Ein til å leie sju milliardar

Stillinga som FNs generalsekretær fortener ein ryddigare tilsetjingsprosess.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Generalsekretær. Det finst inga stillingsutlysing for den fremste byråkraten i verda. Det finst ikkje noko skildring av kva jobben går ut på, bortsett frå å rydde opp i rotet som verdssamfunnet kontinuerleg produserer. Det finst inga liste over naudsynte kvalifikasjonar, bortsett frå at vedkommande må vere tilstrekkeleg rund i kantane slik at han kan aksepterast av verdas fem mektigaste statar.

Problema i verdssamfunnet er mange: Klimaendringar, væpna konfliktar, ekstremisme, pandemiar, flyktningar. Dei overskrid alle grenser og krev handlingsevne på overnasjonalt nivå. I ei verd som nok ein gong er i ferd med å bli stadig meir polarisert kjem ikkje uformelle fora som G8 eller G20 til å kunne levere truverdige globale løysingar. Berre FN kan på godt og vondt møte ei slik utfordring, men då treng organisasjonen den best eigna personen i rolla som generalsekretær.

Søknadsprosess. No startar prosessen med å finne denne personen. Noverande generalsekretær Ban Ki-moon avsluttar sin andre periode om to år, og krava om å opne opp tilsetjingsprosessen har allereie meldt seg. Nyleg vart ein koalisjon av frivillige organisasjonar danna, leia av Avaaz, FN-forbundet i Storbritannia og Word Federalist Movement, og med støtte frå ei rekkje tidlegare FN-diplomatar. Dei har stilt krav om ein formell søknadsprosess, transparente kriterier for kandidatane, ei shortlist, og ein inkluderande prosess der alle medlemsstatar og det globale sivilsamfunnet får høve til å delta. Noreg bidrar med ei stor løyving til dette prosjektet, og det fortener regjeringa all mogeleg ros for.

Makt til mekling. «We the peoples» står det i det innleiande kapitlet i FN-pakta. Generalsekretæren representerer både håp og otte for verdas sju milliardar menneske. Han – eller ho, om det skulle vise seg at historia er komen så langt – har makt til å hindre krig gjennom mekling, bygge globale partnarskap og legge press på nasjonale regjeringar som ikkje følgjer opp det verdssamfunnet i fellesskap har avgjort. Det krev ein dyktig, kompetent, overtydande og visjonær person.

Rolla som generalsekretær har ekspandert i omfang sidan FN vart oppretta i 1945. Generalsekretæren arbeider no med 193 medlemsstatar, har 40.000 tilsette, og oppsyn med 30 fond, program og byrå som arbeider med ei bredt spekter av globale spørsmål. Men prosessen for å finne generalsekretæren er den same. Den er kjenneteikna av hemmeleghald og ein utdatert praksis der det er dei fem vetomaktene USA, Russland, Kina, Frankrike og Storbritannia som avgjer.

Dominans. Initiativet 1for7billion.org reflekterer ein aukande frustrasjon over denne dominansen over alle slags utnemningar i FN-systemet, der det vert hestehandla om alle viktige posisjonar og der kvalifikasjonar ikkje er det viktigaste kriteriet. Val blir gjort i det skjulte, i private møte og etter tøffe forhandlingar der argumenta aldri når dagslyset. Det fører til eit ineffektivt, stort byråkrati som er leia av menneske utan kompetanse eller engasjement, og der dei viktige spørsmåla vert liggande ubesvart. Maktkampen er øydeleggande for målet. Og demokratiet er sett på sidelinja: Resten av FNs medlemsstatar har berre å strø sand på resultatet.

Men slik treng det ikkje vere i all framtid. Faktisk er det store fleirtalet av regjeringar samde i at utnemningsprosessen i dag er ueigna, og det er gjort fleire vedtak om å gjere han meir robust. Det skortar derimot på implementering, fordi vetomaktene bremsar. Då er presset frå sivilsamfunnet – organisasjonar, media, deg og meg – det viktigaste verktøyet vi har.

Dette er et bidrag til «Idealisten»-spalten i ukemagasinet Ny Tid, på trykk 05.12.2014.
I spalten kommer ulike idealistiske organisasjoner er til orde.
De som deltar: ATTAC Norge, Natur og Ungdom, Agenda X, Transparency International Norge, Skeiv Ungdom, Changemaker, Én verden, Framtiden i våre hender, Bellona, Fellesrådet for Afrika, Naturvernforbundet, Leger Uten Grenser, NOAH- for dyrs rettigheter, press- redd barna ungdom og WWF.

---
DEL