Det ideologiske grumset i marxismen-leninismen

ORIENTERING / Marxismen-leninismens grunnlag, norsk utgåve på forlaget Ny Dag 1962.

Odd Handegård omtala i eit debattinnlegg at den leninistiske utgåva av marxismen dreg med seg mykje «ideologisk grums», men han presiserte ikkje kva han tenkte på. Eg er samd med han, og vil forsøke å presisere kva eg oppfattar som feilaktig og tåpeleg i den for tida autoriserte sovjetiske utgåva av «marxismen-leninismen».

Framfor meg har eg liggande ein murstein av ei bok: Marxismen-leninismens grunnlag, norsk utgåve på forlaget Ny Dag 1962. Boka har den interessante undertittelen Lærebok. Det er ikkje ironisk meint. Eg har fått boka av to venner som er framståande medlemmer av NKP – «som et kompass på et stormfullt hav». Det var hyggeleg, men ikkje særleg taktisk gjort av mine venner. Kompasset viste meg ein ganske annan veg enn dei trudde: Eg vart for alvor merksam på det svake sidene ved Sovjet-samfunnet. Derfor vil eg på det sterkaste tilrå norske sosialistar å lese denne boka.

Og eg vil samstundes stille spørsmålet til NKP om dei verkeleg på ramme alvor ser på denne boka som «lærebok» framleis. For maken til arsenal av flosklar og uprova påstandar har eg sjeldan vore borte i av såkalla seriøs politisk litteratur.

Her er ikkje plass for å sitere i det vide og det breie. Eg skal berre ta for meg eitt område – synet på ressursar, teknologi og global økologi. Eg utfordra tidlegare NKP på dette punktet, men har ikkje fått svar. I så måte er dei ganske lik sine motstykke innanfor SUF (ml): Dei er i største beit for ei truverdig og vitskapleg fundert politisk linje i desse spørsmåla, derfor vel dei å snakke om noko anna.

Første sitat er tatt frå s. 634: «Sosialistisk industrialisering vil si at det blir sørgt for en slik utvikling av storindustrien, og i første rekke tungindustrien, at det skapas muligheit for å omdanne hele folkehusholdningen og bygge den opp med den mest moderne maskinteknikken som grunnlag – en utvikling som trygger sosialismens seier og forankrar vedkommandes lands uavhengighet i økonomisk-teknisk henseende og detts evne til å forsvare landet overfor den kapitalistiske del av verden».

Sitatet blir følgt opp med lange tiradar om kor spesielt sosialistisk den moderne teknologien er. Det er ei fråtsing i science-fiction-prega framtidsromantikk som ein elles berre finn maken til i eldre årgangar av Det Beste og Lyn Gordon. Heile tida blir ei maksimal teknologisk utvikling ikkje berre sett på som «ufarleg» for eit sosialistisk samfunn, men beint fram som sjølve hovudvilkåret for overgang til kommunismen.

Borgstrøm – hans revolusjonerande synspunkt på ressursar og global økologi blir neglisjert av marxist-leninistane.

– Der er ingen atterhald om at kapitalismen på ein måte kan vere innebygd i teknostrukturen, slik som både Dag Østerberg og eg har vore inne på her i avisa, og som filosofar som bl.a. Marcuse har peika på i internasjonal samanheng. – (Det unndrar meg at Dag Østerberg kan forsvare Sovjet-Unionen så sterkt som han gjør, når han har same syn som eg på teknostruktur og sosialisme. – Har du lese denne boka, Østerberg?)

Det er eit einaste formildande omstende som tel til forsvar for den sovjetiske satsinga på tungindustrien tidlegare: Forsvaret av «det einaste sosialistiske samfunnet» mot kapitalismen, – altså ved hjelp av kapitalistisk teknologi og kapitalistisk utbytting av «dei agrare område», landsbygda.

Men i dag ser det ut til at Sovjet-samfunnet sit fanga som i ei felle av ein overlevd strategi: Dei vil tømme ut ressursane fortare og fortare for å nå fram til «det kommunistiske samfunnet», som paradoksalt nok kan bli eit samfunn der alle lever i forureiningar og fattigdom i staden for det vedunderlege tusenårsriket som blir rissa opp i kapittel 27.

Men «Marxismen-leninismens grunnlag» feiar vekk all tvil kring «den sosialistiske teknologi og vitenskap» som «reaksjonært snakk». Hør berre:

«Hva er det som skulle hindre at oppgaven blir løst? Råstoffmangel kanskje? At naturrikdommene som menneskene finner i jorden, uttømmes? Allerede i dag er det utenfor enhver tvil at menneskene ikke trues av en slik fare. (Mi uth.) Ved det oppsvinget som skjer i landbruket, kan det stilles veldige råstoffressurser til disposisjon for framstilling av behovsartikler. Men enda mer lovende er utviklingen og bruken av visse syntetiske stoffer, som ikke ligger under naturstoffene i kvalitet og til og med overgår dem i mange stykker. Mennesket har lært å utvinne høyverdige nye stoffer av kull og jordgass, olje og tømmeravfall, av havvannet og til og med luften. Dette er en vei som gjør det mulig å løse råstoffproblemet fullstendig i den nærmeste framtid.» (Mi uth.)

Sitatet talar for seg sjølv: Marxist-leninistane har funne «den vises stein» i revolusjonen og proletariatets overtaking av den akselererande teknologien. Gjennom revolusjonen skal det bli ressursar nok til oss alle.

Dette minner om ein gammal, god profesjon frå mellomalderen: Gullmakeriet – alkymismen. Mens ein heil klode utanfor er i ferd med å vakne opp til det marerittet som ein løpsk teknologi trugar oss med, sit marxist-leninistane framleis og rotar i grumset i sine alkymist-retortar.

Av , rtvig Sætra#

Abonnement kr 195 kvartal