Destabilisering og forvirring

Dette essayet handlar om dei siste bøkene til Sofi Oksanen og Beate Grimsrud, om Norma og Evighetsbarna, om informasjon og fråvær av informasjon.  

Sofi Oksanen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kongekrabba er ei oppfinning. Ei russisk oppfinning, sett ut i havet på sekstitalet. Aktive, svoltne, overlegne nesten alle andre vesen enn fisketrålarar, grip krabbene om seg, tar kva organisme som helst, og reinskar blautbotnen for liv. Dei treng meir plass, og vandrar vestover. Vidare mot Varanger, inn i Altafjorden, kravlar dei bortetter havbotnen og busett seg der i nittiåra.

Ein kan kalle dei feige, «kongane», som særleg tar dei av botndyra som rører seg sakte: børstemark, muslingar, pigghuder. Heldigvis har krabbene ein veikskap: Krabbekjøtet smakar godt. Norske fiskarar trassar tunge tak, vilt vêr, farlege fangsttilhøve og seine nattetimar, og hentar opp hundrevis av tonn i kvar sesong. Dei sel krabber dyrt til russiske oligarkar. Kommersen vinn over rovdyret. Ein slags balanse er gjenoppretta. For loven om den sterkaste sin rett gjeld berre til eit visst punkt. Idealtid er ikkje berre eit gerhardsensk ideal og påfunn. Balanse og harmoni er eit sterkt natuleg instinkt og ei tidvis overlegen kraft. Det som ikkje speler på lag, vil på eit eller anna tidspunkt bli utrydda.

Beate Grimsrud. Foto: Berit Roald / Scanpix
Beate Grimsrud. Foto: Berit Roald / Scanpix

Eit essay sitt andre avsnitt er ofte av den prosaiske typen. Etter eit meir scenisk og litterært anslag, fortel andreavsnittet kva teksten skal handle om. Dette essayet handlar om dei siste bøkene til Sofi Oksanen og Beate Grimsrud, om Norma og Evighetsbarna (begge frå 2015). Bøkene handlar om destabilisering og forvirring. Om informasjon, og fråvær av informasjon. Ambisjonen er å praktisere informasjon og teoretisere omkring dette, men også å teste ut forvirring – for så å gjenvinne ei kjensle av tryggleik og orden. Språk er metode og mål. Havet og krabbene er rammeforteljinga. Innanfor er møtet mellom Oksanen og Grimsrud. I det norske innlandet, på Litteraturfestivalen på Lillehammer, diskuterte dei temaet «det utsette mennesket». I Evighetsbarna blir «André» sett ut av sin eigen psyke. Oksanens «Norma» blir utfordra utanfrå.

Utanfrå alt, kjem ei gudedotter til verda. Og det er her det begynner. – med Andrés favorittforfattar August Strindberg. I Strindbergs «Eit draumspel» kjem òg ei gudedotter til kloden. Der vandrar ho omkring, prøver seg som dotter av menneske, som kone og mor, og kva rolle ho enn tar, som menneske og kvinne, konkluderer ho med dette: «Det er synd på menneska». Menneska er sårbare. Stundom sett utanfor seg sjølv. Og der ute kan det vere farleg å vere. Aust og sør for Stockholm er det krig. Utanfor Ukraina, Tsjetsjenia, Estland står sterkare makter med tanks og soldatar. Vi blir invadert av andre land, av radioaktiv stråling, av forventningspress. På kvar sine måtar skriv både Oksanen og Grimsrud om kjønnsroller og korleis leve med dei. Om å vere vaksne kvinner, kvinner som får barn. Om å vere vaksne kvinner utan langt, tjukt hår eller forplantningsevne, og å lengte etter å vere «moderleg». Om ein industri som utnyttar denne lengta.

Lengt er ei sterk kraft. Blir ho ikkje tatt på alvor, kan ho vere destruktiv; ein sjukdom som vandrar frå kjensler og tankar og busett seg i kroppen. Nokre kjenner så sterkt på ting at kjenslene blir verkelege. Grimsruds «Siri» blir gravid av ein tanke, ei kjensle, eit bilde av kven ho er forventa å vere. Ho har «bilda seg fram» til svangerskap. Eit bilde seier meir enn tusen ord. Ord er farlege våpen. Ein seier at dei må brukast varsamt. Verre enn ord, kan fråværet av ord vere. Verre enn retorikk og overtaling, kan forvirring vere. Retorikk er i det minste tydeleg. Noko ope og klårt. Atterhald av informasjon tyder forvirring.

Verre enn ord, kan fråværet av ord vere. Verre enn retorikk og overtaling, kan forvirring vere.

Dette er noe av innhaldet i Norma og Evighetsbarna. «I dypet av det store finnes det lille. Og omvendt,» skriv Grimsrud, som skildrar «Siri» sin kamp for og mot å bli vaksen. Korleis bli vaksen? Siri har klare bilde av dette. Bilda er så sterke at dei blir verkelege for henne: eit barn i hennar eigen kropp.

Det store finst i det lille. Det er stort, å ture å vere liten. Det sårbare er stort. Det store er sårbart: Sovjet klarar ikkje lenger å vere Sovjet. Sovjet raknar litt for litt. Og det kan ha begynt med Estland:

I Norma er kvinnekroppen eit motiv, ein industri, eit omdreiingspunkt for refleksjon. Det handlar om ein industri som tar profitt frå kvinners lengt etter det kvinnelege. Stort, tjukt hår. Stor gravidmage. Surrogati og hårextensions. Dette er kva «Lambert» i Norma har til sals. Han kjøper det frå kvinner der hår og magar veks villig vekk. Ein kjenner att temaet frå Oksanens tidlegare bøker. Estlandskvartetten handlar også mykje om det å vere kvinne. Med eit teknisk, distanserande, sylskarpt og klinisk presist språk formidlar Oksanen ei nær, men likevel fjern historie: Estlands fleire frigjeringskampar. Gjennom forteljingar til einskilde menneske fortel ho nasjonale historier.

Du har nå lest 4 frie artikler denne måned.

Logg inn (krever online abonnement, 69kr) for å lese videre.

DEL

Legg igjen et svar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.