Ungdomspolitiske bloggere på Ny Tid

Lisboa-traktaten styrker Nei-argumenta

Kva vil EU sin nye Lisboatraktat ha å sei for Noreg og for den norske EU-debatten?

13.12.2007 11:08 – Av Tore Syvert Haga

Etter at franskmennene og nederlendarane avviste EU-grunnloven har EU no vedteke ein så godt som identisk traktat, bare utan å gjennomføra folkerøystingar. Det einaste unntaket er Irland, kor utfallet er ope. Hovudinnhaldet i Lisboa-traktaten er at 68 nye politikkområde blir overstatlege. EU får fullmakt til å overstyre medlemslanda på endå fleire område. Spesielt innanfor utanrikspolitikken og justispolitikken får Brussel meir makt. Det vil sei at om Noreg blir med i EU vil me mista endå meir sjølvråderett enn me ville ha gjort i 1994.

Ein annan viktig endring er at maktforholdet mellom de store og små landa blir vridd. EU er allereie dominert av dei store landa, men styrkeforholdet blir endå skeivare med den nye traktaten. Tidlegare hadde dei mindre landa relativt sett fleire stemmar enn innbyggartalet skulle tilsei. Frå no av vil landa i Ministerrådet stemma i direkte forhold til innbyggartalet. Dette svekkjer ja-sidas argument om Noreg må ”inn for å påverka” ytterlegare, sidan me har under 1 prosent av EUs totale innbyggartal. I 1994 ville me hatt tre av 90 stemmer i EU sitt ministerråd, altså over 3 prosent.

Med Lisboa-traktaten flyttast endå meir makt frå medlemslanda til Brussel. Med det styrkast argumenta mot norsk EU-medlemskap ytterlegare. Alt i alt blir EU diverre ikkje betre, men verre, om den nye traktaten skulle bli ratifisert. Nettopp difor er det så trist at berre irane skal få stemma over dette. Men dei EU-positive regjeringane har lært av neia i 2005: Om dei spør folket , er faren for å få nei stor.

Siste saker

»
»
»
»
Vi tier ikke (02.02.2012)
»
»
Nobel-brevsjokket (01.02.2012)
»
»
Vraker advokat (27.01.2012)
»
»

Siste utgave

Forsiden på siste utgave av Ny Tid

Ny Tid nummer 5
03. februar-10. februar

I løssalg nå!

Bli abonnent!


Nettutgaven av Ny Tid publiserer fredager utdrag fra ukemagasinet. Få 3 uker gratis: Send sms m/ NTGRATIS til 2007.

Abonnement: Telefon: 22 40 18 80 (11-16). Fax: 22 40 18 81. Epost: abo@nytid.no. Besøksadresse: Rosenkrantz gate 11 B, 3. et.

Postadresse: Ny Tid & Orientering AS, Pb 50 Økern, 0508 Oslo. Org.nr.: 995 498 480 MVA. Debatt: debatt@nytid.no.

Ny Tid følger Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Ansvarlig redaktør: Dag Herbjørnsrud. Epost: dag@nytid.no. Tlf.: +47 916 95 196.

Adm. direktør: Ramazan Ay. Epost: ramazanay@nytid.no. Tlf.: 22 40 18 87 +47 473 18 199.

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Ny Tid.

Utviklet av Renommé Communication