Bestill sommerutgaven her

Å læra av historia

Avatar photo
Halvor Tjønn
Halvor Tjønn er historikar frå Universitetet i Oslo og arbeidde som Aftenpostens korrespondent i det tidlegare Sovjetunionen i fleire periodar på 1990-talet. Han har tidlegare mellom anna skrive Muhammed – slik samtiden så ham (2011), Russland blir til (2015) og Det russiske imperiet (2020).
KRIG / Kva gjer me den dagen krigen er avslutta og Russland er tvinga attende bak dei grensene som gjaldt før Putin i 2014 fyrste gongen gjekk laus på Ukraina?

Skal me sikra at noko slikt aldri igjen skjer på europeisk jord, må me henta Russland inn i den moderne demokratiske verda. Ikkje gjennom naivitet og illusjonar, slik me gjorde i 1990-åra og tidleg på 2000-talet, men gjennom realisme og ekte forståing. Me må kort sagt forstå kvifor og korleis det russiske samfunnet i byrjinga av det 21. hundreåret kunne bli overteke av ei gruppe korrupte KGB-offiserar og styrt av dei gjennom eit par tiår, utan at nokon andre enn intelligentsiaen i Moskva og St. Petersburg frå tid til anna protesterte. På dette grunnlaget må me starta det vanskelege arbeidet med å demokratisera det russiske samfunnet. Framfor alt er det viktig at Russland kvittar seg med den imperiale tankegangen. Ultranasjonalisten Vladimir Zjirinovskij sa ein gong til meg – i ein klar augneblink – at for russarar var det naturleg å herska over andre folkeslag. Han hadde ikkje problem med å skjøna at eg som vesterlending fann den tanken noko merkeleg, men det var viktig at eg, som vestleg korrespondent i Russland, forstod at russarar flest tenkte slik.

Her er noko av kjernen i problemet: Mens me i Vesten la av oss den imperiale tankegangen i tida før og like etter den andre verdskrigen, held denne ideologien grepet om fleirtalet av det russiske folket den dag i dag. Ikkje alle, men altfor mange russarar meiner at det høyrer til naturens orden at såkalla stor-russarar, det vil seia dei som har hovudstaden sin i Moskva, herskar over såkalla veslerussarar, dei med hovudstaden i# Kyiv. At folk i Georgia, Belarus og Kazakhstan ikkje lèt seg dirigera frå Moskva, er noko som ikkje er naturleg. Den naturlege tilstanden kan gjenreisast ved at Moskva tek i bruk makt. Å nytta slik makt er noko Russland har rett til ut frå sin storleik og sin overlegne kultur og ut frå historia. Dei som set seg opp mot den russiske makta, stiller seg på feil side av historia, om ein skal høyra på dei husfilosofane som makthavarane i Kreml held seg med.

No er det ikkje noko problem – ikkje for meg og heller ikkje for dei aller, aller fleste som støttar det vestlege, liberale demokratiet – å erkjenna at ikkje alt Vesten har gjort dei siste 50–60 åra, har vore like vellukka, på langt nær. Krigen i Vietnam, der ein freista å redda eit korrupt regime frå det kommunistiske tyranniet, kom skeivt ut heilt frå byrjinga. Krigen i Irak frå 2003 og framover var eit gigantisk feilsteg. Heller ikkje den 20 år lange innsatsen for å redda Afghanistan frå Talibans mørke regime synte seg å bringa dei resultata me håpte på. På den andre sida, om ein er aldri så kritisk til Vesten og Vestens bruk av makt i andre delar av verda, må ein erkjenna at dei vestlege samfunna dei siste generasjonane har gått gjennom ei djuptgripande demokratisering. Fleire røyster blir høyrde, og fleire grupper blir inkluderte i samfunnsskipnaden i alle vestlege land. Dette har ikkje skjedd i Russland. Sett bort frå den kaotiske tidsbolken mot slutten av 1980- og i 1990-åra, har Russland halde fram med å vera eit djupt autoritært samfunn. Å endra dette, slik at Russland sluttar seg til det frie Europa, blir ei av dei største utfordringane dei neste tiåra. Det blir ikkje nokon enkel prosess. Men det blir heilt naudsynt. Europa kan ikkje leva med eit totalitært Russland.

Ikkje alle, men altfor mange russarar meiner at det høyrer til naturens orden at såkalla stor-russarar, det vil seia dei som har hovudstaden sin i Moskva, herskar over såkalla veslerussarar, dei med hovudstaden i Kyiv.

Mikhail Gorbatsjov

Under det såkalla mars-plenumet i 1985 i det sovjetiske kommunistpartiet blei 54 år gamle Mikhail Gorbatsjov vald til ny partisjef. Mange kjende det slik at Sovjetunionen gjekk inn i ei ny tid. To–tre år etter var Gorbatsjov i ferd med å reformera heile sovjetstaten. Han forstod at Sovjet var blitt ei teknologisk tilbakeliggjande, isolert makt samanlikna med USA. Heile forbruksvareindustrien i Sovjetunionen var i djup krise. Samanlikna ikkje berre med vestlege menneske, men også med menneska i mange av dei kommunistiske satellittlanda i Aust-Europa var dei fleste sovjetborgarane fattige. Oppskrifta som Gorbatsjov lanserte, var å opne opp for debatt og diskusjon, såkalla glasnost, openheit. Så skulle ein gå i gang med å byggja om og modernisera det sovjetiske samfunnet, såkalla perestrojka, ombygging, var bodskapen hans.

Det Gorbatsjov ikkje hadde rekna med, var at dei nasjonale kjenslene til folk i Sovjetunionen ville koma til overflata. Med ein gong folk skjønte at ein ikkje blei sett i fengsel for å gå ut på gatene og seia si meining, tok demonstrasjonane til. I 1989 blei den ukrainske nasjonaldemokratiske rørsla Rukh danna, med base fyrst og fremst i Vest-Ukraina. Leiinga i kommunistpartiet i Ukraina freista lenge å stå imot nasjonalistrørsla, men i 1991 tok også partiet til å vakla. Då leiinga i den sovjetiske hæren og KGB freista å gjennomføra eit statskupp i Moskva i august 1991, tok dei i røynda livet av det som var igjen av Sovjetunionen. Den 24. august vedtok det øvste sovjet i Ukraina at landet igjen var ein uavhengig republikk. Vedtaket var på det næraste samrøystes. At dei mange medlemmene av det ukrainske kommunistpartiet skulle røysta for resolusjonen, var ikkje nokon sjølvsagd ting. Kuppforsøket i Moskva og freistnaden på å gjenreisa Sovjetunionen førte til at også kommunistkadrane forstod at det ikkje var nokon veg utanom sjølvstendeerklæringa. Den 1. desember 1991 støtta ukrainarane i ei folkerøysting sjølvstendeerklæringa. Sjølv i Donbas og på Krym, der daglegspråket er russisk, røysta fleirtalet for. Dette var det endelege signalet om at Sovjetunionen var død. På eit møte i Belarus med den belarusiske, den ukrainske og den russiske presidenten den 8. desember blei det vedteke ei erklæring som slo fast at «Sovjetunionen som geopolitisk realitet har slutta å eksistera». Den 25. desember gjekk Mikhail Gorbatsjov av som sovjetisk president. Sovjetfana blei firt over Kreml i Moskva.

Sjølvstendig stat

Ukraina var no ein sjølvstendig stat, men den gamle kommunistiske nomenklaturen heldt fram med å styra staten. I kommunisttida hadde dei tent kommunistpartiet. No tok dei til å tena seg sjølve, sine eigne djupe lommer og lommene til slekt og vener. Ukraina fekk snart ei klasse med superrike oligarkar, som hadde kvar sine representantar i parlamentet. Desse oligarkane og folka deira i parlamentet var for det meste knytte til Russland og til oligarkane der. Heile det politiske systemet i Ukraina, frå toppen og nedover, var gjennomsyra av korrupsjon og maktmisbruk. Dei som sat med makt, blei ufatteleg rike, mens vanlege folk blei stadig fattigare. Også i sovjet-tida hadde det vore ei kløft mellom dei som styrte og dei som blei styrte. Men med det som skjedde etter at Ukraina blei ein sjølvstendig stat i 1991, kom Ukraina til å likna meir på eit u-land enn på ein moderne europeisk stat.

Den fyrste opne oppstanden mot den russisk-venlege eliten kom seinhausten 2004.

Den fyrste opne oppstanden mot den russisk-venlege eliten kom seinhausten 2004. Den korrupte presidenten, Leonid Kutsjma, freista å gje presidentmakta vidare til protesjeen sin, Viktor Janukovitsj, ein mann som i ungdomen to gonger vart dømd for vald og fekk til saman fem år i fengsel. I 1990-åra tok han til å klatra oppover i det politiske systemet, og i 2002 blei han statsminister i administrasjonen til Leonid Kutsjma. Ved presidentvalet seinhausten 2004 blei han utropt til valvinnar, men for dei fleste var det klart at valet var manipulert. Etter store demonstrasjonar på Sjølvstendeplassen – Majdan – i sentrum av Kyiv blei det kunngjort at det skulle haldast nytt val. Den 26. desember 2004 tapte Janukovitsj for opposisjonskandidaten, Viktor Jusjtsjenko.

Viktor Jusjtsjenko og den politiske medspelaren hans, Julia Tymosjenko, kom til makta på eit program som lova kamp mot korrupsjonen i Ukraina og eit Ukraina som var vendt mot Vesten, ikkje mot Russland. Diverre klarte dei to ikkje å samarbeida. Regjeringstida til president Jusjtsjenko og statsminister Tymosjenko likna meir og meir på eit einaste langt hund-og- katt-slagsmål. Då presidentvalet i 2010 nærma seg, hadde dei to skusla bort mykje av den politiske kapitalen dei hadde skaffa seg i 2004 og 2005. Resultatet blei at Viktor Janukovitsj, Moskvas mann, vann valet med 49 prosent mot Tymosjenkos 45,5 prosent. Under Janukovitsj steig korrupsjonen i Ukraina til nye høgder. Eitt døme var son til presidenten, Oleksandr Janukovitsj. Då faren blei vald til president i 2010, hadde han ifylgje magasinet Forbes, ein formue på sju millionar dollar. Etter at faren hadde vore president i tre år, hadde formuen hans vakse til 510 millionar dollar. Så kom hausten 2013: President Janukovitsj nekta å underteikna ein framforhandla frihandelsavtale med EU. I staden freista han å knyta Ukraina til den såkalla eurasiatiske økonomiske unionen, som var leidd av Russland. Folk tok då til å samla seg til protestar på Majdan-plassen. Demonstrasjonane blei større og større. Vinteren 2014 gjekk dei over til å bli ein generell protest mot det korrupte systemet, mot tilknytinga til Russland. Dei som protesterte, ville ha ein ukrainsk stat som var ein del av Europa, ikkje ein stat som de facto var lagd inn under Putin-regimet i Moskva.

Etter kvart blei situasjonen på Majdan meir og meir tilspissa. I samanstøytane mellom politi og demonstrantar blei mange drepne. Den 21. februar flykta Janukovitsj frå Kyiv og kom etter kvart til Russland.

Vladimir Putin

Vladimir Putin hadde på den tida sete halvtanna tiår med makta i Russland. Etter 2007 hadde han slått inn på ein meir aggressiv kurs og erklært ope at målet for Russland var setja seg opp mot Vesten og etter kvart å ta kontrollen med mest mogleg av det som hadde vore Sovjetunionen. Etter at Janukovitsj flykta, var det ei tid ingen som hadde kontrollen i Kyiv eller over dei ukrainske væpna styrkane. Putin nytta høvet og sende sine eigne soldatar – utan flagg eller andre kjenneteikn på uniforma – inn på Krym-halvøya. På kort tid tok Putin over kontrollen med Krym. Samstundes gjekk russiskstøtta separatistar i gang med å ta over offisielle bygningar i fylka Luhansk og Donetsk. Ukrainske styrkar gjekk etter kvart til åtak på dei for å gjenreisa lov og orden. Svaret frå Kreml kom i august 2014, då russiske militære gjekk til regulær invasjon av Donbas. Krigen, som vart utvida med eit storstilt åtak på heile Ukraina den februar 2022, hadde teke til.

Ingen må likevel tru at Putin-regimet har tenkt å gje seg over.

Resten av det som har skjedd, er del av den daglege nyhendedekninga frå dei siste åra. Kanskje viktigast er det at det ukrainske folket våren 2014 blei klar over at Putin-regimet i Russland ikkje ville dei vel. Mens ein så seint som i 2010 hadde røysta fram ein Moskva-venleg president, forstod dei aller fleste ukrainarar våren og sommaren 2014 at landet stod med ryggen mot veggen. Ukrainarane skjønte at dei ville bli tekne over av Vladimir Putin og hans oligarkar om dei ikkje stod saman.

Kyiv

I Kyiv var tida no ute for dei politikarane som hevda at Ukraina i framtida skulle vera tett knytt opp til Russland. I mai 2014 blei den Moskva-kritiske sjokolademilliardæren Petro Porosjenko vald til president i Ukraina. Lovnadene han sette fram i valkampen, var at han skulle få slutt på krigen med Russland, føre Ukraina nærare EU og bli kvitt korrupsjonen i Ukraina. Fleire store korrupsjonsskandalar i presidentperioden hans førte til at han hadde lite truverd då han skulle møta veljarane igjen i 2019.

Mannen som stilte opp mot Porosjenko ved det neste president-valet, var den då 41 år gamle komikaren og TV-stjerna Volodymyr Zelenskyj. Frå 2015 hadde han rulla over fjernsynsskjermane i Ukraina som stjerna i serien Folkets tenar.17 Ei meir nådelaus – og komisk – uthenging av dei mørke sidene av den ukrainske staten og det ukrainske samfunnet, hadde ein knapt sett.

Skepsisen var sjølvsagt stor i mange krinsar – ikkje minst blant journalistar både i og utanfor Ukraina – då ein skodespelar og komikar vart vald til president. Så synte det seg at skodespelaren Zelenskyj som president var ein kommunikator av Guds nåde. Utan hans evne til å kommunisera og utan det motet han synte då han under det russiske åtaket avviste USAs tilbod om å hjelpa han ut av landet, kunne krigen ha gått i ei heilt anna retning enn han gjorde. Volodymyr Zelenskyj blei på sin post og fortalde Ukraina og verda at det nytta å gjera motstand mot den russiske invasjonshæren. Han samla folket, og han samla dei vestlege landa til å gjeva støtte til Ukraina. Aller viktigast var det at han synte heile verda at Ukraina var ein nasjon og at ukrainarane var eitt folk, fast overtydde om at dei ville leva i ein sjølvstendig stat.

I skrivande stund, midt i september 2022, er den ukrainske hæren på offensiven. På mange frontavsnitt kastar dei russiske soldatane frå seg våpen og uniformer og flyktar frå dei framstormande ukrainske styrkane. Ingen må likevel tru at Putin-regimet har tenkt å gje seg over. Men anten krigen utviklar seg slik eller slik, har Ukraina synt at eit europeisk demokrati, endå ein gong, kan hevda seg mot ein totalitær stat også på slagmarka.

Demokratiet er ikkje dødt. Ukraina er ikkje fortapt.

Dette er et utdrag fra boken Krig i vår tid, av Halvor Tjønn, gjengitt med tillatelse fra forfatter og forlaget Dreyer.

 

- egenannonse -

Siste kommentarer:

Siste artikler

Ikoniske malerier og fotografier

Forbilleder: I offentlighedens Latinamerika blir uafhængighedsheltene Bolívar og San Martin eller Che Guevara og Evita, gjennom malerier og fotografier enten forgudet eller satanisert. Denne bogen ser nærmere på hvorfor.

Permanent undtagelsestilstand

ESSAY: Strømmen går, valutakurser fluktuerer, brødpriser eksploderer, brændstof forsvinder. Det er også stadige spor efter eksplosjonen. Alligevel formår Beiruts hårdtprøvede borgere gang på gang at finde fodfæste i kaos. Og kaosset er medvirkende til Beirut aldrig bliver en pusse-nusse-by.

Muslimske eliter, maktutøvelse og terror

AFRIKA: Hva kan en bok si om Boko Haram eller den porøse grensen mellom dagens Kamerun og dagens Tsjad? Eller om det førkoloniale kongedømmet Kanem-Bornu?

Grænserne for vores levemåde

FREMTID: Miljøkatastrofer, global opvarmning, civilisationskrise og planetær apokalypse har givet anledning til forestillinger om jordens undergang og tidens afslutning. Gennem en radikal antropologi gjør et par forfattere et forsøg på at genrejse vores tro på verden.

Agamben: Et brennende hus

FILOSOFI: Italienske Giorgio Agamben beskriver og tenker andre forløp for vår tenkning enn dagens mer teknologisk nihilistiske viljedrevne produksjonsparadigme. To bøker søker inn i andre muligheter enn den 'brannen' han mener vi befinner oss i. I dette essayet forsøker Astrid Nordang å bringe frem noe av dette kompliserte materialet.

Et godt liv uten stadig mer av alt

GRØNN VEKST: NY TID har her valgt å trykke et utdrag av boken Grønt manifest av vår faste kritiker. «Livskvalitet framfor veksttvang»: Tre små, men kraftfulle ord, som gir en nøkkel til endret retning på samfunnsutviklingen, der vår evige streben etter 'mest mulig' heller justeres til verdsettelse av 'tilstrekkelig'.

Endetidstanker

FILOSOFI: Mens postmodernismen innebar en eksplosjon, innebærer dagens posthume tilstand ifølge Marina Garcés en avvikling av alle muligheter – en implodering. Ja, er de håp vi i dag klamrer oss til, bare markedstilpassede behov for håp?

Camille, Hannah, Lisa, Pauline og Flora

KVINNER: Kunst som er utført av menn, vies rett og slett mer oppmerksomhet: i samlinger, i utstillingsprogrammer, i kunstlitteraturen, i kunstmarkedet. Men hva med den store mengden kvinnelige kunstnere gjennom de siste 500 årene?

Jeg var helt ute av verden

Essay: Forfatteren Hanne Ramsdal forteller her hva det vil si å bli satt ut av spill – og komme tilbake igjen. En hjernerystelse fører blant annet til at hjernen ikke klarer å dempe inntrykk og følelser.

Når man i stillhet vil disiplinere forskningen

PRIO: Mange som reiser spørsmål om legitimiteten til USAs kriger, synes å bli presset ut fra forsknings- og mediainstitusjoner. Et eksempel er her Institutt for fredsforskning (PRIO), som har hatt forskere som historisk sett har vært kritiske til enhver angrepskrig – som neppe har tilhørt atomvåpnenes nære venner.

Er Spania en terrorstat?

SPANIA: Landet får skarp kritikk internasjonalt for politiets og sivilgardens utstrakte bruk av tortur som aldri straffeforfølges. Regimeopprørere fengsles for bagateller. Europeiske anklager og innvendinger ignoreres.

Er det noen grunn til å juble over koronavaksinen?

COVID-19: Fra offentlig hold ytres det ingen reell skepsis til koronavaksinen – man anbefaler vaksinering, og folket er positive til vaksinen. Men er omfavnelsen av vaksinen basert på en informert beslutning eller et blindt håp om en normal hverdag?

De militære sjefene ville utslette Sovjet og Kina, men Kennedy sto i veien

Militært: Vi tar for oss amerikansk strategisk militærtenkning (SAC) fra 1950 til i dag. Kommer den økonomiske krigen å bli supplert ved en biologisk krig?

Hjemlengsel

Bjørneboe: Jens Bjørneboes eldste datter reflekterer i dette essayet over en mindre kjent psykologisk side ved sin far.

Arrestert og satt på glattcelle for Y-blokka

Y-BLOKKA: Fem demonstranter ble ført vekk i går, blant dem Ellen de Vibe, tidligere direktør i Oslos plan- og bygningsetat. Samtidig havnet Y-interiøret i containere.

En tilgitt, lutret og salvet korgutt

Tangen: Finansnæringen tar kontroll over norsk offentlighet.

Michael Moores nye film: Kritisk til alternativ energi

MiljøFor mange er grønne energiløsninger bare en ny måte å tjene penger på, hevder regissør Jeff Gibbs.

Pandemien vil skape en ny verdensorden

Mike Davis: Ifølge aktivisten og historikeren Mike Davis ligger det i ville reservoarer, som blant flaggermus, opptil 400 typer koronavirus som bare venter på å smitte over til andre dyr og mennesker.

Sjamanen og den norske ingeniøren

SAMHOLD: Forventningen om et paradis fritt for moderne framskritt ble til fortellingen om det motsatte, men mest av alt handler Newtopia om to svært ulike menn som støtter og hjelper hverandre når livet er som mest brutalt.

Hudløs eksponering

Anoreksi: Ublu bruker Lene Marie Fossen sitt eget forpinte legeme som lerret for sorg, smerte og lengsel i sine serier av selvportretter – aktuelle både i dokumentarfilmen Selvportrett og i utstillingen Gatekeeper.