken!» «Kva vil du ha? Vi betalar kva du enn vil ha,» seier folk. Men her gjeld ikkje den rikaste sin rett. Her gjeld retten til den som kan «dei rike». Pål forlèt flybusstoppen, og fører Lucy, Richard og meg langs Croisetten til byens dyraste og mest myteomspunne hotell. Han snakkar med le concierge. Eit minutt seinare rullar limousinen inn framfor hovudinngangen. «Du ordna taxi i ein by utan taxiar?» No er det at Claude høyrer kva eg seier. Eg utfordra yrkesstoltheiten til hotellets private sjåfør. Men det kunne jo ha vore ein hest, kva som helst, som var transportmidlet. Vi må berre ut av Europas Eden – og rekke flyet heim til norsk haust.

Nærmast havet ligg flaggskipbutikkane til prestisjemerka Dior, Armani, Chanel. Desse butikkane var av dei som merka vêret mest. Dolce & Gabannas tidsrette, moteriktige vegg-til-vegg-teppe måtte bli rive opp.
Nærmast havet ligg flaggskipbutikkane til prestisjemerka Dior, Armani, Chanel. Desse butikkane var av dei som merka vêret mest. Dolce & Gabannas tidsrette, moteriktige vegg-til-vegg-teppe måtte bli rive opp.
Her gjeld verken den sterkaste eller rikaste sin rett. Her gjeld heller ikkje retten til den som kan mest om samferdsel. «Det er alltid trygt å reise med Richard. Han er god på transport, og finn alltid ein taxi,» seier Lucy. Dei har vore gift i seks månadar, men har kjent kvarandre i 25 år. Dei jobbar i same bransje. Han er rådgjevar i Samferdselsdepartementet. Det var der dei møttest. Lucy har bytta arbeidsplass sidan då, og jobbar no som rådgjevar for den nasjonale statsbanen.

Folk spring ut for å flytte bilene sine. Ti av dei som prøver, blir sitjande fast. Dei druknar.

Claude prøver fylkesvegen. Fleire hadde same idé. Det er kø framfor oss. Fleire får same idé. Det blir kø bak oss. Vi står stilt. Vi er på time to. Fem kroppar varmar opp bilrommet. Det er heitt. Vi blir tørste, og seier på tull: «Vi sitt i limousin. Kor er champagnen?» Eg har lyst på vatn. Sidegata er ei elv. Ein kar prøver å sykle gjennom han. Claude startar bilen, og køyrer i ti kilometer i timen forbi ein stranda bil. Vegstrekk der asfalten er riven opp og ligg langs skiljene, som gudommeleg flass. Dette er nokre av grunnane til trafikkorkene. Champagne trengst ikkje for å gjere noko med bevisstheita vår. Vi stirrar ut av dei sota glasa. Så stoppar Claude igjen. Ein politibil kjem. Ulikt dei hundre tidlegare politibilene, har denne sirenene på. Bak han kjem ei rekke svartpolerte biler med blå skilt. President X farer forbi – på veg frå flyplassen i Nice, mot Cannes. Kan det vere sant? Ville ikkje presidenten flydd helikopter? Nei, han skal sjå dei verkelege skadene. Skadene i Cannes er snart samla og pussa på. Logistikksentret Nice aussi. Men stadene imellom: Juan les Pins, Biot, Antibes, der er det framleis noko ekte å sjå. 11:00: Claude køyrer seg fast før Biot. Han snur og må likevel ut på hovudvegen. Han snakkar engasjert gjennom handfri-settet. «Fermé! Tout!» – «Alt er stengt!» Han svinger av frå kysten og køyrer opp mot dei meir kuperte områda. Biot ligg eit hundre meter over havet. Men her har berga kanalisert, mobilisert, vatnet, forsterka krafta i det. Ingen fuktig kveld. Flyplassen er merka av tragedien. Det er overraskande stille. Vi er ikkje veldig mange som har komme oss til Nice – frå dei ulike stadane som brukar Nice som hovudflyplass: Monaco, Antibes, Cannes, Juan les Pins. Her er få reisande, få tilsette. Sjekkinn-skranka har få folk. Men bra folk. Når eg forsøkjer å kjøpe meg til ein ekstra bagasje, svarer jenta: «Ta med så mange kolli du vil. I dag er alt unnatak.» Utan samanlikning elles: Eg blir sett såvidt attende til 22. juli 2011 i Oslo. Folk opnar seg. Vanlege reglar opphøyrer. Det handlar om å vere snille med kvarandre, og ta omsyn. Så eg gir plass til han bak. Vi kjem i snakk etterpå: Ein australer som skulle spele landskamp i vatnpolo i Monaco. Kampen blei avlyst på grunn av flaumen. «Men vi budde godt. Budde på prinsens mansion. Der prøvde vi å ta oss ein fest, i staden. Men uveret la ein dempar på stemninga. Det blei med eit par drinkar,» seier han. Vatnpolo er den første lagidretten som vart olympisk øving. Sidan 1937 har Australia vunne fleire OL-medaljar i vatnpolo. Eg: «Kva liker du med vatnpolo?» «Det er som å spele handball – men i vatn. Det er veldig macho. Det er mykje handgemeng. Han vinn, den som kan dytte motstandaren under vatn for ei stund, ta ballen, og kyle han vidare,» seier australaren, og skjønner det uheldige ordvalet sitt. 13 menneske er stadfesta daude etter stormen på Côte D’Azur, og fleire sakna.

---
DEL