Flyktningane Norge ikkje vil hjelpe der dei er

Lengst nord i Syria har terrorgruppa ISIS gått på det eine nederlaget etter det andre. Kurdiske forsvarsstyrker er på offensiven mot den nye ISIS-fascismen.

erlingfolkvord
Folkvord er politiker i partiet Rødt, og tidligere stortingsrepresentant.

Oktober 2014: Vi er ved den tyrkiske grensa, nokre hundre meter frå byen Kobanê, for å skaffe informasjon om den humanitære situasjonen i området. Vi ser ISIS-tanks rykke inn i dei austlege utkantane av byen. Vi ser rakettnedslaga som øydelegger og sett fyr på bygning etter bygning i sentrum. YPG og YPJ svarar med knitrande kalasjnikover. YPG er samlenamnet på dei kurdiske sjølvforsvarsstyrkane. YPJ er dei kvinnelege militæravdelingane som er særskild organisert.
Det er ein ulik kamp. Meryem Kobanê, leiaren for forsvarsstyrkane, kom med denne erklæringa 2. oktober, medan vi var utafor byen: «Vi skal yte motstand overalt og gjere Kobanê til eit helvete for ISIS!» Da var det vanskeleg å tru anna enn at ISIS ville erobre byen.
Slik gjekk det ikkje. 25. januar heiste forsvarsstyrkane sitt eige flagg på åsryggen utafor byen. Nokre veker seinare var ISIS-styrkane anten nedkjempa eller fordrivi frå heile Kobanê kanton. Men sigeren kosta dyrt. Det meste av byen var i ruinar.

I slutten av mai 2015 var vi ei veke i det frigjorte Kobanê. Før ISIS starta offensiven i september 2014, budde rundt 200 000 menneske i byen – litt fleire enn innbyggartalet i Trondheim. Å rusle rundt i det som ein gong var bygater, minte oss om bilete frå Finnmark og Nord-Troms etter øydeleggingane da dei tyske okkupasjonsstyrkene trekte seg tilbake. Nokre av kvartala var som foto frå delar av Hamburg etter den britiske og amerikanske teppebombinga i juli 1943. Den største skilnaden er kanskje at nesten alle sivile kom seg ut av Kobanê før ISIS rykka inn og okkuperte storparten av byen.
Ein del flyktningar har komi tilbake. 25 000 lever no i den øydelagte byen. I tillegg fekk vi opplyst at rundt 55 000 lever på landsbygda. Dei kan ikkje brødfø seg slik dei gjorde før krigen. Det fanst ikkje husdyr da dei kom heim igjen. Bøndene manglar maskiner, såkorn og det som elles må til for å produsere mat. Å hjelpe dei med dette kunne vori enkelt.
Å reparere øydelagte hus er og enkelt, viss du har materialar og verkty. Får dei slik hjelp, så vil mange reise heim frå overfylte flyktningeleirar i nabolanda. Kobanê-flyktningane er som andre flyktningar: Dei vil heim igjen og bygge opp igjen det livet dei hadde før.
Rojava er det kurdiske namnet på det sjølvstyrte området langs grensa mot Tyrkia. Her har tusentals ISIS-soldatar møtt døden i kampane mot motstandarane i YPG og YPJ, som er mykje lettare utrusta. Ei arabisk avdeling frå Den frie syriske hæren, Burkan al-Firat, har og deltatt i forsvaret og frigjeringa av byen Kobanê. Peshmerga frå Nord-Irak har og slåst mot ISIS i Kobane.
Midt i juni tvinga dei i tillegg ISIS til å trekke seg ut av Girê Spî, som er ein annan grenseby mot Tyrkia. Det arabiske namnet er Tal Abyad. Dermed mista ISIS ei av dei viktigaste forsyningslinene frå Tyrkia til ISIS-hovudstaden Raqqa, som ligg fem mil lenger sør. Vegen er no stengt for nye framandkrigarar til ISIS, og det er eit samanhengande frigjort område frå den irakiske grensa til Eufrat i vest.

Mor og dotter har henta «byggematerialar» i ruinane. Dei skal heim for å reparere det som før var ei leilighet.
Mor og dotter har henta «byggematerialar» i ruinane. Dei skal heim for å reparere det som før var ei leilighet.

USA-koalisjonen har gitt ei viss flystøtte til den kurdiske bakkekrigen mot ISIS. Amerikanske fly har og levert våpen og forsyningar med flydropp over Kobanê. Til samanlikning har statsminister Erna Solberg og andre europeiske statsleiarar vori passive. Både ho og utanriksminister Børge Brende har snudd seg vekk når regjeringa i Rojava har bede om humanitær hjelp. Norske Folkehjelp har gjort ein bra, men begrensa innsats – og betalt med eigne, innsamla pengar.
Rojava har sia 2012 vori det tryggaste området i Syria. Flyktningar har komi hit i hundretusental frå andre delar av landet. Midtausten er etnisk, kulturelt og religiøst som eit lappeteppe. Fleirtalet av befolkninga i Rojava er kurdarar. Men her finn vi og assyrarar, arabarar, armenarar, turkmenar, yezidiar og andre. Dei fleste er muslimar, men ulike kristne retningar er og godt representert, i tillegg til andre religionar. Sia 2012 har alle hatt same rettar, på tvers av religon, språk og kultur. Assyrisk er no eit av dei offisielle språka. Statsreligion finst ikkje. Regjeringa, bystyresmaktene og offentleg administrasjon er sekulære. Styringsorgana har ei sterk kvinnekvotering: Minst 40 prosent kvinner. I tillegg blir leiarverva delt mellom to personar, ei kvinne og ein mann. Vi besøkte det sjølvstyrte området for to år sia, og såg mange eksempel på at dette fungerte i praksis. Samtidig fekk vi vite at Rojava ikkje skal bli ein stat. Dei godtar statsgrensene i dagens Syria.

Lyst til å lese videre?

Logg inn eller registrer deg her

---
DEL

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here