Det opne verket

PJ Harvey har gitt ut si første bok. Kvifor har ho ikkje gjort det før?

PJ Harvey på Charrues Music Festival i 2011. AFP PHOTO FRED TANNEAU

PJ Harvey og Seamus Murphy: Den opne handa. Gjendikta av Pedro Carmona-Alvarez og Gunhild Øyehaug. Samlaget, 2015

«Eg håper vi veit når vi bør fare,» seier «vi» i diktet «Gjesterommet». Dei er i ein krigsramma by i Afghanistan, og møter barn som gir alt kva dei har å gi: soverommet sitt, og te og brød. Til desse barna gir Polly Jean Harvey formidling av krig: The Hollow of the Hand / Den opne handa er eit viktig tidsdokument frå Afghanistan, Kosovo og Washington DC. Den er ikkje berre observasjonar.

HarveyPolly Jean Harvey. Polly Jean Harvey blir fødd i 1969 i Bridport i England. Foreldra driv sau om dagen, speler plater om kvelden: Captain Beefheart, Jimi Hendrix og John Lee Hooker er lydspora til Harvey sin barndom. Som ungdom finn ho Television, The Pixies, Patti Smith. Sytten år gamal skriv ho den første låta si, samlar eit band, og gir ut plata Dry. Karrieren tar av.
Harvey byr på seg sjølv frå scena. Ho skriv opne tekstar. Få veit at ho er beskjeden og privat, eigentleg. Etter ein konsert på Readingfestivalen får ho nervesamanbrot. Ho tilsett ein produsent som ryddar bort noko av støyen i tilveret hennar.
Harvey konsar på den første soloplata. Rid of me blir knallbra. Det står i Q Magazine i 1993. Ved sida av artikkelen er bildet av ei dame med bein i nasa. Artikkelen fortel om ein kunstnar med integritet. Eg er tenårig, identitetssøkjande, og les og ser. Les og kjøper plate. Høyrer og les i heftet til cd-plata.

Stirre. Eitt år seinare ser eg ein video. I «Man Sized» sit Harvey på ein stol rett framfor kamera. Trusa er av det store, bestefaraktige slaget. Men med blonder. Håret hennar er nyvaska eller svært feitt. Men krøllete. Rommet er tomt, andletet usminka, songen tilsynelatande utan hemningar. Harvey mistar øyredobben. The show må ikkje halde fram, men gjer det. Filmen verkar innspelt på første taking. Harvey gir ut lo-fi-prosjekt som 4-Track Demos og liveopptak som The Peel Session. Ho har nye lydbilde og stilar for kvar plate. I byrjinga er ho nesten grønsjete. For To Bring You My Love turnerer ho i lang, raud flamencokjole: ein litt meir påkledd utgåve av omslaget til Pixies’ Surfer Rosa. For White Chalk stiller ho i bleike klede, i eit skjørt lydbilde. Stilen skiftar. Men heile tida inviterer Harvey til det inste rommet, til å sitje med henne på ein liten krakk. Tekstane er ofte om seksualitet og relasjonar. Mange meiner at Harvey er politisk og prosjektet feministisk. Men Harvey vil ikkje ha på seg at ho skriv politisk av noko slag.
Så byrjar samarbeidet med fotografen Seamus Murphy. Ho blir den som ser.

The Hollow of the Hand. I 2011 kjem Let England Shake. Harvey ser eit postimperialistisk første-verdskrig-landskap. Murphy lagar kortfilmar til. Tilhøvet bilde og tekst blir tatt vidare i The Hollow of the Hand. Murphy og Harvey reiser til konfliktområde der Storbritannia er involvert. Harvey nyskapar kunstnarskapen sin grunnleggande: Ho gir ut bok. Denne lesaren tenkjer: Kvifor har ho ikkje gjort det før? Dikta er velskrivne, modige, reine, klåre. Harvey har noko på hjartet. Ho har oppsøkt problem for å få meir på hjartet. Hjartet hennar bankar for saker. Dette er eit etisk prosjekt på fleire nivå. Harvey tematiserer voyeurisme, ein tekstuell meta-imperialisme. Harvey er ei fangstkvinne av impresjoner. I diktet «Klokka 3, Washington DC» tematiserer ho stirringa. Andrepersonforteljaren gjer meg merksam på mitt eige blikk: Du går til brua over motorveg 395 / heilt til du finn dei ståande / i nærleiken av suppekjøkkenet i maivarmen / og du stirer, for det kan du i kveld / og spør dei Kvar kjem de frå?
The Hollow of the Hand er eit stort, viktig og etterretteleg arbeid: på det dokumentariske nivået, og på det kunstfaglege. Det store er der i det internasjonale. Det er der gjennom referansar til heilage skrifter og til kunstnarar som Leonard Cohen og Nick Cave. Referansane distraherer ikkje. Boka er seg sjølv, er heil; komponert rundt tre reiser, og to uttrykk. Den nynorske utgåva har i tillegg eit ekstraspor. Den opne handa gir det totale bildet. Samlaget tilbyr både originaltekstar og autonome gjendiktingar. På tjukt papir (munken 120 gram) blir bilda tydelege og fine.

Boka som scene. Gudmund Skjeldal skreiv i BT i fjor: «Forfattarar flest er særs glade om forlag og omsetjarar tar seg tid og råd til omsetting eller gjendikting.» PJ Harvey er ein kunstnar av det heilskapelege slaget. Ho vel gjendiktararane sjølv, og googlar seg fram til ein norsk-chilensk, prisvinnande poet, forfattar, musikar og låtskrivar. Pedro Carmona-Alvarez gjer den spanske utgåva. Samlaget sikrar rettane til boka på norsk, og sikrar seg Carmona-Alvarez til jobben. Men å omsetje PJ Harvey krev ikkje berre sin mann – det krev Gunhild Øyehaug. Slik blir dei eit godt lag for jobben:
Carmona-Alvarez er fødd i Chile, og flykta med foreldra frå Pinochet då han var elleve. Etter seks månadar i Kolbotn heldt han framlegg for klassa si om den politiske situasjonen i fødelandet – akkopagnert med chilenske, politiske viser på gitar.
C-A kan vere like god i talt språk som i song, og i spansk som i norsk. Men nynorsk er han mindre stø på. Gunhild Øyehaug kan dei greiene. Dessutan, seier C-A (til Skjeldal i fjor): «Dessutan er ho eigentleg ein poet, på botnen, slik Obelix uunngåeleg er råsterk.» Sjølv er C-A ein intuitivt musikalsk forfattar. Han skriv ikkje berre tekst til musikk, men tekst som er musikk. Til dette arbeidet ser gjendiktarane ut til å velje noko av den direkte musikaliteten og rytmen vekk, når dei må, for å at tekstane skal fungere optimalt i samling. For denne lesaren styrkar dette boka. PJs originalar er der, for dei som vil ha det særeigne harveysque. Gjendiktarane gir eit ekstra verk til dette.

PJ Harvey er ein kunstnar av det heilskapelege slaget. Ho vel gjendiktararane sjølv, og googlar seg fram til ein norsk-chilensk, prisvinnande poet, forfattar, musikar og låtskrivar.

Øyehaug og C-A er av dei mest markante og særeigne litterære stemmene av sin generasjon. Sterke personlegdomar formidlar den sterke personlegdomen PJ. Den hyperproduktive og internasjonalt orienterte C-A formidlar ein kunstnar som sjølv ser ut mot verda. Det er noko med haldninga hans til kunstproduksjon som kjem gjennom i gjendiktinga. Metrikk, rim og rytme er ikkje like sterkt til stades i den nynorske utgåva. Gjendiktarane sine tekstar er ikkje eit spegelbilde av PJ sine tekstar. Murphys foto speglar heller ikkje PJs tekstar. Når PJ seier «hest», då seier ikkje Murphy «hest». Forfattar får vere forfattar, fotokunstnar fotokunstnar, og gjendiktarar gjendiktarar. Slik kan verket også vere profesjonalisering praktisert. Det er eit moderne verk. Kritikken mot gjendiktinga. Då C-A sjølv gjekk frå bandet Sister Sonny til soloprosjektet Moonpedro, sa han til Dag og Tid: «Moonpedro skal vere sølete, improvisert, lite polert, skranglete fordi Sister Sonny er så innmari gjennomarbeidd og uttenkt musikk.» I same intervju snakka han om det å stille seg sjølv i situasjonar ein ikkje har full kontroll på. Om det å måtte stå på tærne. Om det å då ta sats og få det til, å overraske seg sjølv.
Kanskje berre gjendiktarane veit kven som gjorde kva for den nynorske utgåva av PJ-boka. Men sikkert er det at dei, ilag, møter Harveys styrke, spontanitet, kompleksitet og kresne sinn; i møtet mellom det intuitive og smarte, mellom hjarte og hjerne. Dei er musikalske, alvorlege og kunnskapsrike. Bilde–tekst-forholdet ser ut til å ha frigjort Harveys tekstarbeid. Kvifor? «Fordi ho har sett etter eit førelegg utanfor seg.» Eller: «Fordi diktarar alltid ser etter noko som triggar skrivinga». Harvey og Murphy vel ulike motiv. Men stilen er i slekt. Murphy sett bilde opp mot kvarandre med filmatisk glid og overgang. Når Harvey gjer det same i tekst, er det med språkets musikalitet.

DEL

Legg igjen et svar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.