Et «nært, tett og godt forhold til USA»?

I førre veka gjekk den nyutnemnde utanriksministeren Jonas Gahr Støre ut mot deler av SVs partiprogram. Berge Furre meiner at Støres USA-vennlege utsegner liknar Jan Petersens og er uheldig for den nye raudgrønne regjeringa.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

«Et nært, tett og godt forhold til USA» varslar utanriksminister Jonas Gahr Støre i Ny Tid i eitt av sine fyrste intervju om norsk utanrikspolitikk. .

Eg vart mykje forundra over ordvalet. Kan utanriksministeren verkeleg velja slike ord no? Kan eit forhold vera «nært, tett og godt» til ei supermakt som fører åtakskrig – ein krig dette folket var og er imot? Skal dette vera ein botnplanke i norsk utanrikspolitikk?

Rett nok legg utanriksministeren til eit «som til alle andre land». Men USA er ikkje kva land som helst. Ordbruken liknar Jan Petersens.

Og ordbruken går kvasst på tvers av dei haldningar ei brei fredsrørsle har vist her til lands ved å gå på gatene i den største politiske demonstrasjon vi har sett på mange tiår – ei rørsle som tvinga Noreg ut av ein krig som konservative krefter i den regjeringa nok gjerne hadde tenkt seg. Og ei rørsle som la noko av plankane under den siger som skaffa oss eit politisk skifte. For dei må ein slik uttrykksmåte kjennast temmeleg fjern og temmeleg provoserande: Eit «nært, tett og godt forhold» til ei supermakt i krig!

Utanriksminister Gahr Støres ord var ikkje heldige. Eg kan ikkje sjå at slik ordbruk har grunnlag i fråsegna frå Soria Moria. Der står ikkje noko eksplisitt om USA. Men der finst ei rekke utsegner som markerer ein heilt annan kurs internasjonalt enn den USA for tida fører. «Det er i norsk interesse at vi har en FN-ledet verdensorden og ikke en situasjon der nasjoner tar seg til rette på egen hånd….. Norge vil være pådriver i FNs arbeid for felles standarder på viktige områder og FNs arbeid for videreutvikling av folkeretten.»

Soria Moria-fråsegna

Når det gjeld å utvikla FN og folkeretten, er det ei kjensgjerning at ein møter USA som ei hindring – anten det gjeld miljøkonvensjonar eller den internasjionale straffedomstolen. USA er ingen pådrivar i desse spørsmåla. Tvert imot. – søkjer USA å fremja interesser på tvers av FN og folkerett.

Det heiter i Soria Moria-fråsegna at norsk utanrikspolitikk skal liggja fast når det gjeld medlemskap i NATO. Det var eit av dei offer SV bar fram på samarbeidsalteret. Innanfor NATO er Noreg og USA allierte. Det føreset eit normalt og korrekt forhold til supermakta innanfor alliansen. Men det er ikkje det same som å proklamera i denne situasjonen eit «nært, tett og godt » forhold til USA.

Tvert imot har det frå fleire hald innanfor det raudgrøne fargespekteret sagt frå at vi no skal få ei regjering som viser sterkare sjølvstende overfor USA. Statsministerens telefonsamtale med president Georg W Bush – om tilbaketrekking av norske offiserar frå Irak – vart tolka som ei markering av nettopp det.

Det er ein realitet at når den norske regjeringa skal styrka og utvikla sin innsats for ei meir rettferdig fordeling av makt og ressursar i verda, ein sterkare solidaritet med land i den tredje verda som held på å sundbrytast av den nyliberale bylgja som framleis går over verda, vil Norge gong på gong møta USA med heilt andre økonomiske og politiske interesser.

Kanskje utanriksministeren valde den uheldige ordbruken som eit slag motstykke til formuleringa frå SV-landsmøtet om at «USA er den største trusselen mot verdensfreden». Landsmøteformuleringa var så visst ikkje den beste. Men utanriksministeren må forstå at ei slik formulering kan tvinga seg fram på eit landsmøte i harme over USAs rolle i dag som den mektigaste krigsmakt i historia og som fredsbrytar. Og at USAs blodige maktspel i Midtøsten kan løysa ut fleire krigar med konsekvensar vi ikkje anar. Det nyttar ikkje å lata som USA ikkje trugar freden i verda. Dei har jo alt vist at dei gjer det – for alle som vil sjå.

Ingen grei onkel

Noregs tilhøve til USA har – som utanriksmisteren seier – mange sider og djupe tradisjonar. Dei fleste av oss har slektningar «over there». Og det er mangt å henta frå amerikansk kultur og sosialt liv. Visst er der det. Vi som kanskje ein gong «hata Amerika» under Vietnamkrigen har lagt det bak oss. «Antiamerikanisme» er ord med klang av meiningsløyse. Og vi veit at der finst eit anna Amerika – utan Bush. Sjølvsagt gjer det det.

Men USA er ingen grei onkel. Ein skal ikkje halda seg mykje utanfor Vest-Europa, t.d. i Latin-Amerika, før ein anar den frykt USA har skapt med sine militærdiktatur, sine våpenforsyningar, sine CIA-agentar, sine kupp mot demokratiske regime – sin Monroe-doktrine om USAs «rett» til å styra i den latinamerikanske «bakgarden». Politikarar frå den del av verda møter USAs utsendingar – med neven knytt i lomma. Dei veit kvar makta ligg og må jamt bøya seg for den.

Det ser ut til at USA har skaffa seg eit slag historisk rett til å plassera militærstyrkar ut over heile kloten. Inga anna makt etter det britiske imperium fall har våga seg på noko slikt. Dette nettverk av væpna basar – som øver sitt politiske trykk nesten overalt – gløymer vi lett. Men det er der heile tida – ein global militær aktivitet utan stogg. Venezuela var det siste landet som fekk oppleva ambassadens innblanding i eit kupp – som altså faktisk ikkje lykkast.

Treng markeringar

Jonas Gahr Støre peikar på sine intense diskusjonar med amerikanske venner. Eg har og hatt glede av slike samtaler. Slike vil vi ha. Dialogen skal og må vera der – på det private plan og på det politiske. Men vi skal vita at bak dei lettføtte tankesprang ligg ei supermakts militære sprang, politisk hegemoni og økonomiske maktmiddel til å fremja den nyliberale ideologi og USAs intertesser. .

Jonas Gahr Støre vil ikkje ha «demonstrasjonspolitikk», seier han. Nei, dei færraste vil det. Men han legg til at «kravet om norsk markering overfor USA er lettvint».Eg trur vi treng markeringar – mot det trykk USA øver politisk og økonomisk i verda. Det handlar om politisk sjølvstende for vårt land – og andre land..

USA er den tyngste politiske og militære realitet i verda idag. Når USA ikkje er nemnt med eit ord i Soria Moria-fråsegna, er det ikkje tilfeldig, trur eg. Innanfor Arbeidarpartet i den eldre generasjon ligg det ein USA-vennleg tradisjon heilt frå krigens år – som truleg held seg i dvale slik USA skikkar seg i Midtøsten for tida.

SV har og sin sterke arv av erfaringar når det gjeld USA i verdspolitikken. Det er naudsynt i dag – og det vil vera naudsynt frametter – å balansera slike tradisjonar og interesser innanfor den politikk regjeringa fører.

Ikkje heldig ordval

Dei fleste i dette landet helsar ei ny regjering med spenning, glede og forventning. Vi vonar og ventar at Norge står ved eit historisk vendepunkt. Augo er retta mot denne regjeringa – frå folk og rørsler i andre land – og her heime. Mange har særleg store forventningar til ein utenrikspolitikk med nye drag.

Det er å vona at Jonas Gahr Støre vil gje utanrikspolitikken ein klår dynamisk profil for fred, eit bidrag til ei tryggare verd med større rettferd – at vi skal oppleva steg som peikar mot at «ei anna verd er mogleg».

Kvifor så hefta seg med tre små ord? Fordi dei kan symbolisera mykje og tolkast og binda i ei viss lei. Det gjeld at denne regjering ikkje snåvar i den kurs ho legg no.

Vi vonar og trur i tillit – men vi trur ikkje at «et nært, tett og godt forhold til USA» kan vera det rimelege utgangspunktet.

Utanriksministerens ordval er ikkje heldig i så måte. For den raudgrøne alliansen skal vara lenge!

??

??

??

??

3

---
DEL

Legg igjen et svar