tore_syvert_haga.jpg

EU sett frå Afrika

Av Tore Syvert Haga — 12.05.2009 11:31

Fleire afrikanske land nektar å signere nye frihandelsavtalar med EU.

Når ein høyrer norske ja-folk, kan ein få inntrykk av at EU er ei snill, vennleg kjempe som bruker musklane sine til å hjelpa dei som ligg nede. Eg trur det ser litt annleis ut frå Afrika.

I den globale handelspolitikken er det mange forkortingar med langtrekkande verknadar. Dei fleste har vel høyrt om WTO og IMF. Dei siste åra har GATS blitt eit stadig meir brukt omgrep. I mange afrikanske land er ein no sterkt oppteken av EPA, Europeiske Partnarskapsavtalar. Dette har ikkje noko å gjera med einkjønna ekteskap eller den slags, snarare er det tale om eit slags økonomisk tvangsekteskap mellom EU og ulike ACP-land. ACP står for Land frå Afrika, Karibia eller Stillehavet, og er ei samlenemning for 78 tidlegare koloniar av EU-land.

Tidlegare var handelstilhøvet mellom desse EU og ACP regulert gjennom Lomè og Cotonu-avtalen. Desse avtalane ga ACP-landa nulltoll inn til den store og viktige EU-marknaden, vel å merka for råvarer. I tillegg forplikta EU seg til å gje ein del bistand. Vidare inneheldt avtalane dei klassiske tolltrappene, jo meir avansert (og verdifullt) eit produkt er, jo høgare toll. Dette gjorde det vanskeleg for u-land å industrialisera seg, sidan tolla på industrivarer var langt høgare enn om råvarene blei eksportert uforedla. Dei einaste landa som har hatt tollfri tilgong til EU-marknaden har vore dei 49 fattigaste, som så langt har hatt lite å eksportera.

No er Cotonu-avtalen utgått på dato, og skal altså erstattast med EPA. Desse avtalane er gjensidige. Det vil sei at dei opnar opp begge vegar. EU skal fjerna tollen på ein del varer frå u-landa, og u-landa skal fjerna all toll og alle handelshinder mot EU.

Kva vil det sei? Det blir vanskelegare for utviklingsland å bygga opp ein konkurransedyktig industrisektor eller tenestesektor. I dag har mange land reglar som seier at utanlandske bedrifter som etablerer seg må bruka lokale underleverandørar. Eller ein krev at utanlandske hotellkjeder som etablerer filialar i eit land skal bruka lokalt tilsette i leiarposisjonar, ikkje berre som kelnarar eller stuepiker.

Berre det å fjerna all toll på matvarer frå EU til u-land vil kunne ha drastiske verknadar. Så lenge EU subsidierer matvarer både for eigenproduksjon og for eksport, vil dei lett slå ut dei fleste lokale produsentar. I dag finn du mykje kylling frå EU i butikkhyllene i Ghana. Ikkje fordi ein ikkje kan laga kylling i Ghana, men fordi EU sin er billigare. Resultatet blir at den lokale produsenten blir utkonkurrert, og arbeidsplassane hamnar i EU.

Eg trur at både «total proteksjonisme» og «fri flyt» er feilgrep i utviklingspolitikken. Investeringar frå rike land kan hjelpa u-land, men berre om dei sjølve får regulera marknadane på måtar som sikrar lokale arbeidsplassar, teknologioverføring og utvikling av eige næringsliv. Det var denne type reguleringar som gjorde Noreg til eit rikt land, gjennom at innkomene frå olja og vasskrafta kom fellesskapet til gode.

I mange land har EPA møtt stor motstand, og mange land, serleg i Afrika, har nekta å signera. ActionAid og FoodFirst Information and Action Network (FIAN) kritiserar at EU trugar med å kutta bistanden om ikkje ACP-landa skriv under EPA-avtala.

- EU-kommisjonen tar i med politiske jerngrep for at pressa dei afrikanske landa til å godta handelsavtalar som kjem til å undergrava retten til mat, seier Bibiane Mbaye, ActionAid, til nyhetsbyrået IPS.

Verktøy:
Utskrift
Tips en venn
Søk på ukeavisenledelse.no:
Redaktørens mening
14.06.2010 09:34

Giskes meningsregulering

Trond Giske representerer en eierstyring på avveie hvis han forsøker å regulere det Helge Lund skal kunne mene om oljeboring i Lofoten. Toppsjefer skal ikke la seg disiplinere av politikere, skriver redaktør Magne Lerø.

Les mer

»
Kapitalist Spetalen synger ut (11.06.2010 09:32)
»
Helsesprik i Ap (10.06.2010 08:38)

Siste Ungdomspolitiske blogg

»
Vår ven, euroen? (12.05.2009 11:31)
»
Godt nytt år? (12.05.2009 11:31)
»
Veto mot tjenestedirektivet (12.05.2009 11:31)
»
Veto mot Teneste­direktivet? (12.05.2009 11:31)
»
Kontingent i støpeskjeen (12.05.2009 11:31)

Mest lest i dag

Siste kommentarer

Mest kommentert

Mest tipset

Ungdomspolitiske bloggere

kjell_inge_ropstad.jpg

Kjell Ingolf Ropstad

Leder av Kristelig Folkepartis Ungdom.
Les KrFUs blogg her.

ove-a.-vanebo.jpg

Ove A. Vanebo

Leder av Fremskrittspartiets Ungdom.
Les FrPUs blogg her.

mali-steiro-tronsmoen.jpg

Mali Steiro Tronsmoen

Leder av Sosialistisk Ungdom.
Les SUs blogg her.

Siste nytt fra vl.no

Arkiv Ledertips

© Ukeavisen Ledelse, Ad Fontes Medier AS 2009 – ISSN 1891-2028

TELEFON Redaksjon: 22 31 02 10 – Abonnementsservice: 22 31 03 40