Sovjet-spionasje via Finland: – Eg underviste finnar i spionasje og sabotasje mot Sovjet

NY TID 30. juli 1977: I dag står han fram i Ny Tid. Tidlegare kaptein og major Svein Blindheim. Under krigen ein framståande medlem av kompani Linge.
Avatar
Email: ivar@nytid.com
Publisert: 03.12.2018

Medforfatter: Ingolf Håkon Teigene

Til oss seier han: – I 1953 var eg med på å lære opp finnar i spionasje og sabo-
tasjeverksemd. Opplæringa gjekk føre seg i Helsingfors og var sikta inn mot aktivitetar inne på sovjetisk jord:

– Arbeidet var organisert via Etterretningsstaben i Forsvarets Overkommando.

Eg var også ein tur i Nord-Finland og gav dei finske agentane den siste briefing før dei vart sende over grensa til Sovjet.

Blindheim har tagt med det han veit i 25 år. No vil han ikkje teie lenger. I dette intervjuet fortel han detaljert om kva han har vore med på. Det er ei fantastisk historie:

Han vart utstyrt med nytt pass då han skulle reise. Ingen visste kvar han skulle. Kona trudde han var i England. Opplæringa i Finland gjekk føre seg i stor løyndom. Sjøl budde Blindheim på eit hotell. Han skulle ikkje kontakte ambassaden.

Magnus Bratten, som formelt var attaché ved ambassaden, verva finnane og organiserte opplæringa. Det flaut med pengar til mat, drikke – og til lønn for arbeidet som finnane utførte. Alle finnane var pro-vestlege og klare antikommunistar. Svein Blindheim seier:
– Eg forsto straks at eg hadde vore med på noko riv ruskande gale. Noko som eg heller ikkje kunne forsvare overfor samvitet mitt. Når eg no får fortelje sanninga, kjennest det som ei tung bør fell av meg.

Vite minst mulig

Kaptein Svein Blindheim begynte å arbeide i Etterretningsstaben i Forsvarets Overkommando i 1949, etter oppmoding frå Vilhelm Evangs folk der.

I denne tida fekk Blindheim opplæring i etterretningsarbeid: – Våren 1953 vart eg så beden om å reise til Finland for å utføre eit oppdrag der.

– Du spurte ikkje kva slags oppdrag det var tale om?

– Nei. Vi som hadde vore aktive i motstandskampen under krigen var vane med å spørje minst mulig. Vi gav og tok ordrer. Dette hadde vi vendt oss til. Og eg tenkte på same måten den gongen – då eg arbeidde i Etterretningstenesta.

Seinare har eg skjønt at denne verksemda var så provoserande at ho etter alle vanlege handlingsmønstermkunne ha rettferdiggjort dei alvorlegaste reaksjonar mot NATO-landet Norge – både frå sovjetisk og finsk side.

Eg sa ja til oppdraget. Vi var to som reiste saman – i same ærend. Ein fotograf og eg. Eg vart utstyrt med nytt pass. I dette passet fekk eg no yrkestittelen «konsulent» i staden for «kaptein».

– Spurte du om kvifor du trong nytt pass?

– Nei.

Opplæring i spionasje mot sovjet

– Kva hende då de kom til Finland på vårparten i 1953?

– Vi vart straks kontakta av cand. philol. Magnus Bratten, som formelt var knytta til den norske ambassaden i Helsingfors som attaché. Gjennom Bratten vart vi straks introduserte til det arbeidet det viste seg at vi skulle utføre: Å utdanne finnar til operasjonar inne i Sovnet.

– Kva slags operasjonar var det snakk om?

– Ja, det gjekk jo fram av den opplæringa vi gav dei. Fotografen som eg reiste saman med underviste i bruken av minikamera. Altså spionkamera. Oppgåva mi var å instruere dei kva dei skulle leite etter, og korleis dei skulle gå fram for å finne det dei var på jakt etter.

– Kan du gå nærare inn på dette?

– Ja, det dei var på jakt etter var militære installasjonar og militære anlegg av alle slag – flytypar, flyplassar, våpenlager, stridsvogner, militære konsentrasjonar. Alt slikt som har interesse å vite om eit anna lands militære styrke, effektivitet osv.

Sabotasje

– Fekk finnane også opp-læring i sabotasje?

– Eg hadde jo lang røynsle frå sabo-tasjearbeid gjennom Kompani Linge under krigen…

Ja, finnane fekk opplæring i sabota-sje. Eg fortalde dei kva dei skulle gå etter dersom dei skulle utføre sabotasjar, og korleis slike aksjonar skulle gjerast. Eg gav dei mellom anna instruksjon i bruken av sprengstoff.

Inntrykket mitt var at finnane skulle kunne utføre sabotasjeaksjonar dersom det vart nødvendig for å dekke over spionasjeverksemda.

Heile Helsingfors

– Kvar gjekk denne opplæringa føre seg?

– Vi dreiv opplæringa på hemmelege plassar. I dekkleiligheter rundt om i Helsingfors om kvelden.

Det var gjerne slik at fotografen først underviste ein time eller så i bruken av spionkamera.

Etterpå kom eg og fortalde kva dei skulle vere ute etter, og korleis dei skulle få fatt i materialet.

– Hadde du noko form for kontakt med ambassaden i denne tida?

– Nei, eg forsto klart at eg ikkje skulle kontakte ambassaden. Eg budde heile tida på Klaus Kurki Hotell i Helsingfors, og den einaste eg hadde kontakt med av ambassade-folk, var Magnus Bratten. Han var jo som sagt offisielt attaché der.

Rikeleg med pengar

– Kva var Brattens rolle i dette?

– Det var han som dirigerte heile spelet. Han skaffe dei finnane som skulle opplærast, og han avtala og arrangerte møta vi hadde med dei. Han hadde også pengane som trongst.

– Dei finske agentane vart betalte av Bratten?

– Ja – eg går ut frå det. Og hadde inntrykk av at dei var godt, svært godt betalte.

I det heile flaut det rikeleg med pengar, både til festar med mat og drikke.

– Kvar kom pengane frå?

– Det fekk vi jo aldri vite direkte. Men eg går ut frå at dei kom frå USA og NATO. Det var jo dit opplysningane skulle så vidt eg forsto.

– Kvifor vart denne verksemda orga-nisert via Finland?

– Svaret på det er openbert. Finnane var godt kjende med områda på andre sida av grensa.

Grensa mellom Sovjet og Finland er dessutan lett å krysse, med massevis av ubevakta grenseområder, heilt annleis enn grenseforholda mellom Sovjet og Noreg. Finnane hadde dessutan teke del i krigen på dette området. Dei var på sett og vis på heimebane.

– Visste nokon i Norge kva du drev på med?

– Oppdragsgivarane visste det sjølvsagt. Men vener og slektningar visste ikkje ein gong at eg var i Finland. Mi eiga kone trudde eg var på tenestereise i England.

– Kor lenge var du i Finland?

– Nokre veker. Eg minnest ikkje nøyaktig kor mange. Men då eg reiste heim midt-mars 1953 hadde eg utdanna ei rekke finnar til verksemd på sovjetisk jord.

– Ein tid etter, litt seinare på sommaren, fekk eg beskjed om å reise tilbake til Finland. Då skulle eg sendast på oppdrag i Sovjet.  Og det gjaldt også ein del av dei folka eg hadde utdanna.

Denne gongen reiste eg til Finland saman med nye folk frå Etterretnings-staben. I Helsingfors vart eg på nytt teke hand om av Bratten. Vi reiste straks til Nord-Finland. Til ei hytte Bratten disponerte der på ein einsam plass – langt vekk frå folk. Ikkje langt frå grensa til Sovjet.

– Her gav vi finnane den siste briefing før dei vart sende over i grensa. Korleis dei skulle ta seg fram osv. Her fekk dei også det utstyret dei trong for å opp-halde seg i det fri i lenger tid.

Antikommunistar

– Kva slags folk var finnane som vart verva og opplærde?

– Det var klart pro-vestlege og anti-sovjetiske folk. Dei hadde kjempa mot Sovjet under krigen. Bratten streka gong på gong under at dei høyrde til det beste i det finske folket.

Mange av dei hadde rømt frå Finland i 1944 saman med tyskarane og busett seg utanlands. Enkelte av dei i Sør-Amerika. Det galdt t. d. den tolken vi brukte under opplæringa.

Det var altså finnar som hadde solidarisert seg med tyskarane under krigen og var klare antikommunistar.

– Ville du kalle dei nazistar?

– Det ordet brukar eg helst ikkje i det heile.

– Fekk du inntrykk av kor lenge denne verksemda hadde gått føre seg?

– Eg har til no berre fortalt det eg sjøl kjenner til, fordi eg var med på det. Men om du spør om dette, kan eg seie at eg hadde eit inntrykk av at dette hadde gått føre seg lenge. Måten Bratten oppførte seg, personskunnskapane hans og den store kontaktflaten han hadde i Helsingfors – alt dette tydde på det.

Begynte å tenke. – Kva hende då du kom tilbake frå Finland siste gongen?

– Då hadde eg ein lang ferie – og begynte å tenke.

– Tenke – på kva?

– På det eg hadde vore med på. Eg skjønte at dette var ruskande gale. Eg angra, rett og slett. Og tenkte: Ut av dette, di før di heller. Straks etter søkte eg ein jobb i Heimevernet som eg fekk.

– Kva refleksjonar har du seinare gjort deg om dette du var med på?

– Eg tenkte jo straks at dette var stikk i strid med bildet vi prøve å gi av oss sjølve som det fredelege Norge, og av Sovjet som eit aggressivt land.På mange måtar vart hendingane i Finland eit vendepunkt for meg. Eg vart meir og meir skeptisk til heile NATO- og utanrikspolitikken vår. Eg såg at dette bar gale av stad. Seinare har eg skjønt at denne verksemda var så provoserande at ho etter alle vanlege handlingsmønster kunne ha rettferdiggjort dei alvorlegaste reaksjonar mot NATO-landet Norge – både frå sovjetisk og finsk side.

– Kvifor har du tagt om dette heilt til no?

– Gammal lojalitet, kanskje. Dess-utan redsla for den belastninga det kunne bli.

På den andre sida har det blitt ei stadig tyngre bør for meg at saka har fått ligge i det løynde i 25 år. Vi er ikkje tente med løgner og forteiingar om vår samtid og nære fortid. Difor seier eg frå om dette i dag.

Se også leder side 2, som er grunnen til at vi har trykket denne artikkelen

Kommentarer