Fiskerikrisa og vi

Politikarane kan løse krisa i Finnmark, berre dei vil.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Er det ikkje slik at vi har kjent det på oss lenge no: her er noko som er heilt feil! Men kor feilen har lege, har det vore vanskeleg å fastslå. Vi var inne på tanken då Nord-Sverige tok til å avfolkast: slik kan det ikkje gå med oss, for vår busetjingspolitikk er at vi skal bu over heile landet – oppe i fjordane inne i dalane og langt inne på vidda.

Professor Ottar Brox lanserte denne klårgjeringsmodellen: skogen og eignelutane på land kan seljast og kaupast for pengar, fisken i havet er fri og for oss alle. Derfor vil det ikkje gå med oss slik som med Nord-Sverige og Nord-Finland. Eg hugsar godt at eg preika dette for mine studentar i 80-åra for å klårgjere skilnaden på norsk, svensk og finsk busetjingspolitikk. Men så stod vi der med eitt, og det same er i ferd med å skje med oss og: avfolking, nedleggjing av verksemder, skular og servicetilbod. Var ikkje fisken i havet likevel fri for alle?

Vi hadde som uttalte politiske mål at kystflåten skulle stå for ilandføringa av fisken, distrikta skulle leve og vere gode område og bu i, infrastrukturen skulle byggast ut og arbeidsplassane skulle tryggjast. Kvifor gjekk det ikkje slik? Alt dette hadde politikarane tenkt ut for oss, og vi hadde gjeve dei tillit og tiltru tilbake. Men noko gjekk heilt feil!

Hjernevask

Eg skal her peike på noko av årsaka som alt lenge har stått klårt for meg.

Alt som liten feskargut heime i Kiberg vart eg rokka i trua på at eg skulle få lov til å drive det yrket som den gongen stod for meg som det einaste og største i livet: å vere fiskar på eigen båt. Tvilen vart sådd i sjela mi av di mange av dei gamle som arbeidde saman med oss på kaia innstendig mana oss til å finne på noko anna: feskaryrket er det simplaste yrket i verda. Det finst mange yrke som er mykje betre, til dømes å få arbeide på kontor eller noko.

Eg trudde aldri på dette, for heile slekta mi – far, onklar og bestefar – var feskarar og trivdest med yrket. Men bodskapen frå miljøet måtte ha gjort sin verknad, for tidleg i femtiåra tok dei unge til å reise bort frå heimstaden, og det heile auka i tiåra som følgde. Når eg no ser attende, så høyrde eg aldri godord om feskaryrket, korkje i min barndom, ungdom eller manndom. I dag kallar vi dette for hjernevask, og så grundig har dette fått spreie seg i dei nordnorske fiskarmiljøa, at ikkje ein einaste plass på kysten står urørt av denne propagandaen. Midt i min beste manndom, i 60- og 70-åra, tok så industrireisinga til for alvor, og det fløymde over av arbeidsplassar innafor industrien.

Men med det kom eit av dei verste feilskjæra i fiskeripolitikken: Ein gjorde blåkopi av industrireisinga og ville tryggje arbeidsplassane innafor fiskarsamfunna med stordrift på havet og. I dag veit vi at dette gjekk frykteleg gale, både for fisken i havet og folka på land. Denne stoda er så velkjent at eg tek ikkje dette oppatt her. Men eg vil peike på at storindustrien på land for lenge sidan har lagt inn årene, og no er det tids for at det same skjer på havet.

Politikarskapt

Vi er seint ute, men det er aldri for seint å snu berre politikarane kan take dette inn over seg og lære seg ein annan tankegang enn det gjengse. I dag har vi oversikten, og då er det lett å seie at krisa i Finnmark er politikarskapt. Men det er og lett å vere etterpåklok. Hovudspørsmålet må derfor vere: kva har vi lært av dette, og korleis skal vi kome på fote att og finne ein ny gjev?

Eg var med den gongen først på 80-åra då stordrifta i bondenæringa køyrde distriktsjordbruket i grøfta og vi fekk kvoteordninga som tok livet av småskalajordbruket i nord. Eg og mange med meg har ropa varsku innan fiskeria etter at kvoteordninga her vart innført. Parallellane med jordbruket trer klårt fram i dagen, men politikarane, og mange av fiskarane med, lest som dei ikkje ser det. Men innanfor primærnæringene er det ikkje få som har åtvara mot gigantomanien.

I dag veit vi at kystflåten lett kan stå for ilandføringa av heile den norske fiskekvota, vi veit at vi i Finnmark kan stå for den beste kvalitetsfisken, vi veit at med rett hausting av havet kan vi take vare på dei ressursane som er sjølvfornyande, og vi veit at verda etterspør kvalitetsfisk når vi berre kan levere til fornuftig pris. Vi veit og at finnmarkssjarken kan forbetrast og lett kan gjerast om til mange føremål: reketrål, snurrevad, linefiske på kveite, hysa, torsk, juksa, sei-og makrelldorg samt krabbefiske. Med litt endring av skrog og motorkraft vert denne båttypen ein rask havgåande og effektiv fiskebåt med kort tid til fiskefelta rundt kysten. Men politikarane våre må lære seg ein annan og ny filosofi omkring utnytting av fiskeresurrsane og kapitalkravet i denne samanhengen. Altfor lenge har politikarane våre trudd at den såkalla utviklinga er ein naturlov som ikkje kan brigdast, og slagordet om ilandføring av råstoff heile året har forblinda både leg og lærd. Denne filosofien har slått heilt feil. Det er sesongfiskeria som må utnyttast på beste måte, så får vi heller ha litt fri frå havet i ny og ne. Det nye i tida er å gå attende til dei gamle preserveringsmåtane som saltfisk, tørrfisk, boknafisk og ferskfisk, men alt basert på topp kvalitetsråstoff. Men alle desse tingene kan spesialistane våre mykje betre enn eg.

Betre kvalitet

Det er politikarane våre som må gå i spissen, for den nye filosofien må følgjast opp med konkrete handlingar og åtgjerder. Eg trur ikkje det er naudsynt for meg å gå inn på nærare detaljar, for kvar einaste nordnorske feskarmann veit kva eg siktar til.

I avisene les eg at Ap postulerer ein ny fiskeripolitikk for kysten. Men eg ser ikkje eitt ord om at dei har tenkt i verkeleg nye banar i så måte. Å flikke på det gamle er fåfengd og fører ikkje til frigjering og oppkomst for kysten generelt og Finnmark spesielt. Å tilføre pengar utan ein fast og ny strategi er å kaste pengar i havet.

Kva så med nedfrysinga etter kjende metodar? Dette må ein kunne gjere når det er naudsynt i høvet til marknaden eller arbeidskapasiteten når utviklinga her har nådd lenger enn i dag. Men vårt bidrag til fiskerimarknaden må bli stadig betre kvalitet, for det er her vi har dei beste føresetnadene.

Alt dette har vi visst lenge, vil mange seie. Men for meg som no har levd lenge, stig stadig fleire slagord frå fortida fram i dagen: I 50-åra var det opplest og vedteke: bort med passive reiskap, ein skal gå aktivt inn og hente fisken der han er til einkvar tid. I 60-åra heitte det: bort med sjarken. Vi har for mykje folk i fiskeria, lat industrien take over. Send ungdommen sørover til storindustrien. I 70-åra kom reaksjonen og den grøne bølgja: attende til landsbygda. Men snart tok gigantomanien over også i primærnæringane: større gardar, større båtar, og oljeindustrien tok av for godt. Så kom tidevendet, først nesten umerkande, så sterkare fram i dagen: «blårussen» melde seg på og tok etter kvart over heile pengebingen. I dag står vi her og veit ikkje råd.

Gå i oss sjølve

Det eg til no har sagt er berre sanninga stykkjevis og delt, men for meg er det klårt at vi først må gå i oss sjølv for å finne beste utgangen på dei røynslene vi sit inne med. Så må heile Fiskeri-Noreg gjennomdrøfte problema med heilt nye og uhilda auge. Vi må og ha lært at det ikkje let seg gjere å overlate roret til desse politikarbroilarane. Dei har ikkje evna til å hente lærdom frå det levde livet. For meg synes det som om våre politikarar sit der nede i Oslo og er meir opptekne av å få oss med i EU enn å arbeide for eit rikare og tryggare liv for kystfolket her nord. Dette må vere eit stort tankekors for oss som veljarar! For å summere opp den røyndommen vi sit inne med i dag:

  • Vi veit at sjarkflåten kan ilandføre heile den nasjonale fiskekvota dersom den berre slipp til.
  • Vi veit at sjarkflåten kan tilpasse seg dei strengaste kvalitetskrava frå landstasjonane.
  • Vi veit at marknaden etterspør toppkvalitet og er viljug til å betale for det.
  • Vi veit at sesongfiskeria vil halde fram dersom vi ikkje øydelegg gyte-og oppvekstområda.
  • Vi veit at sjarkflåten kan gje liv og rørsle til kystfolket snøggare og med mindre innvesteringar enn nokon annan aktivitet på land.

Så kva er det vi ventar på? Alt dette kan politikarane våre bøte på dersom dei brukar dei 75 millionane til å ruste opp kystsamfunna med desse synspunkta for auge. Alt anna er å kaste pengar i havet.

---
DEL

Legg igjen et svar