|
|
|

Då Telenor blei delprivatisert i 1998 fekk den gamle monopolisten behalde det såkalla aksessnettet, dvs. dei fysiske kablane som går til kvar husstand. Dette var ein tabbe av dimmensjonar, for dette har gjort alle Telenor sine konkurrentar på tenesteproduksjon avhengig av å leige kapasitet på aksessnettet som Telenor eig.
Dermed har Telenor fått ein svulmande posisjon i den norske ekomsektoren.
Det er på tide at synda frå 1998 blir retta opp att. Aksessnettet bør skiljast ut frå Telenor sin øvrige verksemd, slik at konkurransen blir reell. I våre naboland er splitting av gamle telemonopol hyperaktuelt.
I Sverige (http://www.idg.no/bransje/bransjenyheter/article57236.ece ) har det svenske Post- og Teletilsynet nyleg anbefalt regjeringa å skilje ut aksessnettet frå den gamle monopolisten TeliaSondera sin øvrige verksemd. Målet er å sikre eit eigarskap av aksessnettet som behandlar alle aktørar likt. Dei danske telemyndigheitene (http://www.digi.no/php/art.php?id=386899 ) følgjer etter og vil gjennomføre eit liknande skilje av TDC, som er den tidlegare danske telemonopolisten.
Ein burde kanskje ha splitta Telenor i tusen biter for å betre konkurransen, men eg nøyer meg førebels med å foreslå å splitte Telenor i to selskapar. Eit selskap som styrer infrastruktur (eller aksessnettet) og som sikrar alle aktørar like vilkår, og eit selskap som levere tenester i fri konkurrane med andre selskap.

Trond Giske representerer en eierstyring på avveie hvis han forsøker å regulere det Helge Lund skal kunne mene om oljeboring i Lofoten. Toppsjefer skal ikke la seg disiplinere av politikere, skriver redaktør Magne Lerø.
Les mer© Ukeavisen Ledelse, Ad Fontes Medier AS 2009 – ISSN 1891-2028
TELEFON Redaksjon: 22 31 02 10 – Abonnementsservice: 22 31 03 40