Avvikling eller utvikling?

Fylkeskommunen har blitt symbolet på ein bakstreversk og byråkratisk offentleg sektor. Men vi treng han.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

«Alle», innkludert VG, Framstegspartiet, Erna Solberg og komikarane i «Lille Lørdag», angrip og latterleggjer fylkeskommunen. Men i løpet av neste stortingsperiode skal det avgjerast om me treng et folkevald regionalt nivå her i landet.

I kjølvatnet av EF-kampen i 1972 vaks trua på lokaldemokratiet. På 70 talet blei derfor to nyskapingar innførd i folkestyret. Det var bydelsutval i storbyane og direkteval til fylkestinget i fylka. Reformene var i tidas ånd, avgjerdene skulle tas hand om av folkevalde nærast mogleg veljarane. Samstundes ville dei nye organa verka rekrutterande og skolerande for politisk engasjerte menneskje. I den nye fylkeskommunen stod oppgåvene i kø. Dei store felta var sjølvsagt helsevesenet med fylkessjukehus og kommuneovergripande helseinstitusjonar og vidaregåande utdanning som i denne tida var gjennom ein stor reformprosess vekk frå gymnas og yrkesskular og over til vidaregåande skular. I tillegg kom opplagte ting som samferdsel og ei rekke plansaker. Fylkeskommunen vart også tillagt ein del kulturoppgåver, ikkje minst fordi organisasjonslivet trong ein politisk medspelar på fylkesnivået.

Avvikling

Alt før fylkeskommunen var gjennom den fyrste valperioden som folkevalt nivå var dei demokratiske vindane frå starten av tiåret i ferd med å venda. Fyrst med at det alltid statsvennlige Arbeidarpartiet gjenerobra hegemoniet på venstresida og sidan starta den vedvarande høgrevinden. Statsvenlege sosialdemokratar og marknadsvenlege høgrefolk fann saman til eit nytt politisk prosjekt: Knus fylkeskommunen! Eit prosjekt som materialiserte seg i form av noko som har blitt kalla ei helsereform, men som er ei styringsreform. Staten skal styra sykjehusa, men i den moderne staten operer ein med føretak og ikkje folkestyre. Slik vart det som blei kalla ei helsereform eit praktverk i korleis skapa politisk avmakt og demokratisk tomrom. Nå kan ikkje lenger veljarane endra stemmesetelen for å få dei sykjehusa dei vil ha. Under dekke av avbyråkratisering og forenkling har Høgres gamle embetsmannstat blitt foreina med Arbeidarpartiets sentralmakt og nyliberalistanes marknadsstat.

Ein varsla død

Så seint som i 2000 kom utgreiinga «Om oppgavefordelingen mellom stat, region og kommune» NOU 22 – 2000. I denne meldinga var alle sider av fylkeskommunens virke vurdert og det vart lagt opp til ei avklaring av arbeidsoppgåvene mellom den statlige fylkesmannen og den folkestyrde fylkeskommunen. Avviklinga av fylkeskommunens si styring over sjukehusa vart ikkje nemnt. Våren 2001 kom stortingsmelding 31 (2000-2001). Sjølv om denne meldinga sørgde for at sjukehusa vart føretaksstyrde var det i denne meldinga også ei sterk vektlegging av at fylkeskommunen var best eigna til regionalt utviklingsarbeid og det blei føreslått å leggja oppgåver knytte til utviklingsarbeid hos fylkesmannen over til fylkeskommunen. Same haust vant høgresida valet og ein ny stortingsmelding blei lagt på bordet eit år etterpå – Stortingsmelding 19 (2001-2002). Her blei endringane som den førre regjeringa ville bruke til å styrke fylkeskommunen reverserte. På tross av at det i meldinga blir senda nokre helsingar til det politiske sentrum så er det realiseringa av høgresidas avskaffing av fylkeskommunen som nå skal gjennomføras. Fylkeskommunen skal tømast for oppgåver, han får ei nådetid på 4 år så skal han avskaffas. I løpet av dei fire åra kan fylkespolitikarane eksperimentere med, om dei vil legge fylkeskommunen under fylkesmannen (det såkalla einskapsfylket) eller dei kan gje frå seg oppgåvene til storbyane (såkalla kommunal oppgåvedifrensiering). Det einaste fylkeskommunen ikkje skal kunna eksperimentera med er å utøva auka folkestyre på regionalt nivå.

Utviklinga kan endrast

Akkurat nå kan det sjå ut som om regjeringa vil lukkast, ikkje med å få ned byråkratiet eller å føra avgjerder nærare dei det gjeld. Det dei lukkast med er prosjektet å fjerna eit folkevald demokratisk nivå for å fortsetja med å svekka den politiske kontrollen over det offentlige, slik at tenester fortsatt kan privatiserast og nedbyggast.

Likevel treng det ikkje til å gå slik. Det vil vera opp til Stortingsfleirtalet etter valet i 2005 å bestemma. Venstresida si oppgåve fram til det valet blir å snikra ut ein robust regional politikk, som ikkje let seg undergrava av Framstegspartiet, VG og «Lille Lørdag».

Det er ikkje storleik men styrken som må avgjera korleis det regionale nivået skal væra. Ingen har klart å påvisa at det ikkje lenger er behov for et regionalt nivå i Noreg, debatten har med unntak av Framstegspartiet og delar av Høgre dreia seg om er storleiken på dette nivået. Nokre oppgåver krev større regionar, andre krev «mindre» difor blir dette lite viktig. Det er berre å slå fast at dagens fylkesinndeling ikkje er ideell til alle føremål, men det er det heller inga anna inndeling som vil vera. Dagens fylkesinndeling har ei historisk forankring og den fungerer som valkrets til Stortingsvalet og ulike organisasjonar og parti operer med fylkesnivå. Difor er det den eininga som i dag fungerer som ei felles regional politisk arena. Ei felles politisk arena er avgjerande viktig for det regionale mellomnivået. Eit nivå utan politisk legitimitet i befolkninga vil føra til eit «demokratisk underskott», og tilsvarande manglande tillit hos veljarane.

I staden for storleik må ein ta utgangspunkt i demokratiske, og funksjonelle fylke. Funksjonelle fylke vil vera fylke der dei folkevalde og veljarane kan klara å samla seg om felles mål for regionen. Det er fylker der historiske og administrative strukturar har gitt innbyggjarane ein form for felles identitet.

Et regionalt politisk nivå må vere knytta til oppgåver som skal løysast. Den aller viktigaste vil vera det vi kan kalla regional utvikling. Det tyder samferdsel, næringsutvikling, undervisning, kultur, miljøforvaltning og planlegging. Dette er oppgåver som i dag blir ivaretatt av dagens fylkeskommune, av dagens fylkesmannsembete og av statlige institusjonar av ymse slag. Skal fylka vere funksjonelle må meir av styringa av dette leggast til folkevald regionalt nivå. For at dette skal skje må makt overføras frå område som i dag delvis er utanfor folkevald politisk kontroll eller der den folkevalde politiske kontrollen er utøvd gjennom vedtak på enkeltpostar i statsbudsjettet.

For å finna ut kva konkrete etatar/ kontor og statlege organ som skal overføras til folkevald styring på regionalt nivå må det vurderast ut frå kva oppgåver dei har. Det viktigaste kriteriet må vera at det vil vera muleg å driva regional politikk på områda. Då må både A-etat og regionale høgskolar vurderast for overføring til fylka det same må regionkontora i tunge statlige verksemder som trygdeetaten og vegvesenet.

Framtida lysande står?

Fylka vil kunna vera den viktigaste drivkrafta for lokale og regionale løysingar i framtida. Fylka er store nok til å kunne vera heva over tradisjonell kommunal kivinga om kor skulen skal ligga, samtidig som han er liten nok til å la seg påverka av det som føregår i kommunane. På det viset vil fylka kunne vera regionale utviklingsaktør utan å vera overkommune eller å svekke demokratiet i kommunane. For å få til denne rolla må fylka styrkast med å overta roller som i dag ligg til statsforvaltninga både hos fylkesmannen og hos statlege institusjonar. Ikkje minst gjeld dette oppgåver som er knytte til undervisning, samferdsle og næringsutvikling. Samtidig må det koma ei avklaring av kva kontroll- og ankeinstansoppgåver som bør ligga hos fylkesmannen.

For å få til ei slik utvikling må debatten om det regionale Noreg handla om innhald og ikkje om storleik. Erfaringane me har med fylkeskommunen som folkevald nivå fram til i dag er ikkje at han har feila, men at han ikkje passar inn i høgrekreftene si «modernisering» av Noreg.

---
DEL

Legg igjen et svar