Ungdomspolitiske bloggere på Ny Tid

Etter § 93-debatten

Det kan ikkje vera lettare å melda eit land inn i ein union enn det er å endra vedtektene i eit kva for helst idrettslag. Difor er det bra at endringsframlegget til § 93 etter alt å dømma blir stemt ned i dag.

10.01.2008 09:04 – Av Tore Syvert Haga

Vikarierande parlamentarisk leiar i AP, Olav Akselsen, vil i tida framover neppe tenka tilbake på veke 2 i 2008 med nostalgisk glede. Fyrst var han klar som ein kusk til å bruka partipisken mot dei «ulydige» representantane som ville vera lydige mot partiprogrammet og sine eigen valløfte. Så blei han drive tilbake, etter press frå Stortingsgruppa, AUF, veljarane, media og kanskje til og med partileiinga. Representantane blei stilte fri, og framlegget fell truleg i føremiddag.

Her og no er det grunn til å gleda seg over utfallet av saka. Spelereglane blir ikkje endra. Valløfta blir haldne. Partipisken blir sett på stallen. Men striden rundt § 93 avslører ei splittande og grunnleggande usemje om suverenitet og grunnloven si stilling i det norske politiske systemet.

Skal 50,1 prosent ja-stemmer i ei rådgjevande folkerøysting vera nok til å melda Noreg inn i EU? Det meiner dei som ville endra § 93. Sjølve endringsframlegget gjekk berre til 2/3, men argumentasjonen for det går ut på å hindra at eit mellomstort mindretal på Stortinget nektar å avstå suverenitet.

I dag er grunnloven heilt klar, det krevst 3/4 på Stortinget for å innlemma Noreg i EU. Folkerøystinga har ingen plass i grunnloven. Så er spørsmålet om det har utvikla seg ein såkalla konstitusjonell sedvanerett om rådgjevande folkerøystingar som skal fyljast av dei folkevalde. Ulike nei-parti har ulike syn på dette. Ungdom mot EU som organisasjon har så langt ikkje teke stilling til spørsmålet om kor vidt nei-folk på Stortinget bør bøya seg for eit eventuelt knapt ja-fleirtal i ei folkerøysting. Vår oppgåve er å sikra at det er så mange nei-veljarar i folket at ja-fleirtal ikkje blir ein aktuell problemstilling.

Det ryddigaste ville vera om dei som verkeleg meiner at dei rådgjevande folkerøystingane skal vera bindande gjorde framlegg om å innføra bindande folkerøysting ved suverenitetsavståing. Det har ein i fleire andre land. Kor stort fleirtalskravet bør vera, får i så fall heller diskuterast. Alle idrettslag krev 2/3 fleirtal for å endra vedtektene, og staten Noreg er vel minst like verneverdig som eit idrettslag?

Så lenge neisida leier på meiningsmålinga tør ikkje ja-folka å senda av garde ein ny EU-søknad. Tida fram til neste folkerøystingkampanje kan mellom anna brukast til å gjera det klart kva som er spelereglane.

Og kanskje ein til og med kan stilla spørsmål om § 93 kan brukast til å melda Noreg inn i EU. Paragrafen blei laga for å melda oss inn i EEC, det står nemleg at suverenitet kan avståast på «eit sakleg avgrensa felt». Om EU-medlemskap kan seiast å vera eit «sakleg avgrensa felt» er eit ope spørsmål. Kanskje det rett og slett trengst ein heilt ny paragraf?

Siste saker

»
»
»
»
Vi tier ikke (02.02.2012)
»
»
Nobel-brevsjokket (01.02.2012)
»
»
Vraker advokat (27.01.2012)
»
»

Siste utgave

Forsiden på siste utgave av Ny Tid

Ny Tid nummer 5
03. februar-10. februar

I løssalg nå!

Bli abonnent!


Nettutgaven av Ny Tid publiserer fredager utdrag fra ukemagasinet. Få 3 uker gratis: Send sms m/ NTGRATIS til 2007.

Abonnement: Telefon: 22 40 18 80 (11-16). Fax: 22 40 18 81. Epost: abo@nytid.no. Besøksadresse: Rosenkrantz gate 11 B, 3. et.

Postadresse: Ny Tid & Orientering AS, Pb 50 Økern, 0508 Oslo. Org.nr.: 995 498 480 MVA. Debatt: debatt@nytid.no.

Ny Tid følger Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Ansvarlig redaktør: Dag Herbjørnsrud. Epost: dag@nytid.no. Tlf.: +47 916 95 196.

Adm. direktør: Ramazan Ay. Epost: ramazanay@nytid.no. Tlf.: 22 40 18 87 +47 473 18 199.

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Ny Tid.

Utviklet av Renommé Communication