Ungdomspolitiske bloggere på Ny Tid

Bruk vetoretten mot Tenestedirektivet!

Sosial dumping er eit stort problem, både for arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og samfunnet som heilskap. Difor bør Fellesforbundet få støtte både frå regjeringa og arbeidsgjevarar i kravet om veto mot Tenestedirektivet.

15.10.2007 08:47 – Av Tore Syvert Haga

Sosial dumping er ein kreftsvulst i arbeidslivet. Det er eit problem for den austeuropeiske snekkaren, som blir underbetalt og utbytta. Det er eit problem for den norske snekkaren, som får valet mellom å mista jobben eller å gå ned i løn. Og – ikkje minst – det er eit problem for alle seriøse arbeidsgjevarar som held seg til tariffavtalane og spelereglane. Tenestedirektivet vil forby mange av dei viktigaste kontrolltiltaka mot sosial dumping. Difor er det fullt forståeleg at Fellesforbundet vil ha veto – og dei bør få støtte både frå arbeidsgjevarar og regjeringa i denne saka!

Fellesforbundet er ikkje det fyrste forbundet som har gått inn for veto. Det same har til dømes Norsk Tjenestemannslag, Utdanningsforbundet og Norsk Transportarbeidarforbundet. Fagforbundet, det største LO-forbundet, har òg vore skeptiske, utan å førebels ta eitt klart standpunkt. Blant ungdommen er det danna ei brei Ungdomsallianse mot Tenestedirektivet, med nettsida www.tjenestedirektivet.no. Alliansen rommar ulike organisasjonar, alt frå Studentane i Politiets Fellesforbund til Norsk Målungdom. Alle dei tri ungdomsorganisasjonane til regjeringspartia er tilslutta.

Tenestedirektivet er ei sak som splitter regjeringa. Etter at høyringa i vinter gav mange høyringssvar som kravde veto og konsekvensutreiing, har det vore tyst frå regjeringa. Truleg kjem ei eller annan form for konsekvensutreiing, men kva skjer etter det? Det sitt truleg langt inne for Jens og Jonas å bruka vetoretten i EØS-avtalen. Men å sluka EU sitt Tenestedirektivet sitt like langt inne for Åslaug og Kristin. No har dei i tillegg fått det mektige Fellesforbundet med på laget. Fellesforbundet sitt landsmøte er ikkje akkurat ei resolusjonskvern for aktivistar, det er tvert om eit av dei mest moderate og EU-positive LO-forbunda.

Når så sterke krefter vil ha veto – kvifor ikkje? Vetoretten ligg fast i EØS-avtalen. EØS forsvinn ikkje om veto blir brukt. Jonas Gahr Støre har sjølv sagt at vetoretten ikkje er til pynt.

Ein motførestilling mot bruk av veto er sjølvsagt frykt for hemnreaksjonar frå EU. Ein kan i teorien sjå føre seg at EU boikotta norsk laks som straff. Men det ville vore i strid med EØS, som slår fast at eventuelle sanksjonar som fylje av eit veto må vera på same saksfelt som det veto-et gjaldt mot. Og heilt grunnleggande har Noreg og EU gjensidig interesse av å handla med kvarandre i dei fleste samanhengar, ut frå komparative føretrinn. Eg har liten tru på at EU vil redusera handelen med Noreg som fylje av eit veto.

Alle i det norske samfunnet har ei felles interesse av at kampen mot sosial dumping lukkast. Det handlar ikkje om proteksjonisme, eller om å stenga utanlandske arbeidstakarar eller tenesteleverandørar ute. Det handlar om å sikra lik løn for likt arbeid, og å hindra at spelereglane i arbeidslivet blir undergravd. Difor må regjeringa ta ansvar, og legga ned veto mot Tenestedirektivet.

Siste saker

»
Eksplosiv eksport (03.09.2010)
»
»
(03.09.2010)
»
(03.09.2010)
»
Den evige olje (27.08.2010)
»
»
»
»
»

Siste utgave

Forsiden på siste utgave av Ny Tid

Ny Tid nummer 30
3. - 10. september

I løssalg nå!

Bli abonnent!

x-plosiv.no
  Nyheter fra xplosiv.no

Nettutgaven av Ny Tid publiserer fredager utdrag fra ukemagasinet. Få 4 uker gratis: Send sms m/ NTGRATIS til 2007.

Abonnement: Telefon: 23 33 91 40 (08-16). Fax: 23 33 91 61. Epost: abo@nytid.no. Abonnementsadresse: Pb. 260 Økern, 0510 Oslo.

Andre posthenvendelser: Ny Tid & Orientering AS, Pb 50 Økern, 0508 Oslo. Org.nr.: 995 498 480 MVA. Debatt: debatt@nytid.no.

Ny Tid følger Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Ansvarlig redaktør: Dag Herbjørnsrud. Epost: dag@nytid.no. Tlf.: +47 916 95 196.

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Ny Tid.