Ungdomspolitiske bloggere på Ny Tid

Demokratiets termometer

Når valdeltakinga er låg, er det eit svakheitsteikn for demokratiet.

17.09.2007 08:54 – Av Tore Syvert Haga

På valdagen jobba eg som avkryssar. Avkryssaren er han som sjekkar legitimasjonen din, og kryssar av i manntalet for at du har røysta. Så stemplar han stemmesetlane, og fortell deg i kva for ei urne dei skal leggast. Du kan sikkert tenka deg at jobben som avkryssar ikkje er den mest interessante. Ein får ikkje ein gong lov til å kikka på stemmesetlane for å sjå kva parti folk stemmar på. Det mest engasjerande eg kunne gjera, var å stadig tella opp kor mange i manntalslista som hadde stemt.

Valdeltakinga seier noko om korleis det står til med det folkelege engasjementet. Jo lågare valdeltakinga er, jo svakare er engasjementet. Mange har kritisert valkampen 2007 for å vera lite engasjerande og fullstendeg dominert av skandalar og rikspolitikarar. Geelmuyden.Kiese kåra til og med Sofaen til vinnaren av valkampen . Difor blei eg overraska då eg fann ut at valdeltakinga i år gjekk opp markert i kommunestyrevalet. Dei førebelse tala frå val.no syner ei valdeltaking på 61,6% på landsbasis, opp 2,6% frå førre kommuneval. Faktisk må ein tilbake til kommunestyrevalet i 1995 for å finna ei høgare valdeltaking. Kommunevala har sidan 1979 hatt synkande valdeltaking i kvart einaste val. Spørsmålet er om 2007 blir starten på ein meir positiv trend oppover, eller om valdeltakinga er i ferd med å stabilisera seg på pluss-minus 60%. Det er i så fall eit deprimerande lågt nivå.

Likevel er det langt ned til deltakinga i EU-parlamentsvala. Dei har også hatt synkande deltaking i kvart einaste val sidan det fyrste i 1979. Ved sist val, i 2004, var deltakinga nede i 45% i snitt i EU. Dette trass i at fleire land med stemmeplikt, som Belgia og Luxembourg, trakk deltakinga opp med over 90% oppmøte. Lågast av alle var Slovakia med 16,7% deltaking. Våre nordiske naboar Sverige, Danmark og Finland hadde 38,8, 47,9 og 41,4%.

Den låge deltakinga skyldast ikkje at EU-borgarane ikkje er interesserte i politikk generelt. Tvert om har dei minst like høg deltaking i nasjonale parlamentsval som me har til Stortinget i Norge. I Slovakia stemte til dømes 75,9% i parlamentsval på nittitalet, og Sverige og Danmark har over 80% valdeltaking.

Grunnen til at så få stemmar i val til EU-parlament er rett og slett at dei ikkje greier å setta seg inn i kva som skjer der, og kva politikk dei ulike kandidatane har. EU-systemet er byråkratisk og tunggrodd, og det er ikkje lett å forstå kva sakar EU-parlamentet eigentleg har makt til å avgjera på eiga hand. Samanlikna med den makta dei nasjonale parlamenta har i medlemslanda, har EU-parlamentet lite makt i EU.

EU manglar fullstendig ein felles, demokratisk offentlegheit. Folk kan ikkje fylja med på kva som skjer der nede i Brussel. Det finst ikkje ein felles-europeisk offentleg debatt. Du har ikkje eit felles-europeisk VG eller NRK. Den einaste folkelege felles-europeiske kanalen eg kjenner til er Euro-sport, og det kan du ikkje bygga eit demokrati på. Jo meir makt EU får, jo svakare blir difor demokratiet. Makta flyttast vekk frå det nasjonale nivået, kor folk kan fylja med og påverka, og til EU-nivået.

Utan ein felles demokratisk offentlegheit, og ein felles samfunnsdebatt, er det ikkje muleg å få til noko verkeleg demokrati. Avstanden blir for stor mellom styrande og styrte, og folket svarar med apati eller motstand. Det er neppe tilfeldeg at mange av dei som stemmar i EU-parlamentsvala bryt med sine faste parti, og stemmar på ei rekke protestparti med ei felles sak: EU-motstand. Døme er UK Indepence-Party , og Junilistan i Sverige. Men dei fleste sitt altså heime, i sofaen.

Siste saker

»
»
»
»
Vi tier ikke (02.02.2012)
»
»
Nobel-brevsjokket (01.02.2012)
»
»
Vraker advokat (27.01.2012)
»
»

Siste utgave

Forsiden på siste utgave av Ny Tid

Ny Tid nummer 5
03. februar-10. februar

I løssalg nå!

Bli abonnent!


Nettutgaven av Ny Tid publiserer fredager utdrag fra ukemagasinet. Få 3 uker gratis: Send sms m/ NTGRATIS til 2007.

Abonnement: Telefon: 22 40 18 80 (11-16). Fax: 22 40 18 81. Epost: abo@nytid.no. Besøksadresse: Rosenkrantz gate 11 B, 3. et.

Postadresse: Ny Tid & Orientering AS, Pb 50 Økern, 0508 Oslo. Org.nr.: 995 498 480 MVA. Debatt: debatt@nytid.no.

Ny Tid følger Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Ansvarlig redaktør: Dag Herbjørnsrud. Epost: dag@nytid.no. Tlf.: +47 916 95 196.

Adm. direktør: Ramazan Ay. Epost: ramazanay@nytid.no. Tlf.: 22 40 18 87 +47 473 18 199.

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Ny Tid.

Utviklet av Renommé Communication