Demokrati på Ap-vis

Arbeiderpartiet har ei merkjeleg form for demokrati og utmerkjer seg ikkje når det gjeld demokratisk sinnelag. La oss gå attende til 1994 og EU-kampen. Då uttalte Gro Harlem Brundtland at EU-saka ikkje burde vore lagt ut til folkerøysting. Dette var ei altfor vanskeleg sak for folk flest. Dette vitnar både om mangel å demokratisk sinnelag […]

Ny Tid

Arbeiderpartiet har ei merkjeleg form for demokrati og utmerkjer seg ikkje når det gjeld demokratisk sinnelag. La oss gå attende til 1994 og EU-kampen. Då uttalte Gro Harlem Brundtland at EU-saka ikkje burde vore lagt ut til folkerøysting. Dette var ei altfor vanskeleg sak for folk flest. Dette vitnar både om mangel å demokratisk sinnelag og ein ufyseleg arroganse. Då EØS-avtalen skulle vedtakast tok Gro Harlem Brundtland konsekvensen av sitt standpunkt. Her skulle ikkje folket høyrast. Ho sørgde for å få den igjennom i Stortinget rett før valet og fekk god hjelp frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti. Demokratisk sinnelag står vist ikkje særleg høgare der i garden heller. Sidan den gong er det blitt ein vanleg praksis i Arbeiderpartiet å syta for å få større og vanskelege saker igjennom i Stortinget rett før eit val. Folket må for ein kvar pris ikkje få høve til å seie sitt i eit val. Det skjedde med sjukehusreforma i 2001 og no i 2005 med arbeidslivsreform og pensjonsreform. Vi velgjarar skal aller nådigst få lov å stemme, men større saker skal vi skånast for å ta stilling til. Den forma for demokrati Arbeiderpartiet praktiserar liknar meir på eit elitestyrt fåmannsvelde enn på demokratisk folkestyre. Dette bør veljarane merke seg i valet til hausten. Vi i RV har vern om demokrati og velferde som våre to viktigaste valkampsaker.

Kristian Kjellstadli

DEL

Legg igjen et svar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.