Ein vaken forlagsredaktør

Geir Gulliksens roman ser ut til å vere skriven i all hast og utan ettertanke.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Først skreiv eg at det går an å skrive utruleg trivielt og få det trivielle gitt ut som bok på gode forlag nå for tida, og eg noterte at den nye romanen til Geir Gulliksen var tynn og ynkeleg. Patetisk er også eit ord som høver godt, skreiv eg, og eg fann fram ord som hastig, uferdig, skisseaktig, laust, flatt og smått, før eg endeleg landa på åndsfattig.

Alt verkar smått tenkt og flatt gjennomført, og det irriterer meg at eg må bruke spalteplass på å forklare det, skreiv eg, og eg forstod at eg ved hjelp av sjølvkommentarar og andre språklege vendingar måtte få desse orda til å framstå mindre nedlatande og negative enn dei såg ut som der dei stod aleine, eller i det minste plassere det heile i eit uavklart lys ved å seie at det var slik eg starta, men ikkje nødvendigvis slik eg heldt fram.

Geir Gulliksen har skrive ein roman som heiter «Våkner om natten og vil noe annet», og det synest eg er ein fabelaktig tittel. Eg kjenner igjen både meg sjølv og samtida i den tittelen. Det er gildt at ein kan finne seg sjølv igjen noen gonger, i det minste i ein tittel. Det er som kjent mye av det som veltar innover oss frå verda som gjer oss framande både for oss sjølve, einannan og det verkelege.

Folka i romanen til Gulliksen er i ulage, dei vil noe anna. Forteljaren møter stadig folk som er i endring, lik han sjølv, folk som er på veg bort frå seg sjølve, eller kanskje dei er på veg tilbake til seg sjølve. Noe må det vere, og som sagt må det helst vere noe anna.

Det artige er, viss den slags er artig, at hovudpersonen og forteljaren i romanen til Gulliksen er forleggjar nett som Gulliksen sjølv. Men vi gjer nok best i å sjå bort frå Gulliksen og heller vurdere den namnlause eg/forteljaren/forleggjaren som ein romanfigur, heretter kalla F.

Det namnet passar forresten bra saman med namnet på dei andre figurane i boka, dei heiter A (kjærasten til F), U (krimforfattar), E (kona til U) og (brot med systemet) Tim (syttenårig såkalla problemelev). Vanskane til F har noe med jobben å gjere og det har noe med kjærleiken å gjere. A er i Berkeley og F har bare telefonisk kontakt med henne. Plutseleg (ja, plutseleg) står han naken heime hos seg sjølv mens E kjem på besøk midt på natta. E kjem for å få hjelp og trøyst. Både E og U er gode venner av F, men det er neppe godt for vennskapet at F står med tunga si djupt inni munnhola på kona til U, enda om U og E ligg i skilsmisse. Dei personlege vanskane til F blandar seg med hans profesjonelle problem. Krisa i hans profesjonelle liv heng saman med at kioskveltaren U har tenkt å slutte å skrive lønnsame krimbøker til fordel for ulønnsame diktbøker. Suksessen til U er av det slaget som er viktig for økonomien både til U, F og forlaget deira. På denne bakgrunnen – pluss eit opptrinn der F forvekslar ein forfattar og eit manus, og enda ei scene der F oppdagar at E har eit lummert forhold til Tim, hennar problemelev på skolen – på denne bakgrunnen bryt F saman, på ein måte, for å seie det i tråd med romanens enkle og hurtige måte å gjere seg ferdig med sakene på.

Boka verkar hastig og overflatisk, og figurane er stereotypiske og enkle. Noen av opptrinna er nesten flaue, og eg undrar meg på om romanen er eit forsøk på å vise at klisjear er sannare enn vi trur. Ein blir til dømes i tvil om det er Norsk Ukeblad eller den erotiske novella i Vi Menn ein les når det uventa ringjer på døra til F om natta. Først skvett han fordi det er midt på natta og han er naken. Deretter opnar han, og når E står langt inne i gangen blir han plutseleg, ja, plutseleg merksam på sin nakne kropp. Deretter skjelv han når han kler seg. Og etterpå blir han altså ståande og tungekysse med henne. Det er utruleg ynkeleg skildra, nesten flautt flatt, og denne flate scena er ikkje den einaste flaue i denne romanen.

Om U heiter det at han har sans for A fordi ho har ei særleg historie bak seg, og hennar historia er både sørgjeleg og melodramatisk, og historia kunne ha vore prenta i kva for vekeblad som helst som ei historie sannare enn røyndommen eller ein lagnad verre enn døden, eller eventuelt som eit kapittel i den neste romanen til Erik Fosnes Hansen.

Lenger ut i denne romanen får eg derimot ein mistanke om at det kanskje er dette som er meininga, at poenget med boka er å skildre det som hender med standardfraser og klisjear, fordi standardmeldingar eller klisjear er sannare enn utspjåka språk? Til dømes når F fortel om sitt første erotiske møte med E: F refererer kort og presist til at ho la handa om hans veksande kjønn mens han la handa oppunder hennar fuktige kjønn. Samtidig kommenterer han sitt eige språk og seier han neppe hadde godtatt ei slik formulering i manusa til dei forfattarane som det er hans jobb å kvalitetsvurdere. Her er det noe, tenkte eg, ein avstand mellom det profesjonelle og personlege synet på språket. Mens F i sitt profesjonelle liv sensurerer enkle skildringar, ser han det enkle som det sanne når han sjølv skriv? Hans eigen kommentar om at veksande mannekjønn i kvinnehand og fuktig kvinnekjønn i mannehand ikkje er godt sagt, skal vel bidra til at lesaren trur på at det er sant sagt, at det var den enkle og einaste måten å seie det sant på? Meininga er med andre ord at enkelt sagt er sant sagt, mens språkleg ornamentering er forgylling, fordunkling og fortolking av situasjonen? Sjølvkommentaren skal bidra til at lesaren trur på F. Ved å vise seg medviten om sine språklege val, innviar F lesaren i desse vala, og F framstår som ein bekjennande forteljar som seier tinga slik som dei var eller faktisk er, undra eg? Kanskje romanen handlar om å komme bortanfor det artifisielle og prangande, komme seg inn i ei språksone som snakkar sant om kjærleiken, tenkte eg. Men eg innvendte straks at det er paradoksalt at klisjeane skulle vere reinare enn andre seiemåtar, men det ligg kanskje ein tanke under om at det som ikkje er klisjear er ornamentering, og dermed enda meir løgnaktig enn klisjeen, og at klisjeen trass i alt ein gong i opphavs tider eller der omkring har vore sant uttrykk om eit eller anna, og i ei tid med altfor mye stilfull litteratur blir kjærleiken utroverdig ved ornamentering, men sann i klisjear, tenkte eg? Vidare tenkte eg at klisjeen sant å seie er forsiktig i sin omtale og seier det som skal til, eller det som er standard, det som har vore sant frå opphavs tider og frametter, mens andre seiemåtar bare blir pynt, bare kunst?

Men alt dette er det kanskje bare eg og ikkje romanen som tenkjer, tenkte eg?

Når F oppsøkjer U, og U blir liggande att på golvet etter at F drar vidare, forstår eg endeleg at problemet med denne romanen ikkje er at han er dårleg skrive sjølv om han ikkje er godt skrive, problemet er ikkje at han er full av overflate, grunne møte, halvtenkte tankar og dumme tankar. Møtet mellom E og Tim er særleg dumt fordi det ikkje får konsekvensar verken for E eller Tim eller romanen, og fordi det er for problematisk til å bli etterlaten uforløyst eller ugjennomtenkt. Problemet er at romanen ikkje er oppfinnsam, verken i det språklege eller i det romanaktige, som må vere noe om å finne opp hendingar og setje noe i rørsle, tenkte eg endeleg. F seier han må skrive før han får tenkt seg om, som om det ligg frelse og sanning i det naive og umiddelbare: «Jeg må beskrive det som hendte (.), før jeg rekker å tenke over det. Om jeg gir meg selv tid til å tenke gjennom det som har hendt de siste timene, vil jeg snart ha gitt det en betydning som kanskje aldri var der.»

Det kjedelege er at denne romanen ser ut til å vere skriven på dette viset, i all hast og utan ettertanke. Og det har ikkje blitt ein naiv og fin roman som verkar direkte og ærleg. Ikkje har det blitt ein rik roman som raust rislar historier, innfallsvinklar, skisser og opne og opnande språklege bilde over lesaren heller. Det har blitt ein hastig og trangsett roman, ein roman som er laga fort og ser lite av det verkelege som finst der ute i verda ein stad, og som det går an å skrive om og dikte om.

---
DEL

Legg igjen et svar