Digitalt tv-nett – god distriktspolitikk og kulturell jamstilling

Til hausten skal Stortinget ta stilling til moderniseringa av fjernsynsnettet i Noreg – til digitalisering av alle sendemastene som utgjer eit bakkenett eller kringkastingsnett for tv. Det blir i sin konsekvens sannsynlegvis det viktigaste politiske vedtaket i Stortinget dette tiåret. Derfor må vi ikkje tape av syne dei overordna samfunnsmessige omsyna i virvelen av meir […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Til hausten skal Stortinget ta stilling til moderniseringa av fjernsynsnettet i Noreg – til digitalisering av alle sendemastene som utgjer eit bakkenett eller kringkastingsnett for tv. Det blir i sin konsekvens sannsynlegvis det viktigaste politiske vedtaket i Stortinget dette tiåret. Derfor må vi ikkje tape av syne dei overordna samfunnsmessige omsyna i virvelen av meir eller mindre relevante teknologiske detaljspørsmål som no blir køyrde fram for å forvirre dei som skal ta avgjerda i Stortinget.

Seks viktige omsyn

1. Allmennkringkasting må framleis vere tilgjengeleg for alle i Noreg.

2. TV-distribusjonen må vere regionaliserbar, slik at han kan ta vare på regionale sendingar.

3. Publikum må få tilgang til NRK2 og dei beste 20-25 tv-kanalane frå Noreg og utlandet uavhengig av bustad.

4. Befolkningsgrupper i sentrale strøk må få fleire distribusjonsmåtar å velje mellom, slik at tv-operatørane må konkurrere ordentleg om lågast pris.

5. Norske allmennkanalar og norsk kultur- og næringsliv bør vere tidleg ute med å utnytte det ny medieteknologi kan by på.

6. TV-sendingane må vere mest mogeleg driftssikre i krise og krig.

Allmennkringkasting for alle

I dag tek vi det som sjølvsagt at NRK1 er tilgjengeleg for alle. I framtida er ikkje dette like sjølvsagt. I dag er det eit aukande mediepolitisk problem at 600.000 nordmenn ikkje får inn NRK2, jamvel om dei er med og betalar for kanalen. Å byggje ut NRK2-nettet til alle i gammal teknologi er så dyrt at det kjem ikkje på tale. NRK1-nettet må rustast opp for over 1,3 milliardar kroner dersom det framleis skal brukast. Det kostar om lag det same – 1,5 milliardar kroner – å digitalisere det bakkebaserte kringkastingsnettet som det vil koste å halde det gamle nettet i drift nokre år til. Om allmennkringkasting i framtida skal vere for alle, står vi med andre ord overfor store utgifter – i alle høve. Det er derfor naturleg å bruke pengane til å ta steget over i digital tv-distribusjon.

Ny teknologi – nye tilbod

Teknologiskiftet opnar for 20-25 kanalar, i tillegg radiokanalar som Alltid Klassisk og Alltid Nyheiter, til alle i Noreg uavhengig av bustad. Tekst-tv blir til multimedia med tekst, bilete, lyd og video. Dei over 500.000 høyrselshemma og døve i Noreg vil få ei avansert teneste med teiknspråk og teksting. Sjåarane får eit elektronisk multimedieprogramblad som gjer det enkelt å orientere seg i det mangfaldige tv-tilbodet. TV-program vil bli sende med utfyllande informasjon som kan hentast fram med nokre trykk på fjernkontrollen. Og etter kvart vil den digitale tv-distribusjonen også opne for at vi kan sjå tv-programma når vi vil, gjere det mogeleg å delta interaktivt i programma og til å ta imot tv mobilt kvar som helst og når som helst. I tillegg til NRK1, NRK2, TV2, TVNorge og TV3 reknar NTV med å tilby dei 15-20 mest populære utanlandske kanalane. SVT, TV4, DR, TV2 Danmark, BBC World, CNN, Sky News, Discovery og MTV er blant dei aktuelle. Dette er som kjent eit kanaltilbod folk med satellitt- eller kabel-tv har hatt i årevis. Med eit digitalisert kringkastingsnett vil eit slikt multikanaltilbod også bli tilgjengeleg for dei resterande 1,2 millionar sjåarane (og veljarane) som ikkje har det i dag.

Auka konkurranse

Også dei tv-sjåarane som i dag har satellitt- eller kabel-tv vil vere godt tente med at det blir bygt ut eit digitalt bakkenett. Dei vil få eit nytt multikanaltilbod i tillegg til det dei har – og kostnadene ved å skifte tv-leverandør blir ganske små. Dette vil skape reell konkurranse, og føre til at også satellitt- og kabel-tv-operatørane må skjerpe seg og gi gode tilbod på kanalinnhald til ein rimeleg pris for å halde på abonnentane sine. I denne konkurransen vil bakkenettet kunne tilby alle dei 15-20 kanalane som til saman står for om lag 98 prosent av nordmenns tv-sjåing, mens kabel- og satellitt-tv vil kunne tilby det same pluss dei mange nisje- og spesialkanalane som står for dei siste par prosentane av tv-bruken. Eit digitalt bakkenett vil med andre ord skape reell konkurranse for storparten av den norske tv-marknaden.

Analog tv må bort

Medieverda har vore i rask omforming sidan midten av 1990-talet. Ei rad nye medieteknologiar har kome til: Internett, breibandsnett, digital-tv og mobiltelefoni. Det skapte grobotn for eit mylder av framtidsvisjonar og børseksplosjon over heile verda i åra fram mot tusenårsskiftet – og ein tilsvarande nedtur etterpå då det viste seg at visjonane likevel ikkje var så enkle å realisere i praksis. Det har ikkje minst sentrale breibandsutbyggjarar i Noreg som Bredbåndsfabrikken, UPC og Enitek fått oppleve. Også digital-distributørar i ulike land via satellitt, kabel og bakkenett har møtt store praktiske og økonomiske utfordringar.

Noregs televisjon har observert og lært av andre sine problem. Éin viktig lærdom er at dagens analoge tv-distribusjon må skruast av etter kvart som den digitale blir bygt ut. Det vart gjort for satellitt-tv i 2002 og har ført til at satellitt-tv-operatørane har klart å konvertere dei fleste av abonnentane sine til digital tv-mottaking. Det er ikkje gjort for kabel-tv – med det resultat at berre ti prosent av dei som kan skaffe seg digital-tv via kabel faktisk har gjort det. Alle utanlandske digital-tv-prosjekt utan ein målretta strategi for stenging av dei analoge sendingane har møtt problem. Prosjekt med analog stenging gjer derimot suksess – blant anna i Tyskland. Kulturkomiteen vil ha stort utbytte av eit besøk i Berlin til hausten.

Norsk tv – norsk innhold

Ein annan lærdom er at folk ikkje er opptekne av ny teknologi i seg sjølv, men av det attraktive norske innhaldet og dei nyttige tenestene dei treng den nye teknologien for å få tilgang til. Skal dei nye digitale media opplevast som viktige forbetringar, må dei fyllast med innhald – og i Noreg skal dette innhaldet helst vere norsk. Med nesten 90 prosent av tv-sjåinga er NRK, TV2, TVNorge og TV3 dei viktigaste leverandørane av norsk fjernsynsinnhald. Dei fungerer likevel i dag som bremseklossar for overgangen til digitale media. Så lenge dei sender analogt, har fleirtalet av norske tv-sjåarar ingen sterk driv til å gå over til digitalt tv-mottak. Utbygging av eit landsdekkjande digitalt tv-nett er grepet som vil endre dei norske allmennkanalane til verkelege lokomotiv for medieutviklinga. Berre ved å skru av dei analoge tv-sendingane kan dei norske allmennkanalane setje ressursar inn på å utvikle framtidsretta digitale tv-program og tenester. Det er dette innovasjonsarbeidet som vil få nordmenn til å oppleve teknologiskiftet som ein overgang til ei ny og langt meir spennande tv-verd.

Denne overgangen vil også vere ein kraftfull impuls for norsk IKT-bransje og norsk kultur- og næringsliv meir generelt. Utbygging og drift av eit digitalt bakkenett kan gi store oppdrag til norske IKT-aktørar dersom dei leverer dei beste anboda. Ei utviding av digital-tv-marknaden frå dagens 30 prosent til 100 prosent i 2008 vil opne for stor ekspansjon for alle digital-tv-operatørar. Kanalisering av nordmenns daglege fjernsynssjåing inn i digital-tv-mottaking vil føre til at breie befolkningsgrupper får til vane å utnytte nye interaktive tilbod framfor tv-skjermen. Dermed vil stadig fleire vere meir mottakelege for å ta i bruk digitale og interaktive media meir generelt. Alt dette opnar for nye måtar å kommunisere med publikum på for norske næringsaktørar.

Kringkasting til alle

Digitalisering av kringkastingsnettet for tv er nødvendig for å sikre allmennkringkasting til alle. Det kostar ikkje meir enn å flikke på det gamle nettet. Det gir multikanaltilbod også til distrikta – og auka konkurranse blant dei som tilbyr tv i sentrale strøk. Det frigjer dei norske allmennkanalane som innhaldslokomotiv for digitale media generelt. Det hindrar ei kulturell og demokratisk kløft som elles ville ha danna seg mellom dei som har og dei som ikkje har. Eit digitalt bakkenett er ei utprega SV-sak!

---
DEL

Legg igjen et svar