Bill Gates versus Che Guevara

Er du entusiast eller skeptikar i debatten om teknologi og utvikling?

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).
[essay] «Vi har datamaskiner, men vi er framleis analfabetar», sukkar Hernán. Han er lærar på ein offentleg vidaregåande skule i Santo Domingo, hovudstaden på Den dominikanske republikk, og er tilsynelatande skeptisk til president Leonel Fernández sitt fokus på informasjon og kommunikasjonsteknologi (IKT). Fernández er nemleg kjend for å vere oppteken av å spreie bruken av IKT i landet, og har mellom anna sørgja for at elevane på alle dei offentlege vidaregåande skulane i landet har fått tilgong til datamaskiner og internett.

IKT har i dei siste åra spreidd seg raskt verda over, og dette har skapt ein livleg debatt som spenner seg mellom to ytterkantar. På den eine sida finn ein IKT-entusiastane, som meiner at bølgja av ny teknologi har potensial til å bringe både økonomisk og menneskeleg utvikling for dei fleste utviklingsland. Dei har gjerne Bill Gates som idol, og favoritteksempelet deira er høgteknologidistriktet Bangalore i India – eit bevis på at ein faktisk kan skape avanserte teknologisentra kor som helst i verda.

På den andre sida protesterer IKT-skeptikarane mot at desse nye teknologiane eigentleg har så mykje nytt å bringe med seg for utviklingslanda. Tvert imot er truleg effekten av denne teknologien at rike land, som allereie kontrollerer brorparten av dei teknologiske ressursane i verda, vil få eit endå større teknologisk forsprang på utviklingslanda. Den andelege leiaren til IKT-skeptikarane er Che Guevara – sjølv om dei er motvillige til å innrømme det – og når IKT-entusiastane kjem med sitt Bangalore-eksempel peikar skeptikarane gjerne på det faktum at fattigdomen er svært høg både i andre område i India og i nabolanda rundt.

Teknologisk kapasitet.

Debatten rundt IKT og utvikling er ofte prega av eit fokus på overføring av avansert teknologi frå rike til fattige regionar i verda, sjølv om – som entusiastane nokre gongar innrømmer – teknologien må tilpassast den lokale konteksten. Eit døme på ei slik konteksttilpassa teknologioverføring er MIT-professor Nicholas Negroponte sitt initiativ for å tilby fattige land billege berbare datamaskiner som mellom anna er designa for å betre takle kortvarige straumbrot (sjå Ny Tid 12. mai 2006).

Men kva er teknologi, og kva skjer når avansert teknologi blir overført frå Nord til Sør? Vi meiner at eit land sin teknologiske kapasitet ikkje berre handlar om å ha tilgong på konkrete teknologiske produkt. Teknologisk kapasitet kan betre skildrast som eit knippe evner: evnene til å gjenkjenne, imitere, bruke og skape avansert kunnskap. Ulike aspekt er viktige for å styrke den teknologiske kapasiteten til eit land, men tre er spesielt relevante (sjå også Human Development Report, UNDP, 2001).

Kunnskap og utdanningsnivå er den første pilaren. Eit land som ikkje har eit tilstrekkeleg nivå av «menneskeleg kapital» vil vere ute av stand til å gjenkjenne dei mulegheitene avansert teknologi produsert utanlands kan gi, og vil dimed heller ikkje klare å imitere og bruke teknologien.

Den andre dimensjonen er teknologisk infrastruktur, som er fundamentet for produktiv aktivitet og som gjer kommunikasjonen mellom økonomiske aktørar muleg. Døme på tradisjonell teknologisk infrastruktur er fasttelefoni og elektrisitet, medan IKT-relaterte nettverk som internett og mobiltelefoni er døme på nyare teknologisk infrastrukturar.

Den tredje pilaren er eit land sin innovasjonskapasitet – evna til ikkje berre å bruke og imitere innovasjonar produsert andre stadar i verda, men også å produsere heilt ny kunnskap. Dette siste dreier seg ikkje berre om å produsere nye oppfinningar, men også om evna til å beskytte dei og tilpasse dei den internasjonale marknaden.

Viss ein tenkjer på teknologi på denne måten er fokuset på å overføre teknologisk utstyr til utviklingsland malplassert. Det sentrale er då ikkje korleis ein skal overføre teknologiske produkt frå Nord til Sør, men heller korleis ein kan bidra til å styrke utviklingslanda sin kompetanse på å forvalte teknologisk kunnskap og skape eigne innovasjonar. Kort sagt, ein går frå eit objektsentrert til eit kunnskapssentrert syn på teknologisk utvikling.

Kva tyder dette i praksis? Når ein forstår teknologi på denne måten, støttar då statistikkane entusiastane sin optimisme eller skeptikarane sitt pessimistiske framtidsperspektiv?

Teknologisk «catching up»?

Når vi ser på statistikkar som omfattar dei fleste landa i verda i perioden frå midten av 1980-talet fram til i dag, trekk to fenomen til seg merksemda vår.

Det første fenomenet er at sjølv om teknologigapet som skil dei industrialiserte landa frå utviklingslanda ikkje overraskande er svært stort, har skilnadene mellom landa minska på mange område dei siste to tiåra. Dette gjeld indikatorar som måler dei tre ulike aspekta ved teknologisk kapasitet: Kunnskap og utdanningsnivå er målt ved til dømes tal på innskriving til vidaregåande og høgare utdanning. Indikatorane for tradisjonell og ny teknologisk infrastruktur er talet på fasttelefonar og elektrisitetsforbruk på den eine sida og talet på mobiltelefonar og internettbrukarar på den andre, medan innovativ kapasitet er målt ved talet på patent og publiserte vitskaplege artiklar. Desse variablane er henta frå World Development Indicators (Verdsbanken, 2006) og indikerer at det eksisterer tre grupper land med svært ulike nivå av teknologisk utvikling.

Den første gruppa er ei lita samling av rike land som ligg langt framfor dei to andre gruppene på alle områda som er undersøkt her. Den andre gruppa er større og består av mellominntektsland, dei fleste frå Latin-Amerika, Midt-Austen og Sentral-Asia. Desse er ikkje så langt unna dei rike landa når det gjeld teknologisk infrastruktur, men dei ligg langt etter når det gjeld innovativ kapasitet. Til dømes, medan gruppa av rike land produserer i gjennomsnitt 115 patent per million menneske, produserer denne gruppa mindre enn ti. I den tredje gruppa finn ein låginntektsland – mange av dei store asiatiske økonomiane i tillegg til dei fleste afrikanske landa. Teknologigapet mellom denne gruppa og resten av verda er stort på alle dei tidlegare nemnte indikatorane. For denne gruppa er til dømes forbruket av energi per innbyggjar cirka ti gongar lågare enn i gruppa av mellominntektsland, og 30 gongar lågare enn i den rikaste gruppa.

At teknologigapet mellom nord og sør er stort er i seg sjølv ikkje overraskande, men eit mindre sjølvsagt poeng kjem fram når vi ser på endringa i teknologigapet i denne perioden. Her er biletet mindre nedslåande, i det minste for ein del faktorar. Mellominntektslanda har faktisk klart å redusere teknologigapet på dei fleste områda – også når det gjeld innovativ kapasitet, kor dei ligg lengst etter. Patentgapet har minska med 20 prosent. Låginntektslanda har også til ein viss grad betra den relative posisjonen sin, spesielt når det gjeld utdanningsnivå og teknologisk infrastruktur. Avstanden til mellominntektslanda i forhold til tradisjonell teknologisk infrastruktur (til dømes elektrisitet) har minska med rundt 20 prosent, medan avstanden når det gjeld IKT-infrastruktur har vorte redusert endå fortare. Talet på internettbrukarar og spreiinga av mobiltelefonar viser ein dramatisk reduksjon i skilnaden mellom mellominntektsland og låginntektsland på mellom 80 og 90 prosent! 1-0 til teknologientusiastane, med andre ord.

Men skeptikarane har framleis eit kort på handa: Den negative nyheita er nemleg at for låginntektslanda betrar ikkje den innovative kapasiteten seg like raskt som i dei andre gruppene, og teknologigapet i forhold til denne faktoren har dimed vorte ganske mykje større over dei siste to tiåra – skilnaden når det gjeld patent har til dømes auka med 35 prosent.

Ein del hevdar at i den moderne, kunnskapsbaserte, globale økonomien vil innovasjon i større og større grad bli hovudmotoren for vekst. Om eit land ikkje legg ned arbeid og investeringar for å betre landet sin innovative kapasitet, vil det då bli ute av stand til å byggje opp nye konkurransefortrinn og dimed falle endå lengre etter. Viss dette er riktig, vil det auka innovasjonsgapet mellom rike og fattige land truleg føre til større økonomiske skilnader i åra som kjem.

Det internasjonale rammeverket kring intellektuell eigedomsrett og den ubestridne makta til vestlege multinasjonale selskap i det globale kappløpet for nye patent og innovativ aktivitet, gir ikkje grunn til mykje optimisme her. Dette rammeverket har endra seg sidan dei vestlege landa gjekk gjennom sine industrialiseringsprosessar og gjer at det for fattige land no er vanskelegare både å imitere og kopiere teknologi frå andre land og å beskytte eigne ressursar.

Større inntektsskilnader.

Nettopp det siste temaet, patentrettar, gjekk igjen i programmet under Verdas sosiale forum i Nairobi i januar. Spørsmål knytt spesifikt til IKT fann ein derimot færre innslag av når ein tråla seg gjennom den endelause oversikta over verkstadar og seminar. Grunnen til dette kan vere at brorparten av både arrangørar og deltakarar truleg fell innanfor kategorien IKT-skeptikarar og ser på IKT som langt mindre viktig enn patentspørsmål når det gjeld sosial og økonomisk utvikling. Og går vi tilbake til statistikken, kan det sjå ut som om teknologiskeptikarane vinn poeng nettopp når det gjeld samanhengen mellom IKT og økonomisk vekst.

Det andre fenomenet som trekk til seg merksemda når ein ser på utviklinga dei siste to tiåra, er nemleg at når det gjeld økonomiske heller enn reint teknologiske faktorar, aukar skilnadene i verda. Statistikken for BNP per innbyggjar viser at medan mellominntektslanda har opplevt ein liten reduksjon av inntektsgapet i forhold til dei rike landa, har skilnaden i inntekter mellom mellominntektsland og låginntektsland auka med nær ti prosent.

Kvifor er dette interessant i forhold til trendane for teknologisk utvikling? Hovudbodskapen er at distansen mellom rikare og fattige land har auka både når det gjeld innovativ kapasitet og inntekter per innbyggjar, men ikkje når det gjeld IKT-relaterte faktorar. Indikatorane for internettbrukarar og mobiltelefonar er faktisk dei som viser den mest dramatiske reduksjonen i skiljet mellom nord og sør. Med andre ord, den verdsomspennande spreiinga av IKT ser ut til å ha gått ganske raskt, og det er difor lite truleg at det er ein avgjerande faktor for å skape økonomisk vekst i låginntektsland. Viss ein ser på samanhengen mellom vekst i BNP per innbyggjar og endringa i teknologisk kapasitet kjem dette endå klårare fram. Tre faktorar er positivt relatert til veksten i inntekt: innovativ kapasitet, tradisjonell infrastruktur (elektrisitet er indikatoren som korrelerer sterkast med BNP: 0,63) og utdanningsnivå. IKT-relaterte infrastrukturar som mobiltelefoni og internett, derimot, er negativt relatert til økonomisk vekst: For denne teknologien har skilnadene mellom rike og fattige land minska, medan dei økonomiske skilnadene (målt i BNP per innbyggjar) har auka.

Det at tradisjonelle infrastrukturar ser ut til å vere relativt sett viktigare enn IKT i forhold til økonomisk utvikling, er vel heller ikkje noka stor overrasking – til dømes er jo nettopp tilgong på elektrisitet for dei fleste ein føresetnad for å kunne nyttiggjere seg internett. Viss vi tar ein rask tur tilbake til Den dominikanske republikk er nettopp det problemet: straumen som stadig går. Viss Negroponte skulle teste ut datamaskinene sine der, bør dei vere designa for meir enn kortvarige straumbrot.

Bill eller Che?

Ein må naturleg nok vere forsiktig når ein tolkar desse tala. Dei fortel oss ikkje at IKT ikkje er viktig for økonomisk utvikling. Det er dei sannsynlegvis, men årsaksforholdet mellom IKT og økonomisk vekst er komplekst og det vil truleg ta ei lang stund før denne samanhengen eventuelt vil visast på statistikkane. IKT er viktig for økonomisk utvikling berre i den grad det bidrar til å styrke dei ulike landa si evne til å nyttiggjere seg denne teknologien på ein mest muleg produktiv måte. Utviklinga av menneskelege ressursar, tradisjonell infrastruktur og innovativ kapasitet er nødvendig for å få til dette. Det er samspelet mellom ulike faktorar som skaper økonomisk utvikling. Så til dei ulike leirane har vi følgjande å seie:

Til IKT-skeptikarane: Tala vi har presentert her viser at for mange av dei områda vi har sett på, har ulikskapen mellom land minska dei siste to tiåra. Og IKT-faktorane er faktisk dei som viser sterkast tendens til tilnærming mellom rike og fattige land. Det ser ikkje så verst ut likevel, gjer det?

Til IKT-entusiastane: Fokuset i debatten burde i mindre grad vere på å overføre teknologiske produkt til utviklingsland og heller leggje vekt på å bidra til å styrke desse landa sin teknologiske kapasitet. IKT i seg sjølv er ingen mirakelkur.

Til oss: Når ein teknologi-entusiast og ein teknologi-skeptikar set seg ned saman for å skrive ein artikkel, kan det få uana konsekvensar. Ein av oss gav Bill Gates på båten og starta å bruke ope programvare på datamaskina si, medan den andre bestemte seg for at det var på tide å leggje Che-t-skjorta i skapet for godt…

Fulvio Castellacci er seniorforsker i Nupi.

---
DEL

Legg igjen et svar