Er det fare for politisk feilparkering?

Måndag 9. mai 2005 fekk SV-leiar Kristin Halvorsen stor applaus da ho ifølgje NRK sitt referat lova LO-kongressen «å parkere høyrekreftene på sidelinja.»

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Men ho snakka ikkje tydeleg om kven høgrekreftene er. Skal det bli ein ny politisk kurs i Norge, må vi våge å beskrive høgrekreftene. Viss ikkje kan Halvorsen & co fort ende opp med politisk feilparkering. Høgrekreftene må beskrivast i lys av fakta om korleis landet i 25 år har vori utsett for endringar som fleire og fleire samanfattar som den nyliberale revolusjonen.

Den nyliberale omdanninga av Norge har same grunnleggjande årsak som Ronald Reagan og Maggie Thatcher si omleggjing av den økonomiske kursen i USA og England på 1980-talet. Bakgrunnen er at kapitalismen har eit stort og uløyst problem: Den gjennomsnittlege økonomiske veksten blir mindre og mindre. OECD sine tal frå 1961 til 2001 viser ein nådelaus tendens nedover. Kampen mellom kapitalistane blir hardare. Jakta på nye marknader blir råare.

Norsk suksess for Milton Friedman

Akademiske miljø i Chicago prøvde tidleg å finne ein medisin som kunne lindre denne «sjukdommen» i kapitalismen. Dei 25 økonomane som utforma den økonomiske politikken som Augusto Pinochet gjennomførde i Chile etter kuppet i 1973, fekk kallenamnet Chicago Boys. Her til lands er Milton Friedman den mest kjende av dei nyliberale Chicago-økonomane. Dei som har godt minne, hugsar at Frp tidleg på 80-talet var einaste parti som – med støtte frå blårussfløya i Høgre – åpent hylla ideane som Friedman lanserte. Dei partia som åpent har agitert for Friedman sin nyliberalisme har aldri vunni fleirtal i norske val. Men i løpet av 25 år Milton Friedman sine teoriar på felt etter felt vorti godtatt i Stortinget.

Stig Malm, som tidlegare var leiar i svensk LO, har på ein presis måte oppsummert dei tesane som var grunnlaget for at Milton Friedman i 1976 fekk Nobelprisen i økonomi:

1:Hald dei offentlege budsjetta nede.

2: Selg ut statlege foretak.

3: Låg inflasjon.

4: Privatisering.

5: Redusér fagrørsla si makt.

I løpet av 1980-talet vart dette rådande politikk i Norge. Etter 2. verdskrigen har arbeidsløysa aldri auka raskare enn under regjeringa Harlem Brundtland frå 1986-1989. Ap gjorde arbeidsløysa til eit politisk verkemiddel, i tråd med Friedman sine råd.

I dag er mange grundig lei av den nyliberale omdanninga. Privatisering har vorti eit så upopulært og så negativt lada ord at Høgre no ber valmedarbeidarane sine seie «brukervalg,» «frihet til å velge» osv. istadenfor privatisering. Erna Solberg og Per Kristian Foss prøver å selje meire nyliberal revolusjon innpakka i lyseblått silkepapir, pynta med ord og talemåtar som enno ikkje er utskjemde. Derfor er det ei takknemleg oppgåve å vere radikal, norsk politikar som er mot privatisering, for ny kurs og parkering av høgrekreftene.

For å vurdere om gode lovnader er truverdige, kan det vere klokt å sjå på kva partia har gjort i løpet av nokre av etappane i den nyliberale revolusjonen. Handling er betre målestokk enn ord.

I Odelstinget 11. juni 1990 fekk Sp-statsråden Eyvind Reiten samrøystes tilslutning til den mest liberale energilova i Europa. Den gjennomarbeidde lova åpna for fullt frislepp i energisektoren. SV hadde gode endringsforslag til føremålsparagrafen. Ap og SV ville og gi staten litt vidare fullmakter til å fastsetje konsesjonsvilkår. Men elles var det ingen avvikande forslag frå Ap og SV! Dei røysta for lova etter at eigne forslag var nedstemt.

Dei som reiser med buss i Finnmark, Rogaland eller Akershus kjenner Connex Norge AS. Det er ein del av Veolia-konsernet som er berykta kloden rundt for grov utnytting av sjåførane. Dei kom inn i norsk kollektivtrafikk fordi Stortinget 13. juni 1991 åpna for anbud. SV følgte Ap og røysta for lovendringa som stemmer med Friedman si fjerde tese, sjølv om Inge Myrvoll sa at partiet var i mot.

I 2001 starta Stoltenberg-regjeringa utsalet av aksjar i Telenor og i Statoil, i tråd med Friedmantese 2. Sp var med, mens SV røysta mot dette i Stortinget. For året 2004 tar dei private aksjonærane ut 3.300 millionar kroner i utbytte frå Statoil. Dei største er amerikanske bankar. I dag eig staten framleis 70,9 prosent av Statoil. Men Ap-landsmøtet vedtok eit program for dei neste åra som åpnar for å selje endå meire: «Ap vil beholde minst 2/3 statlig eierandel i Statoil,» står det i det nye programmet. Dei amerikanske Statoil-aksjonærane har ingenting å frykte frå Ap.

I 2002 gjekk ei borgarleg regjering inn for å omdanne NSB og Posten til AS. Eit samrøystes Storting sa JA. Det var eit klimaskifte om vi samanliknar med Telenorsaka i 1994. Då røysta Sp, SV og RV mot å gjere Telenor til AS.

Om vi følgjer ein nøktern språkbruk og vurderer dei politiske partia ut frå handlingane dei har gjort, er det rimeleg å seie at dei som har røysta for å gjennomføre delar av Milton Friedman sine nyliberale teoriar, har spelt på lag med høgrekreftene. Ein må vere blind eller så regjeringskåt at ein mistar gangsynet, viss ein ikkje ser at Ap har vori det viktigaste partiet for den nyliberale omdanninga av Norge.

I tillegg veit vi at både Ap, SV og Sp satsar på å erobre regjeringsmakt for å styre Norge innanfor dei rammene som er fastsett gjennom NATO, EØS-avtalen og WTO-avtalen med GATS og andre vedheng. Det kan godt hende at den siste er den viktigaste. WTO er jo eit system som dei multinasjonale selskapa, USA og EU bruker for å «åpne» nye sektorar i stadig nye land. Høgrekreftene i Stortinget og i den «norske» finanseliten fekk ein strålande revansj da Stortinget vedtok WTO-avtalen mot berre 3 røyster (RV + 2 utbrytarar frå SV) 30. november 1994, to dagar etter at folkeavstemminga sa nei til EU-medlemskap.

«… vi i SV er svært nøgde med resultatet av folkeavstemminga på måndag. Men no er vi tilbake i den politiske kvardagen, og nye krav blir stilte til oss alle. Det er no vi skal utnytte det beste i det nei som ble gitt på måndag,» sa Kjellbjørg Lunde rett før voteringa i Stortinget. Ho var parlamentarisk leiar og oppfordra partifellene til å røyste JA til avtalen som gir fleirnasjonale selskap både rett og mulighet til å tvinge seg inn på nye marknader i motvillige statar.

Høgrekreftene i Stortinget, som i 36 timar hadde kjend seg parkert på sidelinja etter folkeavstemminga, sende gode tankar til SV den dagen.

Kva er muleg?

For 24 år sia vart Francois Mitterrand vald som den første sosialdemokratiske presidenten i Frankrike. Men den klassiske sosialdemokratiske strategien hans med nasjonalisering og stimulering av etterspurnaden braut saman etter få år. Redaktør John Bellamy Foster i Monthly Review hevdar at Mitterrand sitt nederlag den gongen avslørte «grensene for en sosialdemokratisk politikk, nå som etterkrigsboomen var slutt og kapitalismen hadde vendt tilbake til sin grunnform.»

Vasskraft- og oljelandet Norge er på fleire vis i ein annan nasjonaløkonomisk situasjon enn resten av Europa. Men det er den same kapitalismen. Og ein ting er sikkert: Viss det ikkje skjer store endringar i økonomien, så blir det ingen ny politisk kurs om Ap, Sp og SV overtar regjeringsmakta. Da blir det berre ny retorikk og kanskje litt lågare tempo.

Kursendring er muleg. Trondheim bystyre – med fleirtal av Ap, SV, Sp, RV, Dei grønne og Pensjonistpartiet – rekommunaliserte to sjukeheimar ved siste årsskiftet. I den saka vart høgrekreftene og private profitørar parkert på den sidelinja der dei skal vere. Mangeårig fagforeningspress nedafrå ga resultat.

Nokre av dei enkle grepa som må gjerast på riksplan er: Full nasjonalisering av Statoil, annulering av anbudet som er utlyst på Gjøvikbanen og endring av yrkestrafikklova slik at det blir slutt på anbud i kollektivtrafikken. Sjukehusreforma som gjorde sjukehusa til AS-liknande foretak må omgjerast slik at sjukehus blir styrt ut frå helsemessige omsyn.

Utan slike tiltak vil Kristin Halvorsen sin flotte tale på LO-kongressen for ettertida bli samanlikna med SV sitt JA til dei multinasjonale konserna i Stortinget 30. november 1994.

Venstresida i Norge må lære av dei folkelege rørslene som har klart å tvinge regjeringane sine til å gå på tvers av t.d. reglane i WTO-avtalen. Breie masseaksjonar stansa eit stort liberaliseringsprosjekt i Colombia i 2002. I Trinidad mista eit britisk konsern eigedomsretten til vassverket i 1999. I India var Enron utvist frå delstaten Maharashtra.

Liknande aksjonar må til i Norge viss vi skal ha håp om å presse høgrekreftene ut i grøfta.

Erling Folkvord er stortingskandidat for RV i Oslo

---
DEL

Legg igjen et svar