Den største krisa

Finanskrisa kan føra til at klimakrisa går i glømmeboka i EU.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

No har EU vedteke ei ny grense for kor mykje CO2 ein ny privatbil kan produsera for kvar kilometer. Grensa blei sett til 130 gr per kilometer, innan 2015. Miljøvernarar er djupt skuffa.

I dag er utsleppa rundt 155 gr pr km. Vedtaket kan difor sjå ut som eit stort framsteg. Men når ein tenkjer over at EU-kommisjonen allereie i 1995 foreslo ei grense på 120 gr per kilometer, ser ein at vedtaket er eit svik mot miljøet. Kravet har blitt svakare, gjennom at grensa er heva frå 120 til 130 gr. Dessutan har fristen blitt utsett frå 2012 til 2015. Ein så lang frist gjer det muleg for bilindustrien å utsetta den naudsynte teknologiske endringa i nokre år.

Den økonomiske krisa har gitt dei kreftene som sloss mot strenge miljøreglar drahjelp. I ei tid kor ein snakkar ustanseleg om krisepakkar og stigande arbeidsløyse blir det vanskelegare å stilla strenge krav til ei industri med mange tilsette. Bilfabrikantane har greidd å bygga alliansar med nokre fagorganisasjonar, og sist veke demonstrerte dei i lag i Brussel for lite strenge reglar. Diverre fekk dei gjennomslag.

Utsleppsgrensa vil gjelda for alle landa. Om eit miljøvenleg land som Sverige skulle ha lyst til å setta ei strengare grense, har dei ikkje lov til det. EU sine reglar om fri flyt avgrensar den nasjonale fridommen til å føra ein aktiv miljøpolitikk.

Den økonomiske krisa gjev mulegheiter for å legga om produksjon og forbruk i ein meir miljøvenleg retning. Spørsmålet er om det er nok politisk vilje til å gjera det. EU har som kjent satt eit mål i Lisboastrategien om å bli det mest økonomisk konkurransedyktige området i verda. Ungdom mot EU meiner dette målet kan gå på kostnad av målet om å redusera CO2-utsleppa. Til dømes såg me i saka om CO2-utslepp frå bilar at konkurranseevne og frykta for såkalla karbonlekkajse (utflytting av forurensande industriproduksjon) prega debatten. Det same skjer i utforminga av utsleppskvotesystemet, Emissions Trading Sheme, kor til no mesteparten av kvotene blir delte ut gratis. Dette er i strid med Prinsippet om at forurensaren skal betala. Den grøne gruppa i EU-parlamentet har uttala at ETS er i ferd med å bli ein subsidiemaskin for skitten industri.

Ein viktig aktør i utforminga av denne politikken er lobbyorganisasjonane. Det jobbar mellom 15 og 20.000 lobbyistar i Brussel. Nokre av dei jobbar sjølvsagt for miljørørsla og for andre idealistiske miljø. Eit klart fleirtal er likevel betalte av ulike næringsinteresser. Det er ikkje tilfeldig, for det kostar mellom ein halv og ein million kroner i året å ha ein lobbyist gåande. Då har sjølvsagt næringsinteressene råd til fleire enn miljøinteressene. Dette gjer det lettare for EU-systemet å prioritera den økonomiske krisa framfor klimakrisa.

Så finst det sjølvsagt sterke næringsinteresser rundt i medlemslanda òg, som det gjer i Noreg. På det nasjonale nivået er det likevel lettare for andre interesser å bygga motvekt. Organisasjonar som har sin maktbase i folkeleg oppslutnad er avhengige av ein demokratisk offentlegheit for å kunne påverka. Grasrotorganisasjonar er avhengige av nærleik til politikarar og andre avgjerdstakarar for å bli høyrte. Natur og Ungdom har ikkje råd til serleg mange lobbyistar i Brussel.

Kampen for å løysa miljøproblema krev internasjonalt samarbeid. Men det krev òg eit demokrati kor ulike interesser kan vegast opp mot kvarandre, og kor det finst handlefridom til å ta dei naudsynte grepa. EU-systemet, og fokuset på frihandel og konkurransekraft, gjer det vanskelegare å redda miljøet.

---
DEL