Ein vanvittig påstand

Påstanden i SV sitt arbeidsprogram om at USA er «den største trusselen mot verdensfreden» er i følgje Svein Thuastad, medlem av Sandnes SV, «vanvittig». Dette får vi vite i eit større stykke om «SVs tapte jomfrudom» i Ny Tid 35/05. Ansvaret for formuleringa i arbeidsprogrammet tilskriv kamerat Thuastad dei han kallar «partiets sålkalla systemkritiske fløy». […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Påstanden i SV sitt arbeidsprogram om at USA er «den største trusselen mot verdensfreden» er i følgje Svein Thuastad, medlem av Sandnes SV, «vanvittig». Dette får vi vite i eit større stykke om «SVs tapte jomfrudom» i Ny Tid 35/05. Ansvaret for formuleringa i arbeidsprogrammet tilskriv kamerat Thuastad dei han kallar «partiets sålkalla systemkritiske fløy». Denne fløya oppfattar han til og med «eit kjerneproblem» for partiet.

Amerikanaren William Blum har i boka Rough State: A Guide to the World´s Only Superpower (2000) lista opp 67 «globale intervensjonar» fra USA si side sidan 1945 til år 2000. Han tar då med ca 12 ikkje-militære aksjonar, resten er militære. I Vardøger (www.vardoger.no) 28 03 skriv Johan Galtung om dette. Galtung viser og til Zoltan Grossmann som kort tid etter 11. september lagde ei liste over «Eit hundreår med militære US-intervensjonar fra Wounde Knee til Afghanistan» på grunnlag av Congressional Records og Library of Congress Congressional Researc Service. Oversikta hans viser 134 små og store, globale og heimlege intervensjonar i perioden 1890-2001. Det gir et gjennomsnitt på 1,15 per år fram til og med Andre verdskrigen. For perioden etter 1945 auka gjennomsnittet til 1,29 per år. I perioden 1990 – 2001, altså dei 11 første åra etter at Den kalde krigen var over, har Grossmann registrert 22 intervensjonar – eit gjennomsnitt på 2 i året. «Dette støtter opp om hypotesen om at flere intervensjoner er nødvendig til forsvar når et imperium vokser» konkluderer Galtung (s.186).

Blum, Grossmann og Galtung – eit systemkritisk kjerneproblem for den liberale tanke! Sjølv om Blum sine tal «kan diskuteres» (Galtung), er dei meir enn nok til å halde fast på formuleringa i arbeidsprogrammet om USA si rolle som freds-/krigsnasjon. Eg kjenner ikkje til nokon annan stat i historia (ikkje ein gong Romerriket) som i løpet av så kort tid har ført så mange krigar. Veit nokon av lesarane av Ny Tid om andre? Eller skal kunnskapen om det største politiske trugsmålet mot verdsfreden framleis vere ein partiløydom mellom utvalde medlemmer i Sandnes SV?

Nettopp fordi USA er no det den eigenrådige supermakta ho er, er ho ikkje til å kødde med. Det må SV legge til grunn når partiet no får innverknad på utanrikspolitikken i regjeringsposisjon. Skal ein drive realpolitikk, må ein i det minste ha ei realistisk oppfatning av røyndomen, same kor vanvittig den er. At partiprogrammet set ord på ein vanvittig røyndom, er ikkje vanvittig, men berre ein fordel. Og sjølv om vesle Norge ikkje på noko vis kan bli ein verkeleg «partnar» til USA, er det likevel ingen grunn til at landet framleis skal vere ein «puddel».

Hans Ebbing er filosof og SV-veteran.

---
DEL

Legg igjen et svar