Ungdomspolitiske bloggere på Ny Tid

Folkekrav om folkerøysting

Kva har 70% av danskane, 70% av svenskane og 70% av britane til felles? Sikkert ganske mykje, men også at dei vil ha folkerøysting om EU sin Reformtraktat.

28.08.2007 12:26 – Av Tore Syvert Haga

I land etter land veks kravet om folkerøysting om EU sin Reformtraktat. I Danmark viser målingar at opp mot 70% av innbyggarane vil ha folkerøysting. Om det skulle bli utskrevet nyval i Danmark, vil fleire parti gjera dette kravet til ein del av sine valkampanjar.

I Sverige stør og opp mot 70% av innbyggarane kravet, saman med fleire opposisjonsparti. Her har og deler av parlamentsgruppa til regjeringspartiet Centerpartiet gjort opprør med Allianseregjeringa sin motstand mot folkerøysting. Centerpartiet i Sverige er, på tross av at det i namn og opphav liknar det norske, eit høgre-liberalt parti som på dei fleste felt er positive til utviklinga av EU.

Der den offentlege debatten om Reformtraktaten så langt har vore aller heitast, er i Storbritannia. Her stør begge dei to opposisjonspartia i parlamentet folkerøysting. Dei EU-elskande Liberaldemokratane og dei EU-kritiske Toryane står samla. 40 av Labour sine eigne representantar har og gjort opprør mot Brown sin feige avvisning av folkerøysting. Det same gjer den britiske fagrørsla, ein tradisjonell støttespelar for Brown og Labour. Målingar viser at ein av fire Labourveljarar vurderer å skifta parti om det ikkje blir folkerøysting.

For dei som vil bremsa den maktoverføringa til EU som reformtraktaten fører med seg, er den einaste strategien å kjempa for ei folkerøysting. Sjølv om folk flest i mange EU-land er kritiske til utviklinga av EU, er EU-motstanden i liten grad representert i dei styrande og dominerande parlamentspartia. Om det blir opp til parlamenta å ratifisera traktaten, vil han gli problemfritt gjennom. Blir det folkerøstingar derimot, er faren/sjansen for nei stor. For EU-skeptikarane er det difor viktig å kjempa for folkerøysting.

Men det er ikkje berre EU-skeptikarane som vil ha folkerøysting. Mange EU-tilhengarar vil også spør folket. Å halda ei folkeavrøysting om Reformtraktaten ville vera ein god måte å invitera EU-borgarane til debatt om kva slags EU ein vil ha. Når folk blir spurt, har dei ein tendens til å tenka seg om, og svara. Det såg me til dømes i Frankrike, som hadde folkerøysting om EU-grunnloven i 2005. Då låg bøker om EU-grunnloven på toppen av dei fleste bestseljarlistene. Valdeltakinga blei 70%, 10% høgare enn i nasjonale parlamentsval og nesten 30% høgare enn ved EU-parlamentsvalet i 2004.

EU slit med låg demokratisk legitimitet, og manglande folkeleg deltaking. Ein grunn til dette er den utbreidde apatien som pregar EU-sakar i mange land. Folk føler at EU ikkje lyttar til dei, og at EU er noko som ”berre skjer”, langt over hovuda på folk. Ein slags vond naturlov, som det ikkje går an å gjera noko med. At berre 45% brukte stemmeretten sin i sist EU-parlamentsval viser kor utbreidd denne apatien er.

For kvart einaste EU-parlamentsval, sidan det fyrste i 1979, har valdeltakinga gått ned. Kvar gong oppteljinga er avslutta, seier EU-toppane at dette er eit demokratisk problem, og at unionen skal skjerpa seg. Men lite skjer. Det einaste konkrete tiltaket for å betra kommunikasjonen med EU sine innbyggarar eg har sitt i det siste, er denne stusselege nye ”opplysningskanalen” på youtube – EU-tube.

Diverre ser det ikkje ut til at andre land enn Irland tek folket med på råd. Når alt kjem til alt er det viktigare for EU-eliten å trumfa gjennom viljen sin, enn å auka den demokratiske deltakinga. Dessutan er det farleg å spør folket om lov til å flytta meir makt til Brussel, det er jo ein stor fare for at dei seier nei

Siste saker

»
»
»
»
Vi tier ikke (02.02.2012)
»
»
Nobel-brevsjokket (01.02.2012)
»
»
Vraker advokat (27.01.2012)
»
»

Siste utgave

Forsiden på siste utgave av Ny Tid

Ny Tid nummer 5
03. februar-10. februar

I løssalg nå!

Bli abonnent!


Nettutgaven av Ny Tid publiserer fredager utdrag fra ukemagasinet. Få 3 uker gratis: Send sms m/ NTGRATIS til 2007.

Abonnement: Telefon: 22 40 18 80 (11-16). Fax: 22 40 18 81. Epost: abo@nytid.no. Besøksadresse: Rosenkrantz gate 11 B, 3. et.

Postadresse: Ny Tid & Orientering AS, Pb 50 Økern, 0508 Oslo. Org.nr.: 995 498 480 MVA. Debatt: debatt@nytid.no.

Ny Tid følger Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Ansvarlig redaktør: Dag Herbjørnsrud. Epost: dag@nytid.no. Tlf.: +47 916 95 196.

Adm. direktør: Ramazan Ay. Epost: ramazanay@nytid.no. Tlf.: 22 40 18 87 +47 473 18 199.

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Ny Tid.

Utviklet av Renommé Communication