Fellesskap må bli sexy

Det er berre eit stort og forhandlingssterkt SV som kan gi Noreg ein ny kurs.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

SV kan stå på terskelen til ein ny epoke og skal denne veka halde eit av sine viktigaste landsmøte i si trettiårige historie. Ideologi og slagord skal omsetjast til konkret handling i ein ny maktsituasjon for venstresida. No vil partiet inn i regjeringskontora og i praksis vise at fellesskap og solidaritet skaper eit betre samfunn enn privatisering og marknadsfundamentalisme.

Mange har gått lei av kommersialismen og ønskjer å sikre velferdsstaten før det er for seint. Utfordringa for venstresida er å gjere folks daglege problem til ei sak for fellesskapet, seier sosiologen Zygmund Bauman. Eller med andre ord, vi må gjere fellesskap og solidaritet meir sexy enn nyliberalistisk egosentrisme.

Falsk valfridom

Det nyliberalistiske angrepet på velferdsstaten er eit internasjonalt ideologisk prosjekt støtta av sterke økonomiske og politiske krefter. Dei eplekjekke jappane i Høgre låner retorikk frå neokonservative tenkjetankar i USA og ropar på meir valfridom. I deira verd er valfridom det same som retten til å kjøpe seg fri frå fellesskapet. Politisk engasjement og velferd for alle skal erstattast med retten til å kjøpe seg private løysingar som svekkjer fellesskapet og fører til sosial og kulturell segregering. Men ikkje nok med det. Naturressursar og verdiar som fellesskapet har skapt gjennom generasjonar, blir no tumleplass for internasjonale storkonsern som berre har forakt til overs for folkevald kontroll.

Ny regjering påtrengjande

Nye dramatiske privatiseringsframstøyt er på trappene og gjer det påtrengjande nødvendig å få på plass ei ny regjering og ein ny politikk. Ein av grunnpilarane i den skandinaviske velferdsmodellen er den offentlege fellesskolen. Her kan alle utfalde seg uavhengig av lommeboka til foreldra. No er dette systemet under press frå private utan ansvar for fellesskapet. Når politikarane sviktar den offentlege skolen, flyktar dei kjøpesterke til private skolar der dei møter likesinna. Så slepp dei å bli utfordra av andre kulturar og andre haldningar. Ei ny regjering må stoppe denne utviklinga og byggje ein mangfaldig og spennande fellesskole der alle, ikkje berre dei med pengar, får reell valfridom.

Det andre store privatiseringstiltaket som står for døra, er pensjonsreforma. Her skal trygdeytingane i regi av det offentlege reduserast slik at det blir større rom for mektige private aktørar. Resultatet blir ei dramatisk overføring av ressursar og makt frå offentleg til privat sektor. Det er urovekkjande at Arbeidarpartiet i så stor grad har valt å lytte til dei borgarlege partia i denne saka og heller ikkje ønskjer å høyre kva veljarane meiner om dette spørsmålet.

Etter kvart er det mange som ser at kommersialiseringa og privatiseringa har gått for langt, og som derfor ønskjer eit regjeringsskifte. Denne utviklinga er eit godt utgangspunkt for ei eventuell ny regjering, men det blir krevjande å innfri forventningane. Arbeidarpartiet har ei frynsete fortid når det gjeld privatisering. I opposisjon har dei nærma seg SV på ein del område, i alle fall i retorikken. Men det er berre eit stort og forhandlingssterkt SV som kan gi ein ny kurs.

Aktiv næringspolitikk

Eit godt utvikla velferdssamfunnet er ikkje minst ein viktig basis for eit konkurransedyktig næringsliv. Det er ikkje utan grunn at dei skandinaviske landa med sin velferdsmodell har ein sunn økonomi. Verdiskaping har alltid stått sentralt for den politiske venstresida. Det har derfor ein viss symbolverdi når SV legg sitt regjeringsførebuande landsmøte til det fylket som har størst eksportverdi per innbyggjar, og som har gode eksempel på at miljøsatsing og næringsutvikling kan gå hand i hand.

Men Vest-Agder er samtidig det fylke som har fostra ein næringsminister utan verktøykasse. SV må i motsetning til Gabrielsen satse på ein aktiv næringspolitikk. Partiet legg i sitt nye arbeidsprogram vekt på kunnskap og kompetanse som basis for ny næringsutvikling. Men vi må samtidig sikre at kunnskap framleis blir eit fellesgode som ikkje kan monopoliserast av kortsiktige næringsinteresser. Og vi må ha passe oss for å sjå kunnskap i eit for snevert nytteperspektiv slik den nye forskingsmeldinga i nokon monn gjer. Bygginga av kunnskapssamfunnet ber i seg mange konfliktar og store utfordringar. Debatten om ideane til økonomen Richard Florida er eit av mange eksempel på dette. SV har så smått tatt fatt i utfordringane, men partiet har framleis ein lang veg å gå.

Ein kultur av dugnad og idealisme

Enkelte rikssynsarar har kritisert partileiaren i SV fordi ho tenkjer seg om for lenge før ho tar vanskelege val. Men dette er tvert i mot ei av hennar sterke sider. Evne til å ta ein tenkjepause for å konsultere partiorganisasjonen er nettopp det som byggjer sterk leiarskap. Det er ingen grunn til at SV med sine tradisjonar skal kopiere andre parti og lytte for sterkt på private konsulentar.

SV er bygd på ein kultur av dugnad og idealisme. Det er viktig å halde fast på dette i ein situasjon der fleire og fleire blir godt betalte heiltidspolitikarar. Frå å vere ein hemsko for karrieren er SV-arbeid i ferd med å bli ein karriereveg. I denne situasjonen er det heilt avgjerande å ta vare på partiorganisasjonen og det tradisjonelle samarbeidet med andre organisasjonar dersom posisjonar og formell makt skal bli til reell samfunnsendring.

Eit tydelig klimaskifte

Kommersialisme og privatisering har lagt press på fellesskapsverdiane under skiftande regjeringar dei siste tiåra. Om SV kjem i regjeringsposisjon må det skapast eit tydeleg klimaskifte. Ein offensiv ideologisk kamp mot det nyliberalistiske hegemoniet må kombinerast med ein god porsjon solid politisk handverk og evne til å utvikle velfungerande organisasjonsmodellar som møter dagens utfordringar. Kanskje ei ny regjering bør erstatte privatiseringsminister Meyer med ein minister for fellesskap og solidaritet.

---
DEL

Legg igjen et svar