Mot slutten av 1700-talet introduserte filosofen Jeremy Bentham det han kalla ‘panoptikonet’. Tanken var å utforme det ideelle fengselet, der ein frå eit observasjonstårn i midten ville ha oversikt over alle cellene, som skulle byggast rundt tårnet. Frå tårnet kunne fangevaktarane i teorien sjå alle dei innsette, men dei innsette kunne aldri sjå tilskodaren. Dermed ville framferda til dei fengsla betrast nær sagt automatisk – berre illusjonen av å bli observerte skulle til for å gjere dei til meir lydige og disiplinerte borgarar.
Ordet panoptikon kjem av det greske ‘pan’ og ‘optikos’, som betyr høvesvis ‘alt’ og ‘syn’. I filosofien var ideen om eit altomfemnande perspektiv på ingen måte ny. At det skulle finnast ein ståstad der alt er synleg, går som ein raud tråd gjennom den vestlege . . .
Kjære leser.
For å lese videre, opprett ny fri leserkonto med din epost,
eller logg inn om du har gjort det tidligere.(klikk på glemt passord om du ikke har fått det på epost allerede).
Velg evt abonnement