Eit mini-atomåtak i Londons gater

23. november var det ti år sidan Alexandr Litvinenko døydde av skadane frå poloniums-forgifting. 

Foto: Mette Karlsvik
Mette Karlsvik
Karlsvik er forfatter. og litteraturkritiker i Ny Tid. (Bilde: © Tove Breistein)

14/10–2016. «Om Sasja var i live, ville eg sitte med han her no.»

Marina Livtinenko sit med ryggen mot rommet. Om Aleksandr Litvinenko var i live, ville han nok ha sete motsett veg. Den tidlegare offiseren i russisk sikkerheitsteneste ville ha feira 22-års bryllaupsdag med Marina. Dei ville kanskje ha sete her, i The Frontline Club, tenketanken for demokrati- og ytringsfridomsspørsmål. Ha feira Aleksandr sine regimekritiske bøker. Feira fridomen til å spasere frå Paddington til The Frontline, fridomen i London. Feira alt dei har klart: Å møtest. Å skilje seg frå tidlegare ektefeller. Å få Anatoly, sonen, som no er ferdig på universitetet og skal bli journalist.

Men Aleksandr er ikkje i live. 14. oktober 2006, på dagen seks år etter at han og Marina fekk britisk statsborgarskap, blir han forgifta av polonium 210. På dødsleiet lovar Marina Aleksandr å få dei skuldige dømde. Ti år seinare, på dagen, skal eg snart få vite korleis det har gått.

AFP PHOTO/LEON NEAL

14/10–1994. Marina ammar Anatoly. Han treng henne heile tida. Marina har ikkje tid til å handle bryllaupskjole. Men ho har rutine på å ordne håret. Ho set det opp bak, med nåler. Langs andletet heng lokkar som ho krøllar med ei varm tong. Ho vel den gjævaste av dansekjolane sine. Kjolen er svart.

«Eg var aldri oppteken av å gifte meg. Det var Sasjas idé. Han var så innbiten. ’Vi må gifte oss, det er veldig viktig,’ sa han, med tyngd på ’må’ og ’veldig’.»

Aleksandr tar på seg ein lys dress. Så reiser Marina og han til registreringskontoret og blir mann og kone.

Marina sitt første ekteskap var med hennar eigen dansepartnar. «Det var praktisk å gifte seg. Vi reiste så mykje rundt saman. Å gifte seg gjorde reisinga lettare,» minnast Marina. Aleksandr var også gift, men ikkje lykkeleg. Marina og han hadde kjent kvarandre berre i eit par månadar då Marina skjønte at ho var gravid. Det var ikkje aktuelt for henne å ta abort.

«Men eg kunne ikkje vere trygg på kva Sasja ville seie. Du veit, menn … Men han vart svært glad. Han sa: ’No kan du aldri gå frå meg.’»

Frykta han at du skulle gå frå han?

«Han var aldri sikker på at eg ikkje skulle gjere det. Han opplevde meg som sterk og sjølvstendig.»

Det følgjande er henta frå Marina Litvinenko sine vitneforklaringar eller vart fortald av henne under intervjuet: Som offiser i sikkerheitstenesta vart Aleksandr, seint i 1997, gitt «ein eintydig instruks om å utføre ei mordhandling». Dette skulle han kunne gjere innanfor ein «hemmelig, uforklarlig eining». Jobben var å drepe vitskaps- og forretningsmannen Boris Berezovskij. Kva skulle Aleksandr gjere? Han grublar over det i fleire veker, og går så til Berezovskij og fortel om ordrane. Han klagar til arbeidsgivaren sin, og blir uroleg for eigen sikkerheit. I april 1998 reiser Marina og han til Berezovskij si hytte. Aleksandr fortel alt til eit kamera. «Dei gjorde dette i tilfelle nokon skulle bli arrestert. Eller endå verre, bli drepne,» fortel Marina.

Eit halvår seinare fortel Aleksandr «alt» i ein direktesendt pressekonferanse. «Aldri før i historia til russisk sikkerheitsteneste har FSB fått så mykje merksemd,» fortel Marina: «Sasja og dei andre snakka om korrupsjon, kriminalisering av byrået og det faktum at systemet som er sett opp for å forsvare folk, blir eit system som folk treng vern mot.» Aleksandr mistar jobben. I mars 1999 blir han arrestert.

1999, Butyrkafengselet, Moskva. Marina står i ein kø for å komme inn. Timar seinare kjem ho fram til luka. Så blir ho sendt heim att. Du må ha ei tillating, får ho vite. Tillating? Marina drar heim, leiter opp privatnummeret til fengselsdirektøren og ringer han. «Du må innhente løyve frå sentralt hald,» seier han. Morgonen etter kjem Marina ut frå eit statleg kontor med ein attest på at ho kan vitje mannen sin i fengselet. Endeleg er ho tilbake, med ein boks med mat, og denne gongen kjem ho heile vegen gjennom.

«Sasja var sjokkert då eg stod der. Ingen trudde at eg skulle komme inn. Særleg ikkje direktøren for fengselet.»

Denne styrka di minner meg om når du lovar Sasja på dødsleiet å få den skuldige dømt.

«Då eg gjekk til fengselet den gongen, var eg klår og styrt av krefter som eg ikkje visste at eg hadde. Det liknar kampen med rettssaka. Eg visste at eg måtte handle.»

September 2000 seier Aleksandr til Marina at han skal til Nalchik for å vitje slekt. Snart sender han henne ei melding frå Georgia: Han har flykta. Aleksandr ber Marina ta med Anatoly til Spania. Marina må ta ei stor avgjersle. Ho har heile livet sitt i Moskva, og jobbar som aerobicinstruktør og personleg trenar. Anatoly går på skule. Foreldra og alle vennene hennar bur i byen. Men så pakkar ho og drar til Spania. Der ventar Aleksandr. Saman reiser dei vidare til Tyrkia.

«Sasja snakka om korrupsjon, kriminalisering av FSB og det faktum at systemet som er sett opp for å forsvare folk, blir eit system som folk treng vern mot.»

«Vi byrja å kjenne oss ganske fortapte i verda. Det var heilt openbert at vi ikkje kunne reise attende til Russland. Kunne vi vere i Tyrkia? Vi søkte om visum.»

Men så sender Berezovskij folk: Alex Goldfarb og hans kone kjem frå USA. Dei er stødige folk som tar grep i ei opprørd tid. Saman køyrer dei bil til Istanbul. «Dei var så rolege. Særleg fru Goldfarb. Eg kjente at det kom til å gå bra.» Turen endar i ein bustad i Kensington, London. Eit halvt år seinare får familien asyl i Storbritannia. Aleksandr skriv regimekritiske bøker.

Aleksandr framstår som ein kompromisslaus og modig mann. Men du var med han heile vegen. Var det tøft?

«Eg var ikkje alltid sikker på kva eg skulle gjere. Flukta var ein sånn ting. Eg hadde heile livet mitt i Moskva. Men det avgjerande var nok då eg skjønte at Anatoly kunne vere i fare om vi vart att i Russland.»

The Frontline Club, 19/10–2006. Journalistar, lesarar, opprørte folk går frå Paddington mot Norfolk Place. Dei samlar seg i andre etasje av klubben. Aleksandr Litvinenko sit på scena. «Kven drap Anna Politkovskaja?» spør programleiaren. «Det kan eg svare direkte på,» seier Aleksandr: «Det var Mr. Putin.» Også andre peiker på Kreml etter Politkovskaja-drapet. Russland rankar stadig lågare på ytringsfridomslista til Reportere Uten Grenser. Men Putin sit med makta. Journalist og forfattar Luke Harding seier til meg seinare: «Russarar har aldri opplevd reelt demokrati. Dei hadde eit kvasidemokrati under Jeltsin. Folk, som leiarar, vil ha god levestandard. Framom alt er dei ute etter å ha det komfortabelt. Også forfattar Sofi Oksanen uttrykte eit liknande syn i eit intervju eg gjorde med henne i haust: «Russarar forbind ’demokrati’ med kaos og fall i levestandard. Folk flest i Russland vil heller ha ein sterk despot enn ein god person som leiar.»

Tolv dagar etter intervjuet på The Frontline møter Aleksandr gamle kollegaer frå KGB og drikk te med dei. I teen er det polonium. Aleksandr blir sjuk. Legane behandlar han for bakterieinfeksjon. «Eg er forgifta,» seier Aleksandr. Legane trur han er gal. Marina stør mannen. Ho trur han. Etter kvart skjønner også legane dette. Aleksandr blir dårlegare for kvar time som går. Håret fell av. Vitale organ sviktar. Anatoly vitjar faren og skildrar tilstanden som det å «sjå eit plasteple». Det liknar noko som lever. Men det er kunstig, eit plastskal. Marina veit at Aleksandr skal døy. Men ho må dra heim om kveldane for å vere der for Anatoly. Til Aleksandr seier ho: «Eg skal få dei skuldige straffa.» Aleksandr døyr. Anatoly spør mora: «Skal du bli deprimert no?»

«Det var eit klokt spørsmål. Eg måtte svare, og svaret var nei,» seier Marina. Når Aleksandr er død, byrjar ho kampen for saka. Det begynner, på eit vis, med hennar eiga etterforsking.

The Frontline Club, 2007. «Dette handlar ikkje om ein manns død. Det handlar om Storbritannia og Russland,» seier Marina. Ho og Alex Goldfarb sit på The Frontline med boka Death of a Dissident framfor seg. Den har dei skrive i samarbeid, på rekordtid. Men like imponerande som farta er klårsynet dei har hatt, i ei røynd der teoriar om mordet er mangfaldige. Alle teoriane kan ikkje vere sanne. Alt er mogleg. I Russland framstiller propagandamaskineriet Aleksandr som ein forrædar og ein svak person. Nokre seier at det var Berezovskij som myrda han. Andre at han vart drepen av britisk sikkerheitsteneste. Ein ser då bort ifrå det vi i dag veit: at spor av polonium går frå Moskva til London og attende til dei to KGB-kollegaene. Marina er på mange måtar aleine no. Ho trur vener held avstand på grunn av poloniumsfrykt.

«Eg vart forureina, så eg kan skjønne frykta. Men polonium blir ikkje giftig før ein tar det inn, drikk det, inhalerer.

200 politioffiserar blir sette på saka. Dei sjekkar over 60 stader – hotell, kontor, restaurantar, kollektivtransportar. Andrej Lugovoj blir sikta i 2007, og i 2011, Dmitri Kovtun. Ein veit kven som drap han kor. Men kvifor? Skal etterforskinga komme vidare, treng dei innsyn i hemmelegstempla dokument. Saka må opp eit nivå, til å verte ei sak om forstyrring av offentleg ro og orden: eit mini-atomåtak i Londons gater. Home Secretary Theresa May seier nei. Marina er i rommet når avgjersla blir lese. Ho græt. Men ho gir seg ikkje. No er ho også stødd av ein ny advokat, unge Elena Tsirlina. «Eg berre visste at vi hadde ei sak. Og alle vi var i kontakt med, i retten, gjennom media: Alle vart rørde av saka. Det var inga vanleg sak. Det skjønte Sir Owen. Han var særleg sympatisk mot oss.» Sir Robert Owen er den som drar fram Inquiries Act 2005 og får gjennom den offentlege inquiry av saka. Den byrjar 31. juli 2014 og blir lukka 31. juli 2015. Owen signerer ein rapport som sluttar med desse orda: «The FSB operation to kill Mr. Litvinenko was probably approved by Mr. Patrushev and also by President Putin.»

«Kven drap Anna Politkovskaja?» spør programleiaren. «Det kan eg svare direkte på,» seier Aleksandr: «Det var Mr. Putin.»

Er du sint på Putin?

«Eg er sint for det han gjer med Russland. Han planta frø av egoisme og vondskap. No har frøa spira, og vondskap og egoisme gror.»

Kvifor valde de han til president?

«Putin kom inn etter Jeltsin. Jeltsin vart sett på som ein alkoholisert klovn. Så kom Putin og viste styrke. Det var kva dei ville ha.»

Bryllaupsdag blir til bryllaupskveld. Vi forlèt Fronline Club og drar for å ete middag med advokaten. Elena Tsirlina er også den beste vennen til Marina. Ho seier dette om den forsøksvise opp- og nedbygginga av demokrati i Russland: «Folk vart desillusjonerte då dei såg at kommunismen, den vakre ideologien, ikkje fungerte når menneske vart blanda inn i idéane.» Elena vaks opp i Moskva, og har respekt for det som Russland var. Men no kallar ho Storbritannia for heimen sin. Det er her ho har budd dei siste 23 åra. Elena vel å ikkje reise tilbake til Russland, og har ikkje vore der sidan 2014. Både for henne og for Marina kan det vere utrygt å reise til Russland. Putin får framleis høg oppslutning, opp mot 85 prosent på meiningsmålingar. Men kan ein tru på at folk er ærlege når dei svarar på undersøkingane? Er stemmene deira også løgn? Alt kjennest mogleg. På godt og vondt.

I Storbritannia er forteljinga meir av ein straightstory og summert opp i leddsetninga: «probably murdered on personal orders of Putin» (frå Litvinenkoinquiry.org). Men Marina synest det blir for stille. Når Elena og ho markerer tiårsdagen for dødsfallet 23. november, spør ho om kvifor Theresa May og den britiske regjeringa er så stille. Marina ventar framleis på at den dei skal ta vidare steg for å få dei skuldige dømde.

Ny Tid anbefaler også å se Andrej Nekrasovs Litvinenko-dokumentar: Opprør: Litvinenko-saken frå 2007.

---
DEL