Det som Kristin ikkje tør

Kristin Halvorsens problem er at ho manglar politisk mot. Styrer SV mot katastrofe, eller vågar partiet det som Kristin ikkje tør?

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Måndag kveld, Rockefeller, Oslo. Det var den tredje valvaka eg kom innom. Og den mest underlege. Her stod SV-arane og klappa og jubla. Åtte stortingsplassar tapt. Nær ein tredel av veljarane frå 2001 vekk. SV trykt ned til 8,8 prosent. Partiet halvert frå nivået i forkant av valkampen. Jubel og klapping. Dagbladet rapporterte frå Rockefeller: «Kristin, Kristin, Kristin messet regjeringskåte SV-ere i går.»

Samtidig sa kroppane noko anna. Kroppsspråket inne på SVs valvake vitna om uvisse. Om eit parti med uklar strategi. Og klumpen i magen: Frp over 22 prosent! Raudgrønt fleirtal og ny regjering vart rettmessig feira som ein siger på Rockefeller måndag kveld. Samtidig pressa eit uavklart spørsmål på inne i SV-kroppane: Var dette likevel nederlagets time?

SVs valkampstrategi slo feil. Partiet mista åtte stortingsrepresentantar like før den viktigaste fireårsperioden for SV nokon gong. Kven har ansvaret? Det blir snakka om at SV «skulle blant annet ha vært tøffere i kritikken av USA og satset mer på å løfte fram miljøspørsmål» (Audun Lysbakken, Klassekampen 14.09.). Massemedia diskuterer alltid taktikk. Men SVs problem er strategi. Kva er eigentleg SVs strategi?

SV har ikkje ein strategi. SV har minst to. Vi kan kalla dei Den modige og Den forsiktige. Den modige strategien tar utgangspunkt i at det er stor ideologisk slitasje på nyliberalismen etter 25 års høgrebølgje. Den tar utgangspunkt i at store delar av verdas folk oppfattar USA som det største trugsmålet mot verdsfreden. Den tar utgangspunkt i at nyliberalismens løgnaktige påstand om at «There is no alternative» til innstramming av velferden ikkje blir meir sann berre fordi den blir repetert av EU, OECD, Finansdepartementet og Jens Stoltenberg. På dette grunnlaget vil den modige strategien utfordra det etablerte. Den vil byggja ein ny, sterk venstreposisjon i politikken. Den vil peika forbi nyliberalismen, og fram mot eit betre, meir demokratisk samfunn.

Den forsiktige strategien er meir prega av «common sense», av den typen som regjerer på Løvebakken, Marienlyst og i Akersgata. Dei forsiktige strategane opplever dei modige som barnsleg overmodige. Dei oppfattar den modige strategien som store slagord og upresis protestpolitikk. Den forsiktige strategien kom tydeleg til uttrykk då dei fire øvste SV-leiarane gjekk inn for å stramma inn på Folketrygda. Dette standpunktet låg langt til høgre for Oslo Ap og store delar av LO-systemet. SVs Åge Rosnes uttrykte strategien slik: «Vi har valgt å operere innenfor de økonomiske rammene til pensjonskommisjonen. Hadde vi ikke gjort det, ville vi meldt oss ut av debatten» (Klassekampen, februar 2005).

Den modige strategien sette derimot premissa i SVs landsstyre, som avviste pensjonskutt. Deretter vedtok landsmøtet eintydig nei til innstramming. Dette gjorde landsmøtet sjølv om det ville skape konfrontasjon med Stoltenberg i den største politiske saka i valkampåret 2005. Dette gjorde landsmøtet fordi fleirtalet valde den modige strategien. Fordi dei ville ha eit tydeleg alternativ til Ap.

Det store pensjonsslaget i 2005 stod på LO-kongressen. Stoltenberg og Valla var langt frå sikre på fleirtal. I denne situasjonen talte Sosialistisk Venstreparti for fyrste gong til ein LO-kongress. Etterpå fekk Halvorsen klapp på skuldra frå Dagsavisens Arne Strand: «Kristin Halvorsen unnlot klokelig å kommentere kongressens omfattende pensjonsdebatt». Så kom Jens Stoltenberg. Han la maksimal prestisje inn i å driva igjennom Aps pensjonsstandpunkt. Ingen hemningar der i garden, nei.

Kor ny er eigentleg Jens «Ny Kurs» Stoltenberg? Då det kom til stykket, var Høgre ein god nok partnar for pensjonsreform anno 2005. SV fekk stå på gangen då Stortinget laga forlik i vår. SVs landsstyre stod likevel fast på at «pensjon er valgkampsak for SV». Det var den modige strategien som låg bak vedtaket, igjen. Så kom valkampen. Kristin Halvorsen sa ikkje eit pip om pensjon her heller. Null, niks, nada. Til gjengjeld kunngjorde ho sitt historiske vennskap med USA. SV tapte 50.000 veljarar til Ap ved dette valet.

Kva skjedde? SV-toppane foreslo den forsiktige strategien i forkant av landsmøtet, og vart nedstemt. Apparatet rundt Halvorsen fylgde sin eigen strategi i valkampen. Og tapte stort. Debatten etter nedturen 12. september handlar derfor ikkje om reknefeil eller uheldige formuleringar. Dette dreier seg om SVs strategi. Om kva som er partiets eksistensrett. Kva skal eigentleg SV med ein talarstol på LO-kongressen? Og kva skal venstresida med SV, dersom SV ikkje vil påverka når LO tar stilling til tiårets største velferdsreform?

Det er interessant å samanlikna Halvorsen og Hagen. Om nokon skuldar Carl I. Hagen for å vera veldig høgreorientert, tek han eit steg til høgre. Når VG skuldar SV for radikalisme, tek Kristin Halvorsen eit steg mot sentrum. SV og Frp har i år ført omvendte valkampar. Der SV har viska vekk kontrastane mot Ap, har Frp profilert seg som eit modig alternativ. Og Frp er den store valgvinnaren, med sitt beste resultat nokon gong.

Attac Noreg kommenterer ikkje gjerne partipolitikk, og denne kommentaren skriv eg som styremedlem i Stiftelsen Manifest. Denne vesle tankesmia publiserte tidleg i 2005 ei åtvaring mot «Den store lemenmarsjen». Tittelen siktar til fenomen av typen Frp: Når hordar av arbeidsfolk røystar på ytre høgre, er det som ein skokk med lemen som marsjerer utfor det politiske stupet. Vi viste i denne artikkelen til USA, der den ekstreme rikmannspolitikken til George W. Bush «blir stemt til maktens tinde av dem som selv rammes av den. Av dem som en gang var Demokratenes kjernevelgere. Av arbeiderklassen». Vi viste til Frankrike: «’Jordskjelv’, ropte forsida på Le Monde 22. april 2002. Den høyreekstreme Jean-Marie Le Pen hadde danket ut den sosialdemokratiske statsminister Lionel Jospin i første runde av det franske presidentvalget. Jospins regjering av 1997 var en sentrum/venstre-allianse. Den lovet å demme opp for høyresidens privatisering og markedsliberalisme. Det franske kommunistpartiet var i SVs rolle, som juniorpartner til det dominerende Sosialistpartiet. Jospin lovte et brudd med nyliberalismen, men leverte ikke. Regningen ble servert en skjebnesvanger kveld i april 2002: Hjemmesittingen økte fra 21 til 28 prosent. Le Pen og Nasjonal front vant 30 prosent av stemmene fra de arbeidsløse. Blant fabrikkarbeiderne fikk høyreekstremisten støtte fra 23 prosent, mot 16 prosent for taperen Jospin. For Kommunistpartiet ble nedturen enda verre. Etter 9,9 prosent oppslutning i 1997, ble resultatet i 2002 3,4 prosent».

Og vi viste til Noreg: «Når var det Frp første gang sjokkerte med å nærme seg 30 prosent? Var det ikke under Jens Stoltenbergs nyliberalistiske regjering at Carl I. Hagen og hans kumpaner fosset fram til posisjonen som landets største parti? Aldri har Frp vært større enn da Stoltenberg styrte. Med Jens Stoltenberg ved roret og en tjenestevillig Kristin Halvorsen som matros, kan Solidaritetsregjeringens seilas ende i havari àa la Jospin: Vi risikerer en desillusjonert venstreside og valgskred for Høyre og Frp i 2009».

No er vi halvvegs i prosessen. SV har skrumpa til 8,8. Frp har etablert seg som det ubestridt største opposisjonspartiet i Noreg. Når folk flest byrjar bli trøtte av statsminister Stoltenberg, er det ikkje Kristin Halvorsen som blir alternativet. Det er Siv Jensen.

Kva kunne ikkje Ap og SVs valkampapparat fått til i 2005, dersom jobben var å visa folk flest at Erna vil fjerna 25 prosent av framtidig pensjon? Denne debatten fekk vi aldri. Fordi Stoltenberg står skulder ved skulder med Solberg i dei største sakene. Og SV manglar mot til å seia det høgt. Når dei store økonomiske sakene blir tekne av bordet før valkampen, på grunn av Erna Stoltenbergs nyliberale konsensus på Løvebakken, kan bensinpris og kontantstøtte koma i fokus. Eller som i Frankrike i 2002: Kriminalitet, innvandring, lov og orden. Det tener høgresida på.

SVs jobb nummer ein i regjeringa Stoltenberg er å driva fram ein ny kurs og unngå katastrofe a la Jospin. Lite tydar på at SV-toppane klarer den jobben. Tvert imot: Øystein Djupedal har kunngjort frå Stortingets talarstol at marknadsliberalismen «har nok vunnet en knusende seier, og heller ikke er det mulig å se at det fins noe som helst som kan erstatte den – kanskje heldigvis» (28.05.20 mai 2001). Valkampen demonstrerte at det er den forsiktige strategien som styrer i eitt og alt på partikontoret, uansett landsmøtevedtak. Sånn sett er norsk politikk innstilt på autopilot i retning brakval for Høgre og Frp i 2009. Men ingenting er avgjort. Fire år er lang tid. Og 2005 var ein verkeleg siger for venstresida. Det er fullt mogleg å utnytta den sigeren til å flytta venstreposisjonane fram og driva Frp tilbake.

Eg er ikkje SV-medlem, og kan ikkje ta del i partiets indre liv. Men med SV på veg inn i regjeringa Stoltenberg II, får SVs strategiar store konsekvensar for heile samfunnet. Og ikkje minst for alle på venstresida. Derfor bør fleire ta ordet no. Vi tener ingenting på å mumla i krokene det som bør seiast høgt. Og det er etter mitt syn:

  • SVs valkampstrategi havarerte. Den svekka venstresida og styrka Stoltenberg. Dette er 100 prosent partitoppane sitt ansvar.
  • SV er for lite prega av skulering og organisasjonsbygging, og for mykje prega av eit profesjonelt rådgjevarkorps som umogleg kan liggja politisk til venstre for AUF. SVs nye strategi må byggja på aktive partilag og orientera seg meir i retning folkelege organisasjonar. Det gjeld fredsrørsla, det gjeld Attac og det gjeld ikkje minst fagrørsla.
  • SV må visa mot til å bryta ut av regjeringa Stoltenberg og gå inn i ein opposisjonsrolle før 2009, om det blir nødvendig. Alternativet kan vera å bli fullstendig overkøyrt.
  • Om ikkje SV motar seg opp til å konfrontera Stoltenberg, går det mot mørkeblått fleirtal i 2009. Då blir det Kristin Halvorsens SV som set krona på Carl I. Hagens livsverk.

Det beste som kan skje med SV no, er at partiet tar lærdom av nedturen fram til 12. september og skiftar strategi. Då kan regjeringskiftet i 2005 bli startskotet for ein ny kurs og varig framgang for folkerørslene som slåst for fred og rettferd, mot krig og nyliberalisme. Det verste som kan skje er at SVs venstrefløy får inn eit gissel i regjeringa utan at det blir gjort noko med strategien. Då står vi på autopilot mot den store lemenmarsjen. Då veit vi kva det var, det underlege vi fekk sjå på Rockefeller måndag kveld. Det var nederlagets time.

---
DEL

Legg igjen et svar