Den franske revolusjonen

Den 29.05.2005 sa det franske folk eit rungande nei til den nye EU-grunnlova. Ja-sida har hatt statsapparatet, pengane og media likevel vann Nei-sida ein overveldande siger. Kva betyr så dette? Kva var det franskmennene sa nei til? Ja-sida prøver å bortforklare det heile. Det franskmennene sa nei til var først og fremst resultatet av den […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Den 29.05.2005 sa det franske folk eit rungande nei til den nye EU-grunnlova. Ja-sida har hatt statsapparatet, pengane og media likevel vann Nei-sida ein overveldande siger. Kva betyr så dette? Kva var det franskmennene sa nei til? Ja-sida prøver å bortforklare det heile. Det

franskmennene sa nei til var først og fremst resultatet av den politikken EU står for. Dei seier først og fremst nei til den traktatfesta marknadsliberalistiske politikken og

resultatet av den. Dei seier nei til arbeidsløysa vert brukt som marknadsregulator. Snart det einaste nasjonalstatane har at av økonomiske verkemiddel. Dei seier nei til eit udemokratisk elitestyrt fåmannsvelde som tek alle viktige avgjerder over hovudet på folk. Det er påfallande at i fleirtalet av statane i EU får ikkje folket høve til å seia kva dei meinar. Omkvedet er at dette er ei altfor vanskeleg sak for folk flest og må overlatast til parlamenta. I parlamenta er det eliten som styrer. Verken svenskar eller finnar skal få lov å stemma over den nye EU-grunnlova. Svært så demokratisk. Det franske neiet er eit nei til eit udemokratisk elitestyrt Europa, men eit ja til eit demokratisk og folkestyrt Europa. Det franske neiet er mest av alt ein stor siger for folkestyret. HURRA FOR DEMOKRATIET.

---
DEL

Legg igjen et svar