Ei helsing frå SV i havgapet

Eg skal helse frå ei øy vest i havet. Snøen ligg langt nede i fjella enno, for siste snøen kom ved påsketider eller endå seinare, og mangt er forseinka. Men no ventar dei på våren, og snart tek det til å grønkast på bøane. Eg skal helse frå to kyr, 18 sauer og 13 mål dyrka jord her ute i havgapet. Dessutan frå Anna og Nils Smelvær og frå motorbåten deira, som høver så aldeles ypparleg til småfiske i desse traktene. Eg skal helse frå Svanøya og alle dei andre småøyane her ute. Og dersom no vankunnige folk spør kvar dette ligg, skal vi då verte samde om å plassere det ein stad nær Florø, Sunnfjord, midt mellom Ålesund og Bergen? Hjelper det?

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).
---
DEL

Legg igjen et svar