Burma utan demokrati

– Urovekkande at Noreg ikkje pressar regimet, seier Burmakomiteen. Norske selskap i Burma er dei mest aktive i verda, sjølv om Aung San Suu Kyi nektast å stille til val. – Me tar opp menneskerettsspørsmål, seier UD.

Oslo 20130226. Myanmars president Thein Sein (t.h) hilser på Telenor-sjef Jon Fredrik Baksaas under middag på Akershus festning tirsdag kveld. POOL Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Disiplin. Dei burmesiske myndigheitene har dei siste åra blitt hylla av verdssamfunnet generelt, og norske utanrikspolitikarar spesielt, etter at regimet i 2010 sette igang det som ofte blir kalla ein demokratiseringsprosess.

Den siste tida har både internasjonale menneskerettsorganisasjonar og solidaritetsrørsla i Noreg meldt om ein svært spent situasjon mellom dei etniske gruppene i Burma (av norsk UD kalla «Myanmar»), og store manglar i den lovmessige reformprosessen. Militærregimet har hatt makta i landet sidan eit kupp i 1962.

– Isolasjonen og sanksjonane på 90- og 2000-talet gjorde at militærdiktaturet endra strategi. Og i 2003 utvikla dei ein strategi for å skape det dei kallar eit «disiplinblomstrande demokrati», seier Audun Aagre, dagleg leiar i Den norske burmakomité, til Ny Tid.

Han meiner Noreg bør vere svært varsame med å einsidig hylle reformene.

– Me kan enno ikkje sjå om Burma blir eit demokrati med frie val, og det har opposisjonen i landet vore veldig klare på. Difor er det urovekkande å sjå at Noreg gjer avkall på pressmidla sine i møte med regimet, at dei vel å tie sjølv når journalistar blir fengsla, og når det er militære overgrep mot etniske og religiøse minoritetar, seier Aagre.

Ønsker klare krav

Noreg har dei siste åra i stor grad vald å gå i dialog med regimet, og det er det landet i Vesten som i størst grad opptrer «pragmatisk» i møte med burmesiske myndigheiter. Det inneberer sterk auking i den bilaterale bistanden til landet og tilrettelegging for norske selskap på den burmesiske marknaden.

– Eg trur at norske selskap kan spele ei viktig og positiv rolle i Burma framover, men det er viktig at norske myndigheiter stiller krav til investeringane. Det er ikkje slik at norske investeringar automatisk er meir ansvarlege enn andre land sine investeringar, seier Aagre.

Mens Noreg ikkje har spesielle krav til selskap som opererer i Burma, slike som Telenor, er andre land meir aktive i å legge føringar på næringslivet.

– Dei positive endringane er i stor grad motivert av at regimet ønsker handel med Vesten. Då gjeld det å sette inn presset der. Amerikanske selskap må for eksempel levere rapporter om menneskerettsomsyna dei tar, seier Aagre.

– Kan tettare økonomiske band mellom Noreg og Burma gjere norsk kritikk meir verknadsfull, eller låsar ein seg fast litt å støtte opp om regimet?

Det burde gje oss meir påverknad, men eg er redd for at Noreg i større grad er redd for å seie noko som helst imot regimet. Me har i alle fall ikkje sett vilje til å ta ei slik rolle frå norsk side, seier Aagre.

– Gjer moglegheiter

Morten Høglund (Frp), statssekretær i Utanriksdepartement, er som sine raudgrøne forgjengarar svært positiv til endringane som har skjedd i Burma dei siste åra. Til Ny Tid seier han at den tette dialogen gjer dei høve til å diskutere menneskerettssituasjonen i landet.

– Me tar regelmessig opp menneskerettsspørsmål med myndigheitene. Det gjorde eg då eg besøkte landet i august, då eg òg møtte representantar for protestrørsla «88-generasjonen» for å høyre om deira erfaringar med menneskerettssituasjonen, seier Høglund.

På spørsmål om Noreg vil endre strategien sin om det blir avdekka ei eskalering av grove menneskerettsbrot i Burma, er Høglund meir generell.

– Me vil alltid vurdere vår innsats og samarbeid med eitkvart land opp imot utviklinga i landet, seier han til Ny Tid.

Spent framover

Ein av hendingane som har skapt spenning i det burmesiske samfunnet, er folketeljinga som blei gjort i februar og mars i år. FNs befolkningsfond (UNFPA) samarbeida med myndigheitene om folketeljinga, og ho blei i stor grad finansiert av vestlege myndigheiter, deriblant Noreg. Audun Aagre meiner at folketeljinga var heilt naudsynt, men at det likevel var store problem med prosessen.

– Religion og etnisitet er politisk sprengstoff i Burma, og UNFP og myndigheitene valde å inkludere desse elementa i folketeljinga, seier Aagre.

I samband med teljinga melde internasjonale menneskerettsobservatørar om samanstøyt mellom burmanske grupper, som utgjer hovuddelen av den burmesiske befolkninga, og etniske minoritetsgrupper. Spesielt særleg i Rakhine-staten vest i landet, kor ein stor del av den muslimske Rohingya-minoriteten bur, og mange av desse blir heller ikkje rekna som burmesarar av regimet.

Lang veg mot demokrati

Eit anna stort hinder for vidare demokratisering er den burmesiske grunnlova frå 2008, som i praksis sikrar militæret vetorett ved viktige lovendringar og retten til å avsette den valde regjeringa. I tillegg er leiaren for opposisjonspartiet Nasjonal Liga for Demokrati (NLD), nobelprisvinnar Aun San Suu Kyi, nekta i bli president.

– Ettersom regimet har lagt opp svært omstendeleg prosedyrar for grunnlovsendringar, må det skje store endringar i tida framover før me kan snakke om reell demokratisering, seier Audun Aagre.

Den neste korsvegen for Burma blir valet til nasjonal- og regionalforsamlingar, som sannsynlegvis kjem til å bli haldne i november eller desember 2015. Då NLD stilte til val i suppleringsvalet i 2012, gjorde dei eit valskred og vann 44 av 46 ledige sete. Audun Aagre meiner valet vil vise om president Thein Sein og hans regimefellar faktisk meiner alvor med løfta om demokrati.

– Dette er fyrste gong me faktisk kan sjå ein faktisk maktoverføring frå det gamle regimet, avsluttar Aagre.



---
DEL