EU sett frå Afrika


Fleire afrikanske land nektar å signere nye frihandelsavtalar med EU.

Email: redaksjon@nytid.no
Publisert: 2008-08-05

Når ein høyrer norske ja-folk, kan ein få inntrykk av at EU er ei snill, vennleg kjempe som bruker musklane sine til å hjelpa dei som ligg nede. Eg trur det ser litt annleis ut frå Afrika.

I den globale handelspolitikken er det mange forkortingar med langtrekkande verknadar. Dei fleste har vel høyrt om WTO og IMF. Dei siste åra har GATS blitt eit stadig meir brukt omgrep. I mange afrikanske land er ein no sterkt oppteken av EPA, Europeiske Partnarskapsavtalar. Dette har ikkje noko å gjera med einkjønna ekteskap eller den slags, snarare er det tale om eit slags økonomisk tvangsekteskap mellom EU og ulike ACP-land. ACP står for Land frå Afrika, Karibia eller Stillehavet, og er ei samlenemning for 78 tidlegare koloniar av EU-land.

Tidlegare var handelstilhøvet mellom desse EU og ACP regulert gjennom Lomè og Cotonu-avtalen. Desse avtalane ga ACP-landa nulltoll inn til den store og viktige EU-marknaden, vel å merka for råvarer. I tillegg forplikta EU seg til å gje ein del bistand. Vidare inneheldt avtalane dei klassiske tolltrappene, jo meir avansert (og verdifullt) eit produkt er, jo høgare toll. Dette gjorde det vanskeleg for u-land å industrialisera seg, sidan tolla på industrivarer var langt høgare enn om råvarene blei eksportert uforedla. Dei einaste landa som har hatt tollfri tilgong til EU-marknaden har vore dei 49 fattigaste, som så langt har hatt lite å eksportera.

No er Cotonu-avtalen utgått på dato, og skal altså erstattast med EPA. Desse avtalane er gjensidige. Det vil sei at dei opnar opp begge vegar. EU skal fjerna tollen på ein del varer frå u-landa, og u-landa skal fjerna all toll og alle handelshinder mot EU.

Kva vil det sei? Det blir vanskelegare for utviklingsland å bygga opp ein konkurransedyktig industrisektor eller tenestesektor. I dag har mange land reglar som seier at utanlandske bedrifter som etablerer seg må bruka lokale underleverandørar. Eller ein krev at utanlandske hotellkjeder som etablerer filialar i eit land skal bruka lokalt tilsette i leiarposisjonar, ikkje berre som kelnarar eller stuepiker.

Abonnement halvår kr 450

Berre det å fjerna all toll på matvarer frå EU til u-land vil kunne ha drastiske verknadar. Så lenge EU subsidierer matvarer både for eigenproduksjon og for eksport, vil dei lett slå ut dei fleste lokale produsentar. I dag finn du mykje kylling frå EU i butikkhyllene i Ghana. Ikkje fordi ein ikkje kan laga kylling i Ghana, men fordi EU sin er billigare. …


Kjære leser. Du har allerede lest månedens 4 frie artikler. Hva med å støtte NY TID ved å tegne et løpende online abonnement for fri tilgang til alle artiklene?


Legg igjen et innlegg

(Vi bruker Akismet for å redusere spam.)