Abonnement 790/år eller 190/kvartal

Klimakonferanse: «Noreg verre enn USA»

Noreg er kåra til verst i sin klasse på utsleppsreduksjon, og eigne utsleppsmål fram mot 2020 kan gleppe. Etter Paris rustar miljørørsla seg til kamp for større kutt på heimebane.

ny tid«Aldri før har eit så stort ansvar vore i hendene på så få.» Klimasjefen i FN, Christiana Figueres, hadde på opningsdagen av Klimatoppmøtet i Paris (COP21) tydeleg bestemt seg for å legge all mogleg tyngde på delegatane. 30. november var over 140 statsleiarar samla for å understreke kor viktig oppgåva er med å få til ein klimaavtale med ein tydeleg veg mot globale utsleppskutt. Parafraseringa av Winston Churchill frå FNs viktigaste klimadiplomat var berre ei av eit utal understrekingar av at COP21 måtte bli eit vendepunkt i kampen mot klimaendringane, blant anna av Erna Solberg: «Me må leve opp til verdas forventningar. Me må gjere COP21 til eit vendepunkt,» sa statsministeren frå talarstolen i Paris. Kontrasten er knapt større til forhandlingane i dei to vekene etterpå. Ein langtekkeleg dragkamp om viktige, men komplekse detaljar i avtalen (sjå sidesak) som skulle gjere vegen til ei berekraftig framtid farbar.
Verst i klassen. «Langtekkeleg» ser òg ut til å vere eit dekkande omgrep for den grøne omstillinga her heime. Det bodskapet blei klart under den siste veka av klimaforhandlingane, då den respekterte tankesmia Germanwatch slapp sin årlege rapport, The Climate Change Performance Index, kor dei målar klimainnsatsen til ulike land. Mens Danmark og Sverige i fleire år har vore blant dei høgast rangerte landa, er Noreg no nede på ein 36. plass – ned frå 24. plass i 2013 – og ein suveren versting blant dei nordiske landa. For fyrste gong er Noreg lågare rangert enn USA på klimaindeksen, som har rykka opp til ein 34. plass på årets liste. «Rangeringa vår tar både omsyn til dei faktiske utsleppa, tendensane i landa sine utslepp over tid, og politiske tiltak,» seier Jan Burck, leiar av rapportutvalet til Germanwatch, til Ny Tid. Han peikar på den store forskjellen mellom Noreg og våre naboar i aust og sør som talande: «Danmark og Sverige er på topp når det gjeld utbygging av fornybar energi. Her blir Noreg eit spesielt tilfelle, ettersom vasskrafta står for store delar av straumforsyninga.»
Men den viktigaste årsaken, ifølgje Burck, er at «dei totale CO2-utsleppa i Danmark, Sverige og ei rekke andre europeiske land er gått markant ned, mens dei i Noreg har gått opp». Mellom 1990 og 2014 auka CO2-utsleppa i Noreg med rundt 25 prosent, framfor alt på grunn av vekst i olje- og gassutvinninga. Dei samla klimagassutsleppa har gått opp med 3,46 prosent. Dette står i sterk kontrast til utviklinga i både Danmark og Sverige, som sidan 1990 har kutta sine totalutslepp med høvesvis 25 og 20 prosent. Når det gjeld utslepp per person, slepp gjennomsnittssvensken ut mindre enn halvparten så mykje klimagassar som den gjennomsnittlege nordmannen.
Ikkje riktig bilde. På spørsmål frå Ny Tid gjer Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) det klart at rangeringa til Germanwatch ikkje gjev eit heilt riktig bilde. I ein epost skriv ministeren at Noreg får høg score på dei klimapolitiske tiltaka. «Ein av grunnane til at Noreg scorer lågt er at me allereie har nær utsleppsfri kraftproduksjon. Noreg har òg blant verdas høgaste CO2-avgiftar på olje- og gassproduksjon, og me har høge avgifter på bilkøyring og flytrafikk.» I tillegg meiner statsråden at satsinga framover peikar i riktig retning. «Regjeringa har ei historisk sterk satsing på jernbane og miljøteknologi i næringslivet. Få har gjort meir for å legge til rette for el-bilar. Framover skal me blant anna fase ut oljefyring, sikre meir kollektivtransport i byane og få meir energieffektive bygg. Saman med EU har me mål om å redusere utsleppa med minst 40 prosent i 2030. Noreg er òg det landet i verda som gjer mest for å ta vare på regnskogen».
Konflikthausten. Når klimabyråkratar, politikarar og aktivistar denne veka har føtene tilbake på norsk jord, er det med vanskelege kort på handa, og ein stor jobb føre seg. Blant dei hjemkomne er Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet, som til Ny Tid seier at den nye klimaavtalen gjer heimlege aktørar enno viktigare for å stille sterkare til neste forhandlingsrunde i 2020: «Sivilsamfunnet får no ei mykje viktigare rolle for å sørge for at me kan stille med betre mål for eigne klimakutt. Det gjeld òg industri og på det lokale nivået. På mange måtar gjer det òg kvar enkelt stat viktigare, fordi ein må ta ansvaret med å komme med ambisiøse innspel sjølv,» seier Esmark, og peikar blant anna på konflikten rundt oljeboring i Arktis, klimatilpassing og ein grønare bypolitikk som nøkkelspørsmål i åra framover.

«Gjennomsnittssvensken slepp ut mindre enn halvparten så mykje klimagassar som den gjennomsnittlege nordmannen.»

Det er nettopp det heimlege ambisjonsnivået som har fått fleire skot for baugen. Ifølgje Klimaforliket, som alle stortingspartia bortsett frå Frp gav si støtte til i 2012, skal Noreg kutte eigne klimautslepp til mellom 45 og 47 millionar tonn CO2-ekvivalentar, samanlikna med 52 millionar tonn i 1990. Likevel ligg framskrivingane på dette punktet på 54,9 millionar, og ei veke før Klimatoppmøtet annonserte statsminister Erna Solberg at ein risikerer å ikkje nå det målet, fordi klimatiltaka kom for seint i gang. Det har skapt sinne i miljørørsla. «Det å trekke Klimaforliket i tvil no er eit svært dårleg signal,» meiner Esmark.
Tine Sundtoft fortel at regjeringa står fast på Klimaforliket, men at situasjonen er krevjande fordi «me ikkje akkurat kom til dekka bord frå førre regjering». Ho meiner det heller er eit spørsmål om når, ikkje om, klimasatsingane i Noreg får effekt: «Regjeringa og samarbeidspartia har vedtatt ei rekke nye klimatiltak, slik som jernbanesatsing og miljøteknologi. Det kan være at resultata kjem før eller etter 2020. Men me arbeider kvar dag for å få ned utsleppa, og håpar me når målet».
Eit anna konflikttema som viser gapet mellom ambisjonar og realitetar kom fram onsdag førre veke, då den grøne skattekommisjonen, leia av NTNU-professor Lars-Erik Borge, blei lagt fram. Kommisjonen har sett på tiltak for å vri skatte- og avgiftssystemet i ei meir miljøvennleg retning, men har fått svært mykje kritikk, både fordi dei samla endringane ifølgje utvalsleiar Borge vil kunne kutte klimagassutsleppa med 1 million tonn CO2-ekvivalentar, men òg på grunn av forslaga om å redusere fleire av avgiftsfordelane for el- og lågutsleppsbilar. Marius Holm, leiar for klimaorganisasjonen Zero, reagerte på forslaga til kommisjonen med å be dei legge dei i skuffen. «Utsleppa vil auke i transportsektoren, blant anna fordi dei vil fjerne store delar av dei miljøvennlege grepa som er tatt i tida. Det åleine veg opp for alle positive tiltak som kommisjonen kjem med,» seier Holm til Ny Tid. Holm er likevel optimist når det gjeld klimaarbeidet etter Paris-avtalen: «Avtalen vil ikkje vere motoren for endringar, men den kan bli ein del av ein positiv spiral der naudsynte grøne investeringar blir ein stadig større del av globalt energiforbruk.» På spørsmålet om det vil bli lettare å kjempe igjennom dei utsleppskutta Noreg må ta heime i tida framover enn det har vore til no, svarar Holm: «Den teknologiske delen av det blir stadig betre, så det gjer omstillinga lettare. Men den politiske viljen svingar.»


peder@nytid.no

Du vil kanskje også like